Marja Mortensson, Daniel Herskedal & Trondheimsolistene + Broen - Oslo World, 30. oktober 2019

Sørsamisk natur og Broen på 11

Marja Mortensson formidla naturen på sitt sørsamiske språk – det kling rikt i Daniel Herskedal si verd. Etter meditasjonen på Cosmopolite får vi danse med Broen på Blå – slike festivalar!

Det er ei sakral stemning over lydbiletet som varmar Cosmopolite. Koralar spelt varsamt av strykarar. Ein varm, djup tuba og ei sår, nær stemme. Marja Mortensson frå Engerdal, sør i Femundsmarka. Ho vann Spellemannspris for debutplata Mojhtestasse – Cultural Heirlooms i fjor, og kom tidlegare i år ut med plata Klarvær med gruppa Moenje. På Oslo World slepte ho saman med Daniel Herskedal plata Lååje.

Gjennom desse har vi blitt kjent med Marja Mortensson si heilt unike stemme. Ho formidlar ei heil verd gjennom stemmeklangen, men språket spelar ei vel så viktig rolle i denne musikken. Det sørsamiske språket Mortensson syng på har eit rikt språk for natur, fortalde ho. Det er kanskje også grunnen til at det passar så godt til musikk. Huff – no vil ikkje eg vere med på romantisering og eksotisisme av typen “spansk er eit så mykje meir musikalsk språk”. Poenget er at det heilt klart er lydar i det det Mortensson syng som opnar opp for ein heilt annan musikk enn andre språk. Språket er ein uhyre viktig del av det musikalske uttrykket her.

Marja Mortensson, Daniel Herskedal & Trondheimsolistene på Cosmopolite. Foto: Darja Olsevskaja /Oslo World

Daniel Herskedal har arrangert songane, men også delvis komponert saman med Mortensson. I arrangementa har han nytta seg av nokre enormt kjenslefulle harmoniar som eg fort assosierer til alt frå Vivaldi til den amerikanske komponisten John Luther Adams. Mata gjennom det deilige klangbiletet strykekvartett og tuba, er det lett å finne roa. Høyr for eksempel på “Piere Åvla” – den duren inn i der, eller kva? Den sit.

Kvartetten frå Trondheimsolistene, er essensielle – det kunne ikkje vore kven som helst. Bratsjist Bergmund Waal Skarslien er ein framifrå solist som får plass fleire gongar i løpet av konserten og med orientalske skalaer som tilfører ein ekstra dimensjon.

Men det er også ting som ikkje fungerer like godt i arrangementa. Inn i mellom blir det litt for banale riff, som for eksempel på hakkespett-joiken “Tjájhnie”. Det dreg det som var ein meditativ repetisjon ned til ein noko kjedsommeleg repetisjon. I joiken ligg denne repetisjonen naturleg, som Marja sa – det kan holde på heile kvelden. Då kan det opplevast som eit litt for enkelt val å berre understreke denne kvaliteten. Eg skulle ynskje Herskedal oftare prøvde å lytte frå fleire vinklar.

Rot på den gode og dårlege måten
Do you see the falling leaves som kom i for knappe to veker sidan, er ein draum av ei plate spør du meg. Plata er på mange måtar dei kjekkaste elementa ved Broen tatt eit knepp vidare – Broen skrudd opp til 11. Det er dansbart, tøft, skittent, vittig, reint, hardt, mjukt.


Marianna Sangita Angeletaki Røe og Broen på Blå. Foto: Lars Opstad/Oslo World

Anja Lauvdal sine kompromisslause riff, harmoniar og synthlydar er avgjerande. Kombinert med Lars Ove Fossheim med det skarpaste innan telecaster frå dei siste fire tiår. Broen er fullstappa med popmusikk av alle slag, men dei har alle med seg ein jazzetikk der musikalsk motstand er ei dyd.

Rotet er ein spesielt deilig del av uttrykket til Broen. Det gjer det organisk, det tilfører nettopp motstand i musikken. Men på konserten på Blå er lyden også rar og rotete – det er ikkje like deilig. Eg flyttar meg mellom tre-fire plassar i lokalet, men konkluderer med at det er eit eller anna rart. Synthen er plutselig alt for lav, gitaren er aleine, trommene let som dei er langt vekke. Det heng liksom ikkje saman. Dette gjer at dei skarpe, tighte eller samla, mjuke lydane som er viktige for uttrykket til Broen, fell gjennom.

Eg har ein mistanke om at dette også er grunnen til at publikum på Blå ikkje heilt let seg rive med. Heldigvis tek dette seg opp i løpet av konserten, mykje takka vere musikkviljen til desse musikarane – dei elskar å spele!

Broen har i løpet av sine tre plater bygd allereie bygd opp ein ganske så fyldig hit-katalog, som ger at dei kan få publikum til å juble i det dei høyrer synthen gli opp til starten på “You (Detective)”. På Do You See The Falling Leaves får vi fleire. “Dorian Grays”, “Bring it closer”, som for kvelden får ein ekstra lang og deilig intro der det deilige nittitalshouse-riffet til Anja får skinne lenge – la oss få en House-remix. Og ikkje minst “Lines” med eit gitarriff som er som sampla ut japansk 60-talsfunk. Ser lett for meg Coen-brørne eller Tarantino bruke den.

Men høgdepunktet “Fly”, frå 2015-plata Yoga, i munnharpe-remix – haha, for ein dans!

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Country & Vosstern

Vi ser frem mot Vossa Jazz med Hanna Paulsberg og Ingrid Steinkopf, graver i en viss type roots-groove og lytter til Per Texas.

Meld deg på vårt nyhetsbrev