José James - Cosmopolite Scene, 19. november 2017

Skuffande jubileumsfinale

José James har mykje å finne ut av, men kunne også fått tildelt betre kort av jubilanten Cosmopolite.

Jubilanten Cosmopolite Scene avslutta ei variert rekkje med jubileumskonsertar med å presentere r’n’b- og jazz-smørsongaren José James til eit Oslo-publikum for første gong. James har ei svært variert samansetting som artist, både i form av ei salig blanding av hip-hip, soul, r’n’b og jazz, og eit ganske sprikande uttrykk frå plate til plate. Med andre ord passar han godt til Cosmopolite.

Anten det er sine eigen tilbakelente soulmusikk på album som Blackmagic og No Beginning No End eller kvalitetsjazz på Billie Holiday hyllesten Yesterday I Had The Blues har dei fleste utgjevingane til James ein ganske solid kvalitet. På Cosmopolite laurdag kveld verka det som han ikkje visste kvar han skulle ta fatt, og han kom seg eigentleg ingen veg heller. Kvaliteten på han og bandet levde ikkje opp til det du kan høyre av han på plate.

Etter å brent opp to av sine sterkaste «hits» i «All Over Your Body» og «Save Your Love For Me», i eit alt for hastig og masete uttrykk, heilt i starten, lurte eg veldig på kvar og korleis han skulle ta dette vidare. Han byrja med å ta tak i dei litt dårlege korta han hadde fått tildelt av arrangøren, der stolar og bord var spreidt utover salen som heller burde hatt ståplassar. James tok seg ein tur blant publikum, før han også fekk dei til å trekke nærmare scena (men dei sat framleis).

Så kom ei rotete rekke cover, som inkluderte både David Bowie’s «The Man Who Sold The World» (kanskje meir likt Nirvana sin versjon) og rapgruppa Dead Prez sin «Hip Hop». Noko av det som faktisk fungerte toleleg bra var kanskje improvisasjon og freestyle over basslinja mest kjend frå «Sucka Nigga» av A Tribe Called Quest (som har sampla den frå Jack Wilkins), men samtidig var dette eit ganske anonymt band som henta lite energi frå kvarandre, og i dei fleste andre samanhengar ville dette neppe vore eit høgdepunkt.

Under Bowie-coveren blei det som først var eit heiderleg forsøk på å ta litt kontroll på publikumssituasjonen til ein lite tiltalande desperasjon etter stadfesting, då han klaga på at publikum såg ut til å kjede seg og at han trengte meir tilbakemelding frå dei. Publikum spelte med og røyste seg, men blei framleis forhindra av stolar og bord i å lage ein skikkeleg fest. Uansett var framtoninga frå hovudpersonen ikkje så artig lengre.

Dette var diverre ikkje ei verdig avslutting på Cosmopolite si jubileumsrekke. José James har ein heil del å finne ut av, og eg vonar han ryddar opp i sitt eige hovud før han eventuelt kjem tilbake til byen.

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev