Erlend Skomsvoll - Oslo Jazzfestival 18. august 2018

Skomsvollismer

Dei siste åra har vi fått høyre Erlend Skomsvoll med store orkester – Chick Corea og Trondheim Jazzorkester eller Come Shine. Det er på tide vi får litt aleinetid med han – i går slapp han soloplata Leken/Playful på Oslojazz’ siste dag.

Det meste av Leken vart til i Glasshytta på Blåfarveverket. Det er lett å vere med på bileta i titlane. “Vandresang”. “Ælvesang 1” og “Ælvesang 2”. Det lét slik. Når du seier det. Leken har ikkje ei storform. Det er miniatyrar. Små frimerker. Nokre av miniatyrane sluttar rart, på ein bra måte – “kladagung”. På same måte som han kastar noten bak seg. Dette er eit godt grep. Lerretet er bleika og lyttaren blir opne for neste miniatyr.

Skomsvoll er ein meister på å lage nye originalkomposisjonar ut av utbrukte standardlåtar – berre høyr på Come Shine. På Leken får vi mellom anna “Hade sorg” og “Alle de tinga” – gjett på jazz! Vi har melodien inn i oss medan reharmoniseringane og ornamenta til Skomsvoll blir lykkepillar. Ikkje gladjazz, men smilejazz kanskje.
“Svanen” er ei av dei finaste stykka. Det er kort, men sit i lenge. Ein klang blir lagt. Så – heilt stille. Ny klang. Stille. Dei tonane som blir aksentuert blir som svømmetak i eit stille vatn for svanen. “Så kan dere velge om den svanen skal være hvit eller lilla.”
Bassist Ole Morten Vågan snik seg opp på scena og sleng seg på “Åmot Brlues”. Dei to har spelt mykje i lag opp igjennom og har mykje av same haldninga. Dei er handverkarar med meisterbrev. Overskot. Men dei heller vil leike med lego enn å snekre møblar. Og så må eg få trekke fram Vågan sitt kor på “Ode til stille fugler”. Basskor som spontankomposisjon.
“Minelismer” er ei ode til den polske komponisten Krzysztof Komeda. Enkle linjer og akkordar blir spegla. Og vi høyrer godt kva som er Skomsvollismer.
“Bukkenikkenei” – Hurra for deg, du som sit der aleine på bursdagen din – her får du ein melankolsk fransk vals å gråte til.

Tidlegare på dagen hadde Siril Malmedal Hauge sunge med prosjektet Lillebror – Prøysentolkingar. Prøysen er norske standardlåtar godt som noko, meiner Skomsvoll og inviterer Malmedal Hauge på scena. “Steinrøysa neri bakken” lét som steinrøysa neri New Orleans med kompet til Vågan. Skomsvoll har rett.
Men Malmedal Hauge si stemme får skinne mest på ordlause “Menuett” – eit magisk lite stykke Skomsvoll skreiv til Vossajazz-tingingsverket Musikk i 2002 – plukk fram plata Variasjoner frå 2006 der du kan høyre stykket med strykekvartett. På Leken heiter den “Salme i Gm”. No ynskjer vi oss berre innspeling av trioversjonen med Malmedal Hauge og Vågan som vi fekk denne kvelden. Drøymande vakkert!

Skomsvoll ville vise mykje denne kvelden. Frå den polske komponisten Krzysztof Komeda til Prøysen til kortfilmen Bokstrekmannen. Etter kvart som konserten nærma seg ein og ein halvtime, opplevde eg heilheita som litt sprikande. Isolert sett var det fine ting alt saman, men det kjentes ut som vi høyrde eit par konsertar på ein gong. Tenk hadde vi heller fått ein solokonsert og ein triokonsert!

Fra forsiden

JAZZPROFILEN

Kaffeslabberas hos Jazzfluenseren

JAZZPROFILEN: - Det er jo helt fascinerende hva folk driver på med, og hva slags tanker de har om sin utøving. Alle har jo sin egen måte å tråkle seg gjennom kunstnerskapet sitt, forteller den selvutnevnte jazzfluenseren Jørn Erik Ahlsen Alkanger. Ved et lite kjøkkenbord på Nesodden samtaler han med andre musikere om kunsten og om livet, som publiseres annenhver uke i podkast-serien Jazzfluenseren.

Nyhet

Over 60 musikkaktører har signert opprop mot NRK

NRK har varslet store endringer i musikktilbudet, og musikklivet er bekymret for om NRK ivaretar sitt samfunnsoppdrag. Over 60 musikkaktører inkludert Den Norske Opera & Ballett, Dirigentløftet, Creo, Norsk jazzforum og Norges Musikkorps Forbund har nå signert et opprop mot endringene.

Meld deg på vårt nyhetsbrev