The Young Mothers - Nasjonal jazzscene, Victoria, 22. okt. 2016

Sjangerakrobatisk festkveld

KONSERT: Ingebrigt Håker Flaten og hans vener i The Young Mothers har eit overskot av bode energi og idear, i eit band der ingen står på bremsa.

Jazzen er utan tvil ein fleksibel og elastisk materie, og som regel er det anten musikarane sjølve eller krefter utanfrå, som til dømes publikum, som skapar avgrensingar for kva ein kan få ut av musikken. Når bassist Ingebrigt Håker Flaten har sett saman sitt Austin-band har han heilt tydeleg hatt fokus på moglegheiter og ikkje grenser.

Ein kunne sjå det med ein gang dei gjekk på scena på Nasjonal Jazzscene laurdag: Dette er ein både eklektisk og eksentrisk gjeng. Med den rufsete gitaristen Jonathan Horne til høgre i ei kledeleg køntriskjorte, ved sidan av rappar og trompetist Jawwaad Taylor i ei enkel kvit t-skjorte, sneakers og hip cap var stilblandinga allereie visuelt representert. Enda sprøare blei det med den tilsynelatande streite saxofonisten som rakrygga hadde gått for cookie monster-t-skjorte og ikkje minst vibrafonist, trommeslagar og vokalist Stefan Gonzales med tynt, langt hår og skinnvest (!), som sendte tankane mine rett heim til dei argaste rånarane på sunnmøre.

I det Gonzales og resten av bandet byrja med forsiktig og følande fri-impro tenkte eg at dette var drummer at the wrong gighumor tatt til ein heilt anna dimensjon. Men etter nokre minutt med The Young Mothers er det eklektiske så etablert at alle fordommar og mentale sperrer ein måtte ha blir lagt langt, langt vekk. Gjennom om lag nitti minutt på Victoria gjekk bandet ganske greit frå låt til låt med rufsete, saumlause overgangar. Låtane spenner frå meir kjende frijazz-uttrykk, via feit og lumsk rap til drivande rock og brutal, hardcore punk.

The Young Mothers: Jawwaad Taylor – trompet, vokal, Jason Jackson – saksofon, Jonathan Horne – gitar, Ingebrigt Håker Flaten – bass, Stefan Gonzalez – trommer, vibrafon, vokal, Francisco Rosaly – trommer. (foto: Olav Opsvik)
The Young Mothers: Jawwaad Taylor – trompet, vokal, Jason Jackson – saksofon, Jonathan Horne – gitar, Ingebrigt Håker Flaten – bass, Stefan Gonzalez – trommer, vibrafon, vokal, Francisco Rosaly – trommer. (foto: Olav Opsvik)

Internt i gruppa representerer enkelte nokre stilretningar sterkare enn andre, der kanskje Taylor som rap-artist står for ein sjanger-representasjon heilt åleine. Derfor kjennest det riktig at rap-elementet ikkje var meir dominerande enn til dømes screamo-vokalen til Gonzales. Dei mest morosamme låtane, som til dømes «Wells, the original», legg bandet dei ulike stiluttrykka over kvarandre lagvis, med jazza blåsearr over oppjaga, punkete trommer og sløy rap.

På mange måtar frontar The Young Mothers ei sjangertilnærming eg gjerne ser meir av: Sjanger og stil fungerer som referansepunkt og språkleg verkty for å skildre element i musikken, men skapar ikkje grenser for kreativiteten og samspelet. For det som kanskje er mest imponerande med denne gruppa er at til trass for sjangerakrobatikken og ein enorm driv og energi, så fekk gruppa det heile til å henge fint saman, tilsynelatande uanstrengt.

Slik blir den konstante framdrifta, energien og det vanvittig intense samspelet det berande og grunnleggande elementet, i mykje større grad enn dei ukonvensjonelle stilbrytingane- og blandingane. Slik skapar The Young Mothers ein salig musikkfest, meir enn noko anna, og betre enn dei fleste.

Olav Opsvik

Ingebrigt Håker Flaten og The Young Mothers byrja sin norgesturné på Nasjonal jazzscene laurdag 22. oktober. Utover veka går turnéen vidare til Kongsberg, Trondheim og Bergen.

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev