Oslo Jazzfestival 2018, fredag 17. august

Rørande leikent og nøkternt majestetisk

Fredagen på Oslojazz var ein musikalsk teslaspole – musikken lever sitt eige liv med desse musikarane.

Ein av årets vakraste plater kom frå Jakob Bro, Returnings. No skulle vi få vere med inn i musikken. Når fersk Ella-prisvinnar, trommegud Jon Christensen, set seg bak trommesettet og spelar på cymbalane, opnar han øyrene våre for musikken som allereie var der. Slik regnver startar – gradvis, sakte, men kvar einskild regndråpe er bestemt – slik startar musikken og slik held han fram. Ein og ein tone frå bassist Thomas Morgan og gitarist Jakob Bro. Musikken kom liksom aldri i gong, men var heile tida i rørsle. Ytst merkverdig. Det handlar om timing. Det er ein timing du kan stille klokka etter. Christensen har eit soloparti der han etterkvart spelar i lufta, så er han borti trommesettet innimellom – til heilt rett tid kvar gong.
Melodiane og harmoniseringane til Bro er sterke. Det gjer at musikarane berre treng å vere innom for å uttrykke meininga med låtane. Måten dei nærmar seg musikken er barnleg nysgjerrig og upretensiøs. Slik får alvoret i musikken ei kjerne. Palle Mikkelborg går rundt på scena som ein trollmann med lurt smil – limer seg på dei andre. “Youth” av Mikkelborg avsluttar konserten. Palle går bort til Jon, står bak trommesettet. Som to rampete gutungar med fyrstikkøskja spelte dei livlig opp mot det vesle bittersøte temaet frå Bro og Morgan. Eit sterkt musikalsk augeblikk. Det var som om musikken var i rommet frå før denne kvelden – musikarane berre lyste han opp.

Leiken og nysgjerrig er ei minst like god skildring av neste artist – Kaada. John Erik Kaada har óg ei like fersk og sterk plate bak seg – Closing Statements. Kaada snakkar om å “programmere” musikk. Denne kvelden bestemte han seg for å legge igjen laptopen heime. Dei ulike synthane og boksane han har teke med på scena ved flygelet presenterer han kort for publikum før konserten. Full transparency.
Den musikalske plastelinaen til Kaada er alt frå aust-europeiske sørgesongar til supernintendo. Jazzspråk er det lite av, men likevel fins spontaniteten, frisinnet og leiken til jazzen. “Snedig. Nå gikk applausen inn i loopen så det høres ut som vinylknitring”. Så set han i gang med “Smiger”, opningslåta på Music for Moviebikers, på sitt syntetiske bedehusorgel – berre at bedehuset er opp ned. Det er naivistiske strekteikningar, kvar gong med eit eller anna heilt “feil”. Lærerikt absurd.

“The Third Script” vart nominert til Spellemann i kategorien opa klasse i år. Kontra- og moogbassist Jo Berger Myhre med islandske Ólafur Björn Ólafsson på synth og trommer. Denne konserten utviklar seg over lang tid. Sakte og stort. Det er nøkternt, noko dei tek med seg inn i det episk store. Lyden er særs viktig for dette uttrykket. Det er heilt genialt kor crispy kontrabassen lét når Berger Myhre spelar melodiar. Melodiane vert nære og intime medan lydlandskapet rundt er eit majestetisk fjellandskap på ein annan planet.
Saka held fram under bildet.

Jo Berger Myhre & Ólafur Björn Ólafsson (foto: Egil Austrheim/Oslo Jazzfestival)

Etter eit velkommen og “no kjem siste låt” i eitt, avsluttar duoen med “1000%”. Ein ekte “banger” som opnar med det som må vere den mest brutale basslyden på år og dag. Det er Batman på bass! Ólafsson og Berger Myhre har visjonar i denne musikken. Størst blir musikken når eg lét att augo. Den hadde fortent ei større scene, altså fysisk større. Med gjennomtenkt lysdesign. Gymsalen på Sentralen blir eit litt for keisamt rom. Men hjelpes, for ein stor musikk!

I dag, laurdag, er siste sjansen til å få med deg årets Oslojazz. Agbaland, Arild Andersen Solo, 1816, Erlend Skomsvoll. Du bør uansett oppleve å vandre omkring i jungelen av god musikk på Sentralen. Gå innom Vinterhagen og Nordic Showcase-programmet – Bangkok Lingo kokte over i går og i dag kan du mellom anna høyre årets Jazzintro-vinnarar I Like To Sleep!

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Panikk i gavedisken

Gjør gaveinnspurten lettere med vår store spesial, hvor Jazznytts skribenter kommer med sine tips fra jazzen og omegnen!

Nyhet

Halvannen million til Nordnorsk Jazzensemble

Nordnorsk Jazzensemble er tildelt 1,5 millioner kroner fra Samfunnsløftet, Sparebank1 Nord-Norge. - Dette gjør at vi nå kan utvikle nye prosjekter, sier en svært glad daglig leder i Nordnorsk jazzsenter, Ulla-Stina Wiland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev