AOJO - Akershus og Oslo ungdomsjazzorkester - Nasjonal jazzscene, 14. juni 2019

Plateslepp med AOJO: å spele saman – som seg sjølv

AOJO og Øvre Foss Storband slapp debutplata Oasis of Bad Vibes på Victoria på fredag. Ei overdose av talent, musikalitet, leiken energi og lyd – men dette var inga juniorklasse.

Eg må eigentleg skrive med to vinklingar her. Den eine handlar om kor fantastisk tilbodet Akershus og Oslo Ungdomsjazzorkester er for unge musikar, og den andre handlar om kor bra fredagens tre timar lange platesleppkonsert var reint musikalsk – uavhengig av alder.

AOJO består av musikarar i alderen 14 til 20 år. Unike musikarar. Før konserten var det også premiere på ein strålande dokumentarfilm om AOJO laga av Torgrim Sollid og Morten Thomte, Om å spille sammen – som seg selv. Tittelen er ei presis skildring av kva som er nøkkelen til suksessen til AOJO.
Orkesteret er under stødig leiing av kraftverket Shannon Mowday som også har skrive det meste av musikken. I filmen fortel ho at ho ville lage “a playground” – ei leikegrind for musikarane, og at kvar einskilde musikar sin identitet skal skine gjennom i musikken. “To catch the spirits of each new member and band”.
I filmen peikar saksofonist og trekkspelar Jenny Frøysa på verdien eit slikt organisert ensemble kan ha med tanke på å bryte med inngrodde mønster og utfordringar i det norske jazzmiljøet – som kjønnsbalanse. Ho trekk fram korleis Mowday krev at alle tek plass. Det er så viktig! Kjem du inn i eit slikt orkester i ein alder av 14 år, er det så naturleg for deg å ta plass, også når du er ute i jazzjungelen med dine eigne prosjekt.

Årets utgåve av AOJO. Foto: Torkjell Hovland

Det er årets utgåve av AOJO (18/19) som har første sett. Haka slepp tidleg. Det er jo syltight! Gjennom leiken kompleksitet syner dei unge musikarane eit overskot som gjer alderen irrelevant. Vi får ei låt komponert av fiolinist Ellie Mäkelä som er inspirert av japansk pop og folkemusikk, akkurat slik let det også. Det er tidleg klart at her er det musikarar som har heilt nye ting å melde.

Mowday har arrangert Arild Andersens “Vanishing Waltz” og vridd inn og ut på låta. Her får vi ein intro av dei to bassistane Mikkel Bjørneboe Brændsrød og Gard Kronborg som hadde varma basslegenden. Kronborg spelar noko sopass sjeldant som fretless bass, og eg må seie at eg ikkje kan hugse at nokon har fått det til å låte så smakfullt dei siste 30 åra. Kanskje er fretlessen tilbake for alvor?

Eg overhøyrde nokre musikarar i salen som sat klar for å notere seg kven dei skulle spørje om å vere med på sitt neste prosjekt, men dei gav opp – lista vart for lang. Kvar nye solist baud på særeigen sound. Berre tenk kva vi har i vente!

Det er langt i frå noko pedagogisk lagt opp repertoar. Det er så komplekst at for å seie det med tenorsaksofonist Zakarias Meyer Øverlis ord: “om du logger av for et lite sekund, kan du falle helt av.” Grunnen til at dette i det heile er gjennomførleg, ligg nok i den energiske dirigeringa til Mowday som er umogleg å mistolke. “Close Shave”, som vi også finn på plata, må vokalist Ingeborg Gravem Sollid trekkast spesielt fram. Hennar stemme på toppen av dei tette klangane får meg til å tenkje på Norma Winstones melodiar på Kenny Wheelers Music for Large Ensemble.

På “En stor pizza og cola” (Inspirert av Astor Piazolla, blunkefjes) får vi ein magisk intro av Jenny Frøysa og Ola Erlien på akustisk django-gitar. Frøysa spelar forresten hovudsakleg barytonsaksofon i ensemblet. Og Erlien spelar piano. Altså, kva er det slags gryte denne generasjonen datt ned i? No har dei i tillegg bada i gryta OAJO – kjensla av å stå i eit så stort ensemble, ein så stor lyd og vere heilt hypnotisert av kompleksiteten og kjenne på suggereringa i den skakke grooven – det er klart ein får kick!

Kvelden vart avslutta med kolossen AOJO saman med Øvre Foss Storband, som saman også utgjer andre halvdel av plata. Scena var fylt til randen. No hadde alle funne roa på scena. No var det verkeleg ei leikegrind – solistane tok fyr på det som kanskje var kveldens høgdepunkt; tittellåta “Oasis of bad vibes”! Denne vart opna med perkussivt fløytespel frå Ingrid Emmariza Aarskog, tatt vidare av trombonist Jørgen Bjelkerud og gitarist Iver Christopher Cardas. For ein energi!

Og ein viktig, heilt sentral ting – det var organisk. DET er ikkje berre berre i eit så stort ensemble. Det handlar nettopp om å vere seg sjølv gjennom kvarandre – ubuntu. Det er heilt logisk at det også slik blir det beste musikalske resultatet.

Denne kvelden vart for meg ei overdose av talent, nye fjes, lydar, energi. No er eg mest oppteken av å ikkje gå glipp av det desse musikarane finn på av prosjekt framover. Send ein e-post om alt de finn på, lag ei mailingliste, eit eller anna – eg meinar det.

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev