Serendipfestivalen - Kulturhuset, Oslo, 15. februar 2019

Oslos hippaste festival

Serendip kallar seg “Oslos hippeste festival” – det stemmer! Her får du sjå det hippaste før alle andre har skjønt det!

Jazzstudentane sin festival vart arrangert for ente gong i år. Om ein såg godt etter, kunne ein spotte nokre av serendip-pionerane i publikum i går. – Er det ikke flere på vår alder? Dårlig ass. Det var flest studentar i publikum, men det virka likevel ikkje internt. Kulturhuset er perfekt for gratisfestivalen. Der får dei det jamne innsiget frå folk som eigentleg berre skulle ta ei øl. Men så får dei kanskje ei utilsikta oppdaging, ei positiv overrasking i søket etter noko anna – serendipitet (Ja, Wikipedia).

Med dei korte konsertane på rundt ein halvtime kvar, kunne formatet nesten minne om ei slags bransjefestival. Berre utan alle bookingagentane og samtalane om korleis musikkbransjen møter det faktum at Svindal har lagt opp eller at skiføret har tapt seg siste åra. Serendip er ein situasjon med lite press der det blir eksperimentert og prøvd ut – eit besøk på øverommet.

Dei sjelene som møtte opp i gryotta, klokka tre, vart vekka med ein sterk kaffikopp frå noisepop-truppen Kaare Wildkock. Dei undersøkte nemleg “de nærliggende forbindelsene mellom noise og pop”. Som eg skulle sagt det sjølv – to sider av same sak! Neida (joda). Mellom støytubaen frå Magnus Breivik Løseth, kom Mall Girl-gitarist Iver Armand Tandsether med “Tears in heaven”, “Mamma Mia” og eit tema frå Stranger Things (Var ikkje det denne, tru?). Mamma Mia fekk til og med dans. Vi lo. Trommeslagar Vegard Staum kan forresten slå frå seg – eg likte dynamikken i det hektiske spelet!
Ein dadaistisk trio? Køddistisk, iallefall! Eg har lyst å seie den barnslege lillebroren til Bendik Giske.

Azungu Afrodite påstår at dei eigentleg er mest inspirert av alt for mange timar på NRK Nett-tv med søkeordet “jazz”. Det har vorte laidback greier! Over mjuk vispgroove og 808-basstromme, mjuk synthbass frå Kai Von Der Lippe, mjukmoog-gitar frå Torstein Slåen og kongen av mjuk Lyder Øvreås Røed på flygelhorn flaug dundyne-melodiar frå Sofie Tollefsbøl. Kor mjukt kan det bli? Oi! Er nujazzen tilbake? Og det lét ikkje kleint! Berre deilig.
Høgdepunktet var nok Tollefsbøl si opplesing av Slåens tekst om korleis hunden åt opp leksene. Endeleg fekk vi heile historia – og så over eit slikt beat då! Den nye trommevinen Ola Øverby er ein draum å høyre på.

Om Azungu Afrodite lulla oss inn i draumeland, skulle duoen Edvardsen/Brix endå lenger inn i draumane med sitt ambientlandskap – med folketoneinspirasjonar bada i svevande effektpedalar. Få instrument er vel betre eigna til nettopp det enn steelgitar og bass. Deira første konsert var stumfilmkonsert på Chateau Neuf. Eg skulle gjerne sett at lerretet på Kulturhuset også vart teke i bruk denne kvelden – det kunne løfta uttrykket.


Edvardsen/Brix. Foto: Helge Lien

Kvartetten Horndalssveen hentar namnet sitt frå bassist Karl Erik Horndalssveen. Assosiasjonen går fort til ECM-katalogen til Lovano, Wheeler eller Abercrombie. Og det Nils Olav Johanske spelet til gitarist Slåen i denne besetninga fekk meg til å tenkje på den einaste plata til Big Bambus (med trommeslagar Ola Øverby sin lærar Thomas Strønen). Den er det lenge sidan eg har tenkt på.
Horndalssveen viste både komposisjonsteft og stødig handverk. Og hald øyrene opne for saksofonist Lauritz Skeidsvoll!

Hypnopomp baud på høgenergisk kick-jazz. Bassist Torkil Hjelle med slaktarbass-spel drog i gong blåserekka med nettopp Lauritz Skeidsvoll og trombonist og komponist Sigurd Skogdal. Tromboneframtida er lys. Leikne frirom i mellom riffa head. Den hardt undertrykte vrenggitaren frå Viktor Bomstad kunne minne om Mary Halvorson i denne samanhengen.

I fjor såg eg trommeslagar Veslemøy Narvesen for første gong på Serendip. For ein musikar! Ho er så innbitt engasjert i spelet, og har ein vanvittig punch! Anten det er swing, groove eller fritt, løftar ho musikken til eit nytt nivå. Ho leverte tidleg eit av årets tøffaste brekk, og den blytunge Melvins-grooven vi får mot slutten av settet – au, for ett slag i magen!

Kanskje for å roe oss litt ned mellom slaga, skulle vi få vakker jazzvisesong frå duoen Ferd. Vokalist Karoline Karlsen framførte kvardagslege, såre tekstar i ei varm og klar stemme. Innepakka i Ferdinand Bergstrøm sitt harmoniske gitarspel var det som om dei ville fortelje publikum at: “Det går nok bra skal du sjå”.

Trioen Han Gaiden hadde fått med seg Thor Merlin på visuals, som mellom anna tidlegare har gjort framifrå vellukka “lysmaling” for Megalodon Collective. Like perfekt passa det til Han Gaiden sitt chille, elektroniske uttrykk. No stod vi å vogga, gjerne med augene igjen – heilt rett med ståplassar no. Med Ingrid Skåland Lia, Kristin Myhrvold og Ragnhild Moan sine vokalharmoniseringar blenda perfekt med synthlandskapet bak. Skåland Lia sin sopransaksofon var ein x-faktor i lydbiletet. Slikt er viktig!
Desse tre får vi nok sjå meir av. Eg skal ikkje prøve meg på å tippe kva sistelåta heiter, men med det hitpotensialet tippar eg vi får vite det tidsnok!


Han Gaiden,  fra venstre: Kristin Myhrland og Ragnhild Moan. Foto: Helge Lien 

Sex Magick Wizards er eksamensbandet til gitarist Viktor Bomstad. Meir cookin komp enn trommeslagar Axel Skalstad og bassist Henrik Sandstad Dalen skal du leite lenge etter. Kjør! Bomstad sine komposisjonar er riffete i skakke takter. Kvartetten var henta rett frå syttitalet. Tankane gjekk fort til McLaughlin. Eller trioar som Gateway og Trio of doom. Men spesielt tøft var det når Sigrid Afret spelte sopransaksofon opp på dette! Sjeldan har sopransax funka så bra som i denne settingen. Dette var festmusikk!

Til slutt denne kvelden var Pre-Echo. I eit gjennomarbeida, heilproft, glatt (med positivt forteikn) popsound formidla vokalist Andrea Louise Horstad sterke melodiar. Jazzlinjefolk som lagar pop har blitt ei suksessoppskrift. Spesielt godt fungerte Torstein Slåen (fjerde bandet denne kvelden!) si skamlause discoriffing. Det gav ei deilig naiv optimisme til uttrykket!

Dessverre gjekk eg glipp av dei siste låtane til Pre-Echo, men eg er sikker på dei sendte dansarane ut i natta med høgeforventningar til morgondagen.

I dag byrjar kalaset klokka 16, og heile ni band står på startstreken. Det er berre å komme seg ned på Kulturhuset så fort som råd! Då blir du den hippaste!

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

Meld deg på vårt nyhetsbrev