Håkon Kornstad - Nasjonal jazzscene, Victoria, 18. november 2018

Nei, det er ikkje ein fusjon. Det er berre musikk!

Håkon Kornstad slepte trioplata “Im Treibhaus” på eit utseld Victoria laurdag. I dette drivhuset står alle plantene i same potte.

Håkon Kornstad, Frode Haltli og Mats Eilertsen er roa sjølv i Schuberts “Du bist die ruh” – roa opnar både sleppkonserten og plata. Nøkternt, enkelt og naturleg, så ein skulle tru Schubert har skrive den for saksofon, trekkspel og kontrabass. Klangen i saksofonen. Når Eilertsen slår an første tonen så uendeleg forsiktig. Når det veks mot det såre klimakset til slutt. Slike augeblikk. Her syng alle tre med instrumenta. Perla sit i endå, lenge etter konserten.

Håkon Kornstad er nok den einaste som har utdanning både frå Noregs mest prestisjetunge jazzutdanning og operautdanning. Det er eigentleg ganske sprøtt i seg sjølv. Og nyleg mottok han FFUKs Gammlengprisen for sin stadig nyskapande musikk. Men på hans nye plate Im Treibhaus er ikkje naudsynleg nyskapande det viktigaste.
Trekkspel, kontrabass og opera er ikkje så revolusjonerande kombinasjon – spesielt ikkje når repertoaret er italiensk operaromantikk. Kornstads jazzopera-fusjon er kjekkast når ein ikkje opplever det som fusjon, men at kjernen i saksofonspelet og songen er den same. Best er det dei gongane vi er i det same rommet anten det er opera eller jazz.

Trioen Kornstad har sett saman i drivhuset er som dyrka for kvarandre. Eilertsen har vore ein del av Håkon Kornstad Trio før, for eksempel på gullplata Space Available frå 2001. Ymtekunstnaren Eilertsen lyttar meir enn han spelar, og gir god akustikk til alle rom gjennom basspelet. Frode Haltli er trekkspelets svar på Berlinfilharmonien – det lét som gull uansett kva han gjer. Det som er felles for desse tre er at dei evnar å finne sin eigen musikk midt i musikken uansett kva som blir spelt.

På Paolo Tosti sin “A Vuchella” blir det sommar og dunjakkene på det dunkle Victoria blir linskjorter på hjørnekafeen i Napoli. Her leikar dei seg med romantiske, flørtande klisjéar. “Di tu se fedele” frå Verdis Maskeballet blir tatt med inn i skiten blues i Mingus-land. Denne gjorde Kornstad også saman med KORK på liveplata som kom i fjor, men i trioformatet er det i mykje større grad naturleg integrert.
Tittellåta “Im treibhaus” frå Wagners Wesendonck-lieder er ei skisse til operaen Tristan og Isolde. Her er trioen tilbake i det same rommet der dei var med Schuberts ro. Harmoniane i dette stykket er kraftige saker og ein draum for trekkspelet til Haltli. I ei passasje mot slutten får Haltli glitre seg fram mot temaet. Her får vi også oppfylt ein kvar bassist sin våte draum – basskor på Wagner.

Griegs Ibsensang “Stambogsrim” får besøk av “All the things you are” – det høyrest gimmick ut når du les det slik. Men musikalsk var det ikkje til å unngå – det lét som ei sjølvfølge. Det er noko ekstra rart og mystisk som oppstår når Kornstad syng Ibsens tekst, ei norsk tekst. “der slukned i det fjerne”. Antikk. Grieg sitt materiale er mystisk frå før, men så musikalsk skamlause vi har blitt i 2018 kan mystikken verkeleg få blomstre.

Og her kjem vi til eit anna moment – haldninga dei tre har med frå jazzen er mykje viktigare enn tonespråk, eller for så vidt improvisasjonen, frå jazzen. Når ein behandlar dette repertoaret respektlaust som “blekker” gir det rom til ein spontanitet som avdekker heilt ny musikk. Ikkje berre tolkingar. Ikkje berre fusjon eller gimmick. Ny, ekte musikk.
Men dei gongane Kornstad må lese teksta mistar dei dette. Det dreg oss ut av den intense lyttinga. Det er så viktig å vere tilstades i teksta i denne musikken, slik Kornstad er tilstades i saksofonspelet. Fleire gongar er det magiske augeblikk på denne konserten, og då er det ekstra synd dei gongane vi blir drege ut av magien.

Som ekstranummer får vi smake på pepperkakedeiga med “Sancta Lucia” og ikkje minst får vi kanskje ein av dei vakraste lieder som finnast, Strauss sin “Morgen!”. Her igjen får Haltli drage seg gjennom svulstige vendingar.

Uansett kva øyrer du høyrer denne musikken med, om dei er kjøpt på Operaen eller på Bare Jazz – du vil uansett høyre noko nytt her.

Fra forsiden

Soddjazz - 26. og 27. april 2024

Det er den Straumen

FESTIVAL: Dra til Inderøya og Soddjazz for en smak av en annen virkelighet.

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Meld deg på vårt nyhetsbrev