Espen Berg Trio - Nasjonal jazzscene, 12. september 2019

Melodiar med god tid og rytmisk schizofreni

Espen Berg Trio slapp si tredje plate, “Free to Play”, på Victoria på torsdag. No har trioen perfeksjonert uttrykket.

Det var eit atskilleg betre lokale torsdag enn sist eg såg dei, i ein trong bryggerikjellar på Dølajazz i fjor. Espen Berg Trio treng eit skikkeleg lokale. Det er hifi-jazz. Trioen har perfeksjonert samspelet og teke uttrykket eit steg vidare. Dei har dyrka fram nye uttrykk i sin stil, og dei er fullstendig påkopla kvarandre i samspelet.

“Oumuamua” opnar med nokre Jarrettske harmoniske vendingar før det går inn i rytmiske motiv som like godt kunne vore frå Mehldau. Det å skulle trekke inn slike assosiasjonar kan av og til redusere lyttinga. Men pianotriojazz står trass alt i ein sterk tradisjon. Og Espen Berg Trio er i den levande delen av tradisjonen.

Simon Olderskog har drivet i gong frå trommestikka treff cymbalen første gong. Han spelar enormt mykje, men utan at ein nødvendigvis legg merke til det. Det er rett og slett fascinerande korleis han finn roa på eit høgare intensitetsnivå enn han lét til å vere på ved første øyrekast. Det regnar jo slag, men flyt likevel stabilt der oppe.

Fleire låtane har rimelig kickframkallande riff som grunnlag. “XIII” frå førre plata, Bølge, er rytmisk svimlande, men trioen spelar så lett og avslappa at ein ikkje legg merke til kompleksiteten. Der ligg nøkkelen. Bassist Bárður Reinert Poulsen overfører den rytmiske energien til basskora sine, som både er varierte og meiningsfulle – det er ein kunst.

Espen Berg er så presis at du kan stille klokka etter han. Rytmisk, melodisk og harmonisk – det finnast ikkje daukjøt nokon stad. Motivutviklinga til Berg går føre seg på ulike nivå. Frå leik med småmotiv, til den overordna utviklinga gjennom heile låta. Eit lenger løp kan høyrast som ein klang, og ein klang kan opplevast som ein melodi i spelet til Berg. Koret på “Maetrix” er eit prakteksempel på akkurat dette.

I alle høve er det å lytte til Berg som å lese forfattarar med godt språk. Det er gode setningar. Sist eg skreiv om Berg skreiv eg mykje om matte, for det finn du definitivt mykje av i denne trioen. Denne kvelden var det intelligente musikalske språket eg beit meg merke i.

Å på “gamlemåten” dele denne konserten opp i to sett á 40 minutt er eit godt grep, og gir ein heilt annan dynamikk til kvelden. Då er vi med på ein kveld med musisering heller enn ei førestilling. Dei kosa seg! Gliset var i spenn hjå alle tre gjennom heile konserten. Og spelegleda høyrest også i musikken.

Om eg skal pirke på noko, så glir låtane litt i kvarandre etterkvart. Det er vanskeleg å skilje dei frå kvarandre. Det er ikkje godt å seie fingeren på kva det handlar om, men eg får kjensla av at det kunne vore godt å oftare bryte radikalt med oppskrifta.

Det er ein haug med kjensler som ligg i det harmoniske landskapet balladen “Skrivarneset” held til. Det spesielt interessante her er korleis dei klarer å overføre denne rolege melankolien inn i rytmiske leiken. Låta oppsummerer eigentleg måten Espen Berg Trio har spissa uttrykket på sidan sist. Lange linjer i melodiar som tek seg god tid møter rytmisk schizofreni.

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev