Trondheim Jazzorkester & Chick Corea - Nasjonal jazzscene, Victoria, 7. mai 2018

Livskraft og overskot frå Chick Corea og TJO

Det går ei kraft frå ikonet Chick Corea sine like ikoniske låtar som får nytt liv i Erlend Skomsvoll sin fargerike fantasi. Når dei sterke, særeigne stemmene i Trondheim Jazzorkester deler av kraftoverskotet er det lenge til neste gong Victoria-publikummet som fekk oppleve denne kvelden treng vitaminbjørnar.

Då Chick Corea var Artist in Residence på Moldejazz for heile 18 år sidan fekk Erlend Skomsvoll tilgang til heile katalogen til Corea. Dette samarbeidet var Corea så nøgd med at TJO vart invitert som gjesteorkester på 75-årsdagen til Corea på Blue Note i NY i 2016. Skomsvoll har opna opp nye dimensjonar ved låtane til Corea, som har gått inn i jazzen sitt standardrepertoar. Som Corea sjølv sa er dette like mykje Skomsvoll-komposisjonar som arrangement av Corea-låtar.

Orkesteret opnar denne kvelden med ein kort “Spain Intro”, og allereie her er slåande kor mange unike stemmer som er på scena denne kvelden. TJO er i sine mange ulike samansetningar eit tverrsnitt av det ypparste i norsk jazz og Skomsvoll utnyttar potensiale i desse unike stemmene på scena. På “Crystal Silence” gir blåserekka kvar stemme eit eige liv, ein eigen identitet – det pustar. Når Corea får fokus høyrer ein hans umiskjennelige touch – det kan berre vere han. Lydhøyr reflekterer han dei ulike identitetsmerka frå orkesteret på pianoet. På “Duende” blir vi minna på for ein virtuos Skomsvoll er på dynamikk, noko trompetist Lønning dreg nytte av i trompetkoret.
Likevel merkar ein at musikarane på dei tre første låtane nesten er litt for tilbakehaldne og avventande. I alle høve let det kontrollert.
Saka held fram under bildet.

Chick Corea (foto: Kerstin Siemonsen )

Sist underteikna opplevde Corea og TJO var “What Game Shall We Play Today” eit av dei definitive høgdepunkta. Arrangementet er heilt unikt godt gjort og vokalen til Sissel Vera Pettersen passar låta perfekt (tør eg seie nesten betre enn Flora Purim på originalen?). Hennar sylskarpe presisjon og klarheit gir hakeslepp kvar gong. Pianokoret frå Corea på låta denne kvelden har alt – lytting, harmonisk, rytmisk, rom, kreativitet, retning. Og leik! Vi får verkeleg kjenne på å vere nær storleiken Chick Corea.

Men det er kanskje først på Windows at det losnar skikkelig. Her får liksom piano-trioen utforske ei stund aleine og kople seg på kvarandre. Corea slår på eit punkt kontant ned notane – han vil ha fri utsikt til trommeslagar Håkon Mjåset Johansen og bassist Ole Morten Vågan. Her blir impulsar kasta fram og tilbake og det er nesten som Mjåset Johansen har installert ein trigger på venstrehanda til Corea – samspelet er elektrisk. Det let lausare og opnare no og gryta får tid til å koke opp.
Saka held fram under bildet.
Hanna Paulsberg, Martin Myhre Olsen og Sissel Vera Pettersen (foto: Kerstin Siemonsen )

Den litt avventande starten handlar kanskje om at Chick har gjort dette i 60 år og treng ikkje tvinge fram eit kick. “Smokin’ right?”, spør Corea ut i salen. Det kjem nemleg ikkje av seg sjølv, men “smokin’” blir det i aller høgste grad på “Matrix” når orkesterets yngste, Martin Myhre Olsen, sparkar i gong i forrykande linjer som eit perfekt innlegg til Møster som simpelthen gjer Møster. Denne innsprøytinga går rett i blodet på Corea og orkesteret som tek tak i initiativa og skaper nytt liv siste halvtimen når kvelden blir avslutta med ekstranummera “Ode til de stille fuglene” av Skomsvoll, “C.S. 5” og ikkje minst Skomsvoll sitt deilige arrangement av “Armandos Rhumba”. Det er få andre enn Ole Morten Vågan som kan skape eit meiningsfullt basskor på ei slik låt, men her er Ole Morten og Chick like mykje i sitt ess.

Kombinasjonen Corea, Skomsvoll og Trondheim Jazzorkester er på sitt beste så full av livskraft og overskot at ein fleire gongar i løpet av konserten berre blir sittande og måpe og gløyme tid og stad. Legender som Corea har ofte ein tendens til å bli “late”, “stive” og “lei” – det er det siste eg kunne sagt om Chick Corea. Han lyttar, spelar på impulsar frå dei andre i orkesteret og kastar ut knallsterke fargar på lerretet. At den mannen er 77 år er ikkje til å tru.

Corea takka for at vi kom på første øving – det må i så fall vore den kjekkaste øvinga det priviligerte publikummet på Victoria har vore med på! Maijazz i Stavanger i kveld og Jazzfest i Trondheim på torsdag kan gle seg!

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev