Vossa Jazz - fredag 19. mars 2016 cover
Vossa Jazz - fredag 19. mars 2016

FESTIVAL: Til trass for nokre blunderar frå arrangøren si side var der meir enn nok sterke musikkopplevingar under opningskvelden på årets Vossajazz.

På bildet over: Hanna Paulsberg Concept (foto: Eirik Åsheim/Vossa Jazz)

Vossajazz må vere kanskje ein av dei mest eksotiske og erkenorske jazzfestivalane. For oss som kom med «festivaltoget» på Bergensbanen frå Oslo fredag formiddag blei dette ekstra tydeleg, med musikkstunt i bakerste vogn mellom gira festivalfolk, instrumentbaggar, skibaggar og påsketuristar i skjønn foreining.

Lokomotiv (foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)
Lokomotiv (foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)

Det var ei god innleiing til årets festival for meg og fleire andre på toget, men i det vi kom fram til festivalbygda i påskesnøven dukka dei første irritasjonsmomenta snart opp. Den første konserten eg fekk høve til å delta på var den aller siste for turnéen til andreårsklassa ved Jazzlinja på NTNU, som i år gjekk under namnet Lokomotiv.
Tidlegare på dagen hadde jazzstudentane allereie hatt ein konsert i den store festsalen på Park Hotell, og no var det ein slags kontorkonsert hjå den lokale sparebanken. Det var triveleg nok, med glade bankfunksjonærar som var glad for ei interessant pause i arbeidet, i tillegg til takksame lokale konsertgåarar med relativt høg gjennomsnittsalder. Men det er likevel merkeleg at arrangøren ikkje lot konserten i banken vere tidlegare på dag, og la studentane spele for eit truleg mykje større publikum i eit betre lokale når fleire festivalgåarar har fått høve til å kome fram til bygda.

Artig og variert Lokomotiv
Heldigvis står ikkje slike ting i vegen for god musikk, og studentane frå Trondheim gav eit artig og relativt variert sett, med Charlottenlundsk ragtime, interessante, melankolske ballader og artige arrangement som sender tankane til flaggskipet Trondheim Jazzorkester. Det var neppe den sprekaste konserten dei har levert i løpet av dei siste vekene på vegen, men der var heller ikkje mykje å klage på. Mange av desse er allereie i gang med lovande prosjekt på sidan av skulegangen, og tre av studentane, gitarist Martin Miguel Almagro Tonne, trommeslagar Ola Djupvik og saxofonist Signe Krunderup Emmeluth, kan også opplevast med bandet Ant Farm Boogie på Nattjazz under delfinala i Jazzintro.

Dave Holland (foto: Eirik Åsheim/Vossa Jazz)
Dave Holland (foto: Eirik Åsheim/Vossa Jazz)

Frisk og vital Dave Holland Trio
Dave Holland Trio, som spelte for ein fullsett Vossasal på Park under den offisielle opninga av festivalen, var også noko prega etter mange veker på turné. Det er ikkje optimalt for ei opning, men prega ikkje konserten stort utover den augneblinken gitarist Kevin Eubanks innsåg at gitaristen var plugga i feil kanal ganske seint i konserten. Med så mange effektboksar den gitaristen brukar skal ein vere ganske trent for å høyre skilnaden, så det blei meir som eit artig innslag, passe elegant forkledd bak ein trommesolo medan panikken roa seg blant lydmenn og gitarist.
Utover dette var det ein frisk og vital trio me fekk oppleve, og sidan eg høyrte Holland med den særprega gitaristen sist har uttrykka deira blitt meir samansmelta og innarbeida. Holland er meir enn noko anna ein riff-guru, og eit syrerock-uttrykk som Eubanks tilbyr passar godt til dei mange finurlige rutene Holland komponerer.
Ofte er det også enkle, rytmiske motiv som leiar an, og Obed Calvaire kunne leika seg med slike i timesvis, til stor begeistring frå både medmusikantar og publikum. Holland er mildt sagt ein gjengangar på norske jazzscener, men klarar definitivt å halde seg ung og frisk også for oss som er over gjennomsnittet representert på desse scenene.

Jazzland-veteranane
Nokre minutt før Hollands trio fekk avslutta hastar eg vidare til «Jazzland Night», for høvet lagt til bygdas gamle kino, for å få med meg duokonsert med radarparet Jan Bang og Sidsel Endresen. Det er ofte slik på festivalar at ein må gå raskt frå det eine til det andre, men då er det likevel ekstra irriterande når arrangøren heilt utan grunn la konserten bli nesten ein halvtime forseinka.

Sidsel Endresen (foto: Iver R. Finne/Vossa Jazz)
Sidsel Endresen (foto: Iver R. Finne/Vossa Jazz)

I det Bugge Wesseltoft gjekk på scena for ein liten tale om plateselskapets 20-års jubileum, verkar det å vere fordi han sjølv ikkje ville vente lengre på ein fråverande arrangør, som ikkje ein gang meistra å dempe belysninga i den gamle, halvslitte kinosalen før Endresen og Bang sparka i gang sitt sett. Igjen var god musikk og sterke improvisatørar redninga frå rotet. Det skal seiast at Jazzland godt kunne peika framover i eit slikt 20-årsjublieum heller enn å fokusere på gjengangar som Endresen og Bang, men det var ingenting i vegen med konserten desse Jazzland-veteranane leverte.
Endresen er kanskje enno meir kreativ enn nokon gang, og eg blir alltid overraska minst ein gang i løpet av eit sett, så også denne gangen. Bang dansar i kjent stil mellom gamle samplarar og live-remixa Endresens krumspring med stor entusiasme. Samtidig var det eit nakent og intenst sett som bygde seg gradvis opp mot eit spent klimaks mot slutten. På vegen dit leverte Endresen eit vell av både vokalstøy og vakre melodiar til Bangs maskineri, og begge to beviste klart at dei har laga eit konsept som er verdt å sjekke ut igjen og igjen.

Stor eleganse og engasjement frå Hanna Paulsberg Concept
Før Jazzland-kvelden heldt fram hasta eg tilbake mot Park og konserten til Hanna Paulsberg Concept. Igjen herska der diverre usikkerheit rundt kva tid bandet skulle gå på, og det var noko glissent i publikum i byrjinga. Slik må det nesten gå når folk må velje mellom Susanne Sundfør, Jazzland og Bjørn Alterhaug Quintet i tillegg til Paulsbergs kvartett. Igjen eit grep frå arrangørens side som sikkert kunne vore unngått.

Hanna Paulsberg (foto: Eirik Åsheim/Vossa Jazz)
Hanna Paulsberg (foto: Eirik Åsheim/Vossa Jazz)

Men ein gløymer fort slikt når Paulsberg og gjengen set i gang, og etter kvart kom der også fleire og fleire entusiastiske publikumarar til lokalet. Denne gangen hadde pianist Oscar Grönberg blitt erstatta av hakket meir erfarne Erlend Slettevold, som er både eit naturleg og godt val for Paulsbergs konsept. Repertoaret bestod stort sett av låtar frå den siste plata, Eastern Smiles, og både ballada «Ayumi», lystige «Hemulen på byn» og den sexy grooven på «Catalan boy», blei gjennomført med stor eleganse og engasjement frå alle fire på scena.
På sistnemnte gav både Paulsberg, Slettevold og Hulbækmo frå seg kor som gav dei fleste i salen bakoversveis. Vanlegvis er eg ingen fan av ekstranummer, men denne gangen var definitivt eit unnatak når eg fekk oppleve Trygve Fiskes bass-solo på den melankolske ballada «Hotel Papa Charlie».
Og med ei slik konsertoppleving kunne ein, trass litt for mykje rot, erklære festivalens opningsdag for vellukka. Før eg rekk å levere denne teksten laurdag har det allereie vore ei herleg, bråkete jazzparade i det vesle bygdesentrumet med masse gira born, og dagen føre meg ser ut til å ha betydeleg færre problematiske programløysingar. Eg er klar for meir, Voss!

Olav Opsvik

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev