Sildajazz - 10. august 2023

Levande rom

Sildajazz lyser opp Haugesund sine rom gjennom tonar, og det er kanskje ikkje rart at ein konsert på bedehuset vart ståande som høgdepunktet.

Av Torkjell Hovland

Sildajazz i Andreas Meland sitt siste år som festivalsjef har eit ekstra fokus på romma i byen. Og der eg vandrar rundt i byen før konsertane startar prøvar eg å legge merke til dei. Her er Bedehus, misjon og gjenbruk, små rare uavhengige butikkar. Her er instrumentbutikkar, platesjapper og fleire antikvariat. Her er industri, fiske og gamle sildefabrikkar.

Men det er ikkje nostalgi eller eksotifisering av distriktet som legg grunnlaget for programmet. Dette handlar ikkje om å skape liv i nedlagte, døde lokaler, men heller om å lyse opp romma i byen der kvardagen lever. I løpet av Sildajazz er vi innom eit levande bibliotek, butikkar, verkstader og byscener. Vakre rom og stygge rom. Romma slik dei er.


Paal Nilssen-Love solo i Bystyresalen. Foto: Grethe Nygaard/Sildajazz

Eit av desse vakre romma var Bystyresalen i Haugesund Rådhus.
Der Sildajazz opna for min del, med årets festivalmusikar Paal Nilssen-Love solo. Vi vart møtt med skingrande gongar i trappa, spelt på av eit unevneleg, grovt og vibrerande instrument mellom dei to metallgongane… Lyden er altså allereie i gong før vi har satt oss.

Paal startar med å drage to store gongar longs golvet, som vibrerer i overtonar. Med det vakre golvet som boge, spelar han tonar som det er ein strykekvartett. Han spelar så vi ser lydbølgene. Vi ser forma på dei, kjenner bølgjene i kroppen.

Eg har aldri sett noko så kaotisk som likevel lét så kontrollert. Men i lyden er det tydelege linjer heile vegen. Nilssen-Love er på leit etter lydane, du ser det i blikket hans når han vandrar rundt som ein mekanikar på verkstaden og leitar etter det rette verktyet. Sildebokser og fiskekasser med spikar gjennom.

Det er ei heftig opning av sansane, med frekvensar som skjærer seg inn i hjernebarken. Ofte er volumet smerteleg høgt i det han smell alle gongane samtidig, men nettopp denne kroppslege opplevinga av lyden gjer at vi går ut av salen med øyrer, tankar og kropp klare for nye inntrykk.


Paal Nilssen-Love solo. Foto: Grethe Nygaard/Sildajazz

Eg spring mot Haugesund Folkebibliotek alt for seint, men her er ikkje konserten i gang. Morten Qvenild og Frode Grytten sitt fly er nemleg over ein time forseinka. Eg høyrer Grytten sitt dikt for meg allereie.

Men på plass, fann duoen roa med ein gong. Godt hjelpte av den mjuke biblioteksakustikken, men aller mest takka vere ein av landets beste på lyd, helten Ingar Hunskaar.

For det første – den touchen til Morten Qvenild er unik! Kanskje fekk tonane ein spesiell energi etter flystresset. Du veit når du har sprunge og stressa for å rekke noko, og du set deg ned vel framme, lét att auga og pustar roleg ut. Akkurat slik la Qvenild tonane fram.

Qvenild spelar på Grytten sine ord – og omvendt. Tonane frå pianoet tilfører ein melankoli, kanskje eit alvor til orda. Vi høyrer endå meir mellom dei ofte tørrvittige vendingane og Qvenild løftar fram nye lag under poesien. Dette spelet på kvarandre er det sjeldan eg har høyrt så tydeleg.

Eg gløymde faktisk at «jazz og poesi» var eit fenomen som ofte kan ha ein viss usmak ved seg, ein haug fordommar. Nei, dette var to musikarar saman.

Inne på Haugesund Bedehus skulle vi få Berit Opheim og Sigbjørn Apeland som kom med ei av fjorårets sterkaste plater, Velsigna Er Dagen. Den er spelt inn i ei kyrkje med stor klang, men her på skulle vi få dei heilt nært, intimt akustisk.


Berit Opheim og Sigbjørn Apeland. Foto: Tommy Neverdal/Sildajazz

Apeland kunne fortelje at han starta sin skule i improvisasjonsmusikk nettopp ved trøorgelet i eit bedehus i Sveio. Møteleiaren den gongen sa berre: «Då syng me nummer 86 i Sangboken. Sigbjørn, du spelar du.», utan at unge Apeland visste kva «nummer 86» var – men han spelte.

Dette spelet har han brukt heile livet på, og i Haugesund Bedehus høyrer vi det rikaste spelet eg har høyrt på eit trøorgel nokon gong. Han er limt på Opheim sin song. Spesielt interessant er det å legge merke til kor naturleg han møter komplekse melodiar som varianten av «Und mig Gud» der dur og moll og alt i mellom skiftar umerkjeleg.

Der eg sit i benkeradene er eg innom tanken – kva om vi sjølv hadde kunne sunge med? Rommet og historia til rommet legg opp til det, og dette performative kan kome i konflikt med. Men eg legg fort frå meg tanken.

«Alene Gud i Himmerik», ein melodi som i seg sjølv har ei kraft i seg, er framført med ein slik nerve at frysningane går gjennom heile kroppen – utan at eg skal bli åndeleg her. Men det må seiast å vere det absolutt musikalske høgdepunktet på Sildajazztorsdagen. Der eg sit og studerer 60-tals Bedehus-estetikken med kors i gullstoff og fotografi med bibelord på veggane, går tankane til Aretha Franklin og konsertfilmen Amazing Grace.

Berit Opheim brukar litt tid på å kjenne på rommet frå første songen i konserten, men på dette tidspunktet har ho oss alle, og syng med ei trygg ro som famnar om lyttaren. Dei takkar av med «Se solens skjønne lys og prakt», med ven og felespelar Nils Økland som gjest. Opheim formidler tekst direkte og har ikkje noko performativt eller kunstig ved seg.

Berit Opheim er nominert til Nordisk Råds musikkpris 2023 – det er ikkje vanskeleg å forstå.

Under opningskonserten onsdag vart det klart at pianist Øystein Folkedal vart tildelt årets Sildajazzpris. No skulle vi få høyre prisvinnaren i samspel med fjorårets vinnar Morten Georg Gismervik som kvitterte med eit nytt verk på Høvleriet. Eg ankom lokalet dessverre først eit par låtar ut i konserten.


Morten Georg Gismervik. Foto: Tommy Neverdal/Sildajazz

Gismervik viser seg her både som ein sterk instrumentalist og komponist. Gitarspelet vi får høyre denne kvelden gir assosiasjonar til Eivind Aarset og Knut Reiersrud – andre tider liknar det Scofield eller Abercrombie. Dei to sistnemnde kanskje vel så mykje i arrangementa.

Gismervik blandar gjennomkomponert prog inn i eit sound som kanskje kryssar Snarky Puppy og meir akustisk nordisk jazz. Det er ofte at det blir mykje referansar som poppar opp i hovudet når eg høyrer unge musikarar. Det er kanskje naturleg – ein har dukka ned i katalogane, plukka opp lydar. Men det er «kicket» dei har, eg sit igjen med. Dei leikar seg gjennom dei avanserte komposisjonane med overskot og gliser.

I dag har Gismervik forresten slept plate – gratulerer med Dunes at Night!

Kvelden vart avslutta på Garasjebryggeriet med Ellen Andrea Wang og Closeness. Med Rob Luft på gitar og Jon Fält på trommer har Ellen Andrea Wang hatt Charlie Haden sitt spel og filosofi i tankane då ho skreiv musikken.

Dette har blitt enkle (med positivt forteikn) og tydelege låtar, der kanskje dei låtane ho syng er dei sterkaste. Og som vokalist er Ellen Andrea Wang berre betre og betre. Ho har ei ro i songen, og syng klårt og fascinerande reint, med ei kraft gjennom frasene.

Dessverre opplever eg at lyden av kontrabassen blir noko ullen og unyansert. Det hjalp litt å flytte seg, men dette er veldig synd for nettopp hennar Hadenske spel her kjem ikkje heilt fram. Jon Fält showar som han ofte gjer, og ofte er det nettopp denne leikande tilnærminga til spelet som gjer han til ein av dei mest interessante trommeslagarane. Men i denne settingen opplever eg at han flyt litt mykje på gammal rutine.

Den som derimot skin er britiske Rob Luft. Han spelar kreativt på Wang sine komposisjonar, og sprudlar av speleglede gjennom fingrane i sin karakteristiske speed-gitarstil. Han er heile vegen kopla på Wang og Fält.

I dag står nye opplevingar for tur – i det eg må springe for å rekke båten til Paal Nilssen-Love Circus på Vibrandsøy! Les meir om det på sundag!

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

Meld deg på vårt nyhetsbrev