Oslo Jazzfestival - 16. august 2019

Kokepunkt

Du må prøve å gå rundt på Sentralen med konsertar på alle kantar – musikken går rett i fletta på deg!

No må det vel vere siste gongen Blow Out-festivalen blir arrangert i kræsj med Oslo jazzfestival. Protesten var på sin plass i si tid, men no er det berre rart og irriterande. Marthe Lea Band skal ikkje kræsje med Schlippenbach eller Barre Phillips. I verdas rikaste land.

Full ytringsfridom
Vi treng ikkje diskutere kva det er å vere fri, men viljen til det frie er drivkrafta i musikken til Marthe Lea. Ei fullstendig utblåsing i full ytringsfridom! Anders Røine sine ters-licks oppover på langeleiken. “Jesus din søte forening å smake” komisk sårt frå kvedarduoen Lea og Røine. Hans Hulbækmo smattar i mikrofonen på sidelinja. Dansing rundt publikum. Av og til er dei musikalske assosiasjonane så konkrete, at dei like så godt kunne vore samples. Ekte fritt.


Marthe Lea. Foto: Matunda Bigirimana/Oslo Jazzfestival

Andreas Røysum har eit hypnotiserande interessant klarinettspel, med kniving frå Lea sin saksofon og kontrabasskjæring frå Egil Kalman som gir fascinerande motstand. Det er musikk som handlar meir om ei felles lytting mellom publikum og musikarar. Vi lyttar etter lydar, etter koplingar, fritt assosiert. Og med musikarar som både har filosofert og leika seg musikalsk så mykje før, opplever lyttarane å få ny innsikt. Det er vanskeleg å tenkje seg noko meir meiningsfullt.

Kokepunktet
På starten av 2000-talet fyrte kvartetten The Core opp klubbar landet over med fyrstikker frå 60-talet. No er Jørgen Mathisen tilbake med kvartetten Instant Light. 60-tals modaljazz har nok eit lavare kokepunkt enn mykje anna, men kvartetten til Jørgen Mathisen gav ei meisterklasse i koking på Herr Nilsen i går kveld.
Dag Erik Knedal Andersen i full Elvin Jones-stil, med Trygve Fiske som punchen sjølv. Jørgen Mathisen og Erlend Slettevoll utviklar kora sine med ei retning og ei gradvis auking på kick-skalaen til skuldrane er langt over hovudet. Det er ei meisterklasse i motivutvikling. Slike kor krev ekstremt godt handverk. Sjeldant godt handverk.

Apropos tidleg 2000-talet
Jan Bang, Eivind Aarset og Anders Engen – du høyrer øyrevarmande lydar berre eg nemner namna. Det er perfekt å plassere desse tre i lydtette Hvelvet. Det lét tett og mjukt. Men så er det heller ikkje så mykje meir enn det. Som lyd, som små idear, er det både fint og interessant. Men som musikk vil det ingen veg.
Det kan forresten hende at det er heilt greit. Ein kan ta det som det er, som ei samling små bilete. Men lyttar du til platekatalogen til desse musikarane, veit du at dei har i seg mykje meir dybde og heilskap enn det eg opplevde i Hvelvet i går. Jan Bang og Eivind Aarset sitt bidrag på ei av dei sterkaste platene i 2018, Arve Henriksen si “Height of the reeds”, snakkar for seg.


Eivind Aarset. Foto: Matija Puzar/Oslo Jazzfestival

Kulokk etter Mariah Carey frå Langøya
Karoline Wallace har gjennom Nordic Masters-programmet oppsøkt både folkesongarar og Oud-spelarar som læremeisterar. På utgjevinga “Lang Vinter” som kom i vår, høyrer du resultatet. Wallace har klart å integrere alle desse ulike impulsane i eit eige, heilskapleg uttrykk.
Ein grunn til at ho lukkast med dette er måten dei kvardagslege, nære tekstane er kopla med til tider intrikate melodiar – slik som Samai, eller Lo du. Ein annan viktig grunn er musikarane ho har med seg. Helga Myhr på vokal og hardingfele for eksempel. Folkemusikken kling gjennom på heilt andre musikalske språk enn nødvendigvis folkemusikk. Åsmund Solberg Løvland sin steelgitar, Henriette Eilertsen si fløyte – klangen i ensemblet er perfekt for Karoline sin intrikate visesong.

Høgdepunktet er kanskje kulokken Karoline fekk frå Løvlid då ho bad om ei Mariah Carey-aktig låt med kvarttonar. Og trur ikkje du det, der droppa beaten også! Sann!

Alla som inte dansar
Kvelden vart avslutta i Hvelvet med Han Gaiden. Ein trio som nok vil røske opp dansegolv både med si saksofonklubbing og punchy tekstar. Hits har dei også! Dei har lydar og haldningar med seg frå jazzutdanninga, kombinert med gjennomtenkt kostyme og synkroniserte dansemoves (meir av det!). Han Gaiden er “spot on” det Marthe Heggenhougen snakkar om i siste NTT.


Han Gaiden. Foto: Matija Puzar/Oslo Jazzfestival

Det er deilig når jazzfestivalar programmerar breiare i takt med utvidinga av sjangeromgrepa. Men då må ein også tenke breiare med tanke på konsertsettingen. Også med Han Gaiden blir eg ståande litt frustrert, slik eg gjorde på Ivan Ave på Røverstaden. Dette er jo eigentleg bra, det er berre for låg lyd, for stivt rom – dette er musikk du lyttar best til om du blir slukt av lyd og lys og du dansar deg sveitt. Kvifor ikkje gjere det til ein kveld på klubb?

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev