Oslo Jazzfestival - 13. og 14. august 2019

Inn i svale, mørke klubbar

Av og til blir forventingar innfridde til det fulle, andre tider blir ein ståande frustrert.

Oslo jazzfestival var i gang allereie søndag med opningskonsert med Kjetil Bjørnstad. Men kanskje den konserten det var mest forventingar til var gjenforeininga til The Quintet på tysdag. Kjetil Gutvik, Eivind Opsvik, Paal Nilssen-Love, Bjørnar Andresen og Calle Neumann gjorde . Bjørnar Andresen gjekk bort i 2004. I og med at Zanussi hadde vore vikar for Opsvik i kvintetten for 20 år sidan, var han eit naturleg val. I cd-boksen med opptak frå konsertane i 1999 som no er utgjeve, kan du lese inngåande om historia bak og rundt denne kvintetten.

Konserten på tysdag handla om musikk her og no. Dei fem musikarane var inspirerte, fylte med forventningar – dei hadde venta på musikken i 20 år. Dei to bassane, Nilssen-Love og Gutvik kokte i hop eit driv, og ut av drivet kom Calle Neumann. Ventetida, forventninga, gjetorda og historia har lagt energi i kvar tone som kjem frå Neumann. Øyrene på stilk.

Bassduoen Opsvik og Zanussi er eit orkester i seg sjølv. Dei går i kvarandre tonalt og rytmisk, dei blandar klangar – organisme. Bjørnar Andresen ligg der i bakhovudet. Dei avsluttar første strekk i trio med Neumann som førstefiolin i ein seinromantisk strykekvartett.

Eg har endå til gode å vere på ein konsert med Paal Nilssen-Love der eg ikkje har vore investert i alt han gjer 100% av tida. Han er nemlig like investert i musikken sjølv. Han kan bryte med mønster på forunderleg vis berre får oss til å lytte til musikken som noko heilt anna. På det mest festlege nærmar han seg Tony Williams-aktige tilstandar denne kvelden. Det dansar!


The Quintet. Foto: Toril Bakke/Oslo Jazzfestival

Det var stappfullt på Victoria på tysdag. På frijazzkonsert. Då er risikoen høg for utrop som “spell ei ballade”. I ein pause blir det ropt til lydmannen at han må flytte mikrofonane nærare Neumann. Det ligg mykje uttrykk i å bevege seg langt frå mikrofonen og eigentleg forstyrra det ikkje uttrykket, men kor vidt dette var bevisst frå Neumann si side denne gongen, er nok heller lite truleg. Etter han flyttar seg, tek Neumann plass på fleire måtar. Fyrverkeriet hans på ekstranummeret er latterleg kick.

Inn i mørkret
Susanna and the brotherhood of our lady inviterte oss inn i mørkret på onsdagen. Inn i mørkret på ein framleis fin sommardag, som Susanna sa det. Musikken frå Garden of earthly delights er mørk, tekstane er mørke. Men det er mykje lys som slepp gjennom, og det er eigentleg lys som ber musikken. Stemma til Susanna, melodiane, formar musikken i den store musikalske leira. Lydsamansettinga er perfekt: Ina Sagstuen og Natali Garner (Duoen Propan) sin vokalelektronikk, Ida Løvli Hidle sitt trekkspel, klangleg på størrelse med eit kyrkjeorgel og Stina Moltu sitt lydmålande gitarspel. Det let grunnleggande organisk og elektronisk på same tid.


Susanna. Foto: Matija Puzar/Oslo Jazzfestival

Stor energi i lite format
Skal ein snakke om storband i Noreg i dag er det vanskeleg å kome utanom Shannon Mowday. Anten dukkar ho opp i blåserekkene, eller så ser du ho som inspirerande dirigent for Oslo og Akershus Ungdomsstorband eller Øvre Foss Storband som begge spelte på festivalen tidlegare i veka. På Herr Nilsen har Mowday med seg sin eigen kvartett, Lila. No skal det for ein gong skuld handle om henne. Energien som bur i ho skal no frå storbandet og inn i hjørnet på Herr Nilsen.

Helge Lien, Erik Nylander og Johannes Eick – kompet er smart sett saman og gir Mowday eit lydrom å spele i, men det konsentrerte blikket på notane tek diverre vekk noko av energien i samspelet. Og apropos lydrom – første halvdel av konserten blir forstyrra av boksete lyd både frå saksofon og piano. Det let både for høgt og for lågt. Heldigvis kjem det seg etterkvart, det er synd når slikt skal stå i vegen.

Mowday er ein særdeles virtuos utøvar, og spelar fascinerande teknisk på låta “Leap of Faith”, for eksempel. Eg anar nok ei kopling til dei teknisk krevjande oktavhoppa i riffet. Dei mest gjevande augeblikka kjem under den mbira-inspirerte låta. Her kan Mowday verkeleg ta fyr. Balladen “Resolve” avsluttar konserten for min del, med ein sjeldan long bassolo frå Johannes Eick, som er imponerande interessant tvers igjennom.

Uforløyst på fritidsklubben
Så bar det ned til merkelege Røverstaden. Fritidsklubben. Eg sakna berre biljardbordet og pølser i kiosken. Det er eit rom som fungerer dårleg om det ikkje er stappfullt, og ikkje er rundt midnatt ein laurdagskveld. No var det onsdag og lite folk. Det var lite som sa festival anna enn nokre banner, det var lite som sa gode vibbar.


Ivan Ave på Røverstaden. Foto: Anna Rogneby/Oslo Jazzfestival

I den settingen var det imponerande å sjå korleis Ivan Ave jobba for å få publikum fram og med. Han hadde publikum med seg heile vegen. Kvartetten Arthur Kay Piene på keys, Magnus Falkenberg på bass, Kristoffer Eikrem på trompet og Bendik Hovik Kjeldsberg på trommer. Det er det norske gullaget i jazza hip hop. Når Arthur Kay sin DX7 blender med synth-saksofonen til Eikrem over basskor frå Falkenberg er det fort å assosiere til denne George Duke-skatten på Youtube.

Det lét eigentleg heilt perfekt frå starten av. Putt Magnus Falkenberg på kva som helst og du dansar etter ei halv takt. Beatsa er ei deilig verd å vere i, og Ivan Ave har ein leiken flow (no skal eg passe meg). “Denne låta handlar om å låse sykkelen sin” – vittige tekstar er det også. Eg gliste.

Ivan Ave sendte alle andre enn Arthur Kay av scena etter tre/fire låtar. Kvifor? Det er mange grunnar til å bruke beats frå SP-555 – trommemaskinlyden gir ein sound som ikkje let seg kopiere av trommesett. Men eg ser ingen grunn til å ikkje kombinere trommemaskina med bandet? Slik det framstod no virka det berre som dei ikkje hadde fått til å øve inn alle låtane – og det tvilar eg sterkt på er grunnen. Ekstra rart blir det når Ivan Ave på det ekte spontane ekstranummeret ikkje tek med seg bandet inn, men leitar etter ein beat på sampleren – før han gir opp og droppar heile ekstranummeret. Få bandet ut på scena, då! Er det eit band som kan legge ein perfekt beat, så er det dei. Det er mogleg dei hadde sine grunnar, men eg blir ståande litt frustrert etter denne konserten. Det var jo eigentleg så bra!

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev