Serendip - Kulturhuset, 16. februar 2018

Heilt enkelt god musikk

Studentane ved NMH har fått til noko eige, og har klart å henvende seg til eit nytt og ungt publikum.

Serendipfestivalen er arrangert av studentane ved Norges Musikkhøgskule. På programmet står både studentane sjølve og meir etablerte musikarar, men det er ein uting at vi ofte omtalar slikt som “unge talent får møte sine forbilde”. For publikum denne fredagskvelden er ikkje slike omgrep nødvendig – det er heilt enkelt god musikk.

Dagen startar tidleg kl. 15. Kvartetten Bark gir deg akkurat den stemninga du vil ha til ettermiddagskaffien. Det er melodiøst, mjukt og assosiasjonane går fort til t.d. Mathias Eick. På Salme får dei med seg saksofonisten Ingrid Skåland i vakkert, dialogisk samspel med trompetist Adrian Barstad Andresen. Bark viser komposisjonstalent – avslutningslåta Allrounder er særs godt arrangert. Dei utstrålar speleglede og varme, vi kjenner oss velkomne til festival.

Trioen My dog is the internet opnar med trommeslagar Hannah Veslemøy Narvesen sine cymbalfargar. Etterkvart eit lite repeterande motiv frå trommene. Dette er fri-improvisert musikk, men konserten artar seg som satsar i eit minimalistisk verk – trioen klarer å gjere lite nok, slik at ideen får skinne og lyttaren tek det inn. Du har heile tida med deg forrige “sats” inn i neste. Pianist Martin Sternberg gir repeterande tonar nye harmoniske kontekstar, nesten som i ein Steve Reich-komposisjon.

Ein ny trio, Kvifte Nesheim/Von der Lippe/Aftret. Sjølv om referansane 70-tals Garbarek, litt Charles Lloyd, dukkar opp, let dette likevel heilt nytt. Ei fri tilnærming, men solid fundamentert i jazzspråket og tydelege komposisjonar. Vi er innom groovar, men dei ligg berre under overflata, dukkar opp innimellom – Knut Kvifte Nesheim er ein særs kreativ og uforutsigbar trommeslagar. Det skaper spanande rom der saksofonist Sigrid Aftret og pianist Kai Von der Lippe malar små bilete. Komposisjonane er spennande, den siste er særs sterk – brått kjem ei lita unison linje, så kjem ho aldri igjen – genialt.

Sekstetten RødssalG nEEn GlassdøRErlend Albertsen er bassist og komponist. Det er rett på, store komposisjonar som med overskot blir leika med av eit aldri så lite stjernelag. Martin Myhre Olsen set standarden med eit ellevilt saksofonspel, pianist Eyolf Dale veit å følge opp. I Albertsens verden blir vi kasta frå boogie til store, opne klangar til små hjernetrim-leikar. Låta Del 1 er ei slags rubiks kube der same motiv blir spelt litt forskyvd av alle – til slutt samlast det i ein enkel kadens. Eit høgdepunkt.

Nuk Stark – ein sjelfull kvintett med laid-back uttrykk. Gitarist Håvard Funderud let slik eg trur Bill Frisell hadde gjort om han hadde surfa meir. Trompetist Erling Skorpen og saksofonist Lauritz Skeidsvoll står for eit meget godt samspel – kvintetten klarer å halde det nede så lenge at når det gradvis veks og tek av, sit det som spikar. Eit høgdepunkt er når blåseduoen held seg nedpå, uaffektert av utadvendte bluesgitarhyl – særs effektfullt!

Med rosa t-skjorter og rosa bukser entrar Mall Girl scena. “Dette er sånn musikk du kan danse til, så trekk nærmere scenen og reis dere opp”. Det er i god jazzklubb-etiquette sjølvsagt sett ut bord og stolar – slikt treng vi ikkje til Mall Girl. Det er blitt å forvente at jazzutdanningane også skal forsyne oss med den beste dansemusikken. Broen, Pom Poko – Mall Girl føyer seg inn i rekka, men er likevel noko anna. Punkete utrop til surfete diskorytmer – Mall Girl hadde berre fortent eit anna, meir festleg rom.

Gratisfestivalen Serendip har fått til noko eige. Dei har klart å henvende seg, faktisk henvende seg, til eit nytt og ungt publikum. Kulturhuset fyllast gradvis opp fredagskvelden. Folk “forvillar” inn og får musikk dei kanskje ikkje visste dei likte.

Torkjell Hovland

Fra forsiden

Nyhet

David Fricke har hatt litt av en helg

Et nytt Jazznytt er ute! Cover-story Kim Myhr har laget spilleliste med inspirasjonene sine, Bent Sæther har gitt TO blindebukkintervjuer og spilt en fantastisk konsert, ny info om den danskeste jazzlåten har kommet til overflaten, Rolling Stone-redaktør David Fricke var på alle konsertene, det var vi også og snart er det allEars. Now’s the time!

Meld deg på vårt nyhetsbrev