Maijazz - 9. mai 2019

Fri og fransk

Berlin Trio leika seg og perfeksjonisten Vincent Peirani spelte nattleg trekkspel på Spor 5.

“Er du nervøs? Det treng du ikkje vere. Det går bra”. Det skal vere litt nervar før konsert. Sommarfuglar, dei gode nervane. Min torsdag på Maijazz opna med ein tur innom konserten med Kids in jazz. I vekene før og under Maijazz har Improbasen heldt workshop med born på Spor 5. Litt av det dei hadde jobba med kunne vi få høyre i kafeen på Folken. Som med musikklinja på onsdag, er det tydeleg at Maijazz tek rekrutteringa på alvor. Eg trur det er avgjerande å gi born oppleving av å spele musikk ute og for folk tidleg. Sjølvsagt i trygge rammer. Kafeen på Folken er uformell og nedpå, slik ein jazzkafé som dette skal vere, og det var tydeleg at borna hadde fått tillit. Dei kosa seg på scena. Improvisasjonsmusikk er ein fantastisk meistringsarena. Det handlar først og fremst om å gjere.


Kids in Jazz. Foto: Trine Nessler Wichmann/Maijazz

Frileik med Berlin Trio
Nede på Spor 5, var vi klare for årets første frijazz-konsert. Berlin Trio, med lokale Didrik Ingvaldsen, nesten-lokale Dag Magnus Narvesen og tyske Jan Roder. Det er mange sentrale namn i norsk frijazz frå Stavanger – Didrik Ingvaldsen er definitivt eit av dei. Saman med Frode Gjerstad og Paal Nilssen-Love i Circulasione Totale Orchestra, Kitchen Orchestra eller med hans eigne Pocket Corner, er han ein av desse mest leikne og nysgjerrige improvisatørane.


Didrik Ingvaldsen. Foto: Odd Opsahl Nielsen/Maijazz

Trommeslagar Narvesen er ein særs aktiv musikar, som m.a. har gitt ut plate med legender som m.a. Aki Takase og Alexander von Schlippenbach – og Jan Roder. Narvesen står også bak fleire av kveldens komposisjonar, som “En maurs erindringer”. Heilt logisk, eg treng ikkje skildre, for det var akkurat slik det lét. Eller “Forced exit”, med ein deilig groove i 15/8. Det er fleire gongar
Jan Roder er perfekt match med Narvesen. Dei er begge like leikne, like glad i time, like uredde for det mest merkverdige, like lyttande. Både i walking på speed og lydkunst-bassinga er Roder ein av mine favorittbassistar. Hans bidrag Schlippenbachs Monk´s Casino er eit must, men sjekk ikkje minst ut soloplata Double Bass frå 2010.
På eit tidspunkt held Roder eit temmelig streit rocke-bassriff, medan Ingvaldsen forsiktig spelar ei slags rolig revelje. Slike finurlege kombinasjonar får vi heile vegen. Dei leikar seg, ler og smiler til kvarandre. Under Didriksens “Gdansk” nærmar det seg det teatralske. Ein annan av Didriksens komposisjonar er rett og slett eit spel, “play the game”. “Om du huske navnet ditt, så går du til den første bokstaven i navnet ditt osv..” Noko i den dur var det han forklarte det som. Det er leik som blir utgangspunkt for musikk dei aldri ellers hadde fått. Dette er ikkje i sjangeren alvorstung “stirre-impro”, ála det leikekameraten til samtlige i trioen, Rudi Mahall, har sagt han ikkje taklar. “Eg får berre latterkrampe”, sa han i ein workshop ein gong. Ingvaldsen heller imsdalflaska i trompeten på avslutningslåta “Washing machine”. Her er det lov å le.
Det var forholdsvis mykje publikum på denne konserten, både unge og eldre. Så det kan virke som Maijazz har plass til fleire enn ein konsert av det friare slaget.

Nattog til Frankrike
Frankrike og trekkspel høyrer saman. Og sjølv om Vincent Peirani absolutt lét fransk, har han plassert trekkspelet i eit lydbilete der assosiasjonen verken til trekkspel eller Frankrike var det sentrale.
På den siste plata, Living being II/Night Walker, får vi, forutan Peirani sine stilfulle komposisjonar, nokre halvspenstige coverversjonar av Led Zeppelin og ”Bang Bang”, gjort kjent av Nancy Sinatra. Når kvintetten hadde opna med denne mystikken, var stemninga lagt. Det var tydeleg frå første tone at dette var perfeksjonistar. Spesielt framstår Peirani som detaljnerd, med sin silkemjuke “touch” på trekkspelet. Det same galdt den trillrunde tonen til saksofonist Emile Parisien. Det lét nesten meir som ein klarinett.
Komposisjonane, som “Enzo”, var deilig harmoniske vandringar frå klang til klang. Melodiar som er syngbare og biletklare. Ein viktig del av lydbilete er rhodesen, som er pakka med effektar og klangboksar. Det utfyller trekkspelklangen, og utgjer til saman eit blått, nattleg lydteppe.
Eg gjekk dessverre glipp av siste halvdel av konserten, men Peironi vart med meg på nattoget tilbake til Oslo. Å gå glipp av Fieh som mest sannsynleg løfta folket på Folken seinare på kvelden, var nesten endå verre. Heldigvis er dei aktive på vegen om dagen.


Vincent Peirani. Foto: Asgeir Ravndal/Maijazz

Maijazz byr på konsertar heile helga, men etter dei tre dagane eg hadde på festivalen, må eg seie at det var eit variert program som evnar å vise nye, ukjende stemmer på linje med dei store legendene. Ikkje minst var det inspirerande å sjå kor frampå festivalen var med tanke på rekruttering og samarbeid med lokale institusjonar. På laurdag er det klar for den faste konserten med Bjergsted Jazzensemble, tilknytta jazzlinja. Denne gongen med Valkyrien Allstars, i arrangement av Tore Johansen og Simen Kiil Halvorsen. Det må jo bli fett!

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev