Hanna Paulsberg Concept & Magnus Broo - Nasjonal jazzscene, Victoria, 17. oktober 2018

Fest!

I morgon er Hanna Paulsberg Concept si nye plate “Daughter of the Sun” ute på alle lytteplatformer og har allereie fått overveldande kritikkar. Eit fullsett Victoria skulle få smake på ein knyttneve av optimisme denne kvelden.

Bandet sparka i gong med den der “Inner urge”-akkorden på “Cumunolimbus”– tordensky. Umiddelbart høyrer ein at klangen til Paulsberg og Broo er ein perfekt match. Dei både liknar kvarandre og utfyller kvarandre i klang og stil. Koret til Paulsberg går rett i kjernen utan noko venting eller behov for å lytte seg inn. Grønberg tek over med eit kor som er like kompromisslaust. Så det er slik denne kvelden skal bli.

Den sekstitalsdynka grooven på “So he said” gir Magnus Broo eit bakteppe der han minner oss på at; stemmer det – han er jo ulovleg god! Unis-linja som kjem ut av koret til Broo er også heilt genialt komponert. Den kjem ut av det blå, men set det vi høyrde før i ein ny kontekst. Slike ting er det heile tida under konserten. Kjent tonespråk eller klisjear blir sett i ein kontekst som gjer det til noko heilt ekte, nytt og det motsette av klisjear.

Paulsberg har gitt ei låt til Hemulen på kvar plate. Denne gongen; “Hemulen tar ferie”. Eg vil bli med Hemulen til det harmoniske landskapet han reiser på ferie og møter Oscar Grönberg. Koret til Grönberg her dansar frå start til slutt. Dei mest soul-riffete frasene gir meg assosiasjonar til Hancock på “Adams apple” – eller til og med Joe Sample. Kvart av kora hans denne kvelden er heilt forskjellige. Han leikar kjent tonespråk og “samplar” heile tida. Men kvifor har ingen spelt det slik før, tenkjer eg. Grönberg er fleirspråkleg og frispråkleg.

“Lille Store Saxofonist” er ein hyllest til Broo og Hulbækmo sin Atomic-kollega, Fredrik Ljungkvist. Måten Paulsberg tek tak i det Broo har sparka laust er så klassisk “kick” du kan få det. Paulsberg spelar rytmeegg på siste låta, og i saksofonspelet hennar lét det som ho alltid står slik med shakeren. Ho har så mykje vilje i spelet – det dansar liksom på innsida av tonen. Saka held fram under bildet.

Hanna Paulsberg, Trygve Fiske og Magnus Broo (skjermdump Nasjonal jazzscene)

Eit av dei desiderte høgdepunkta er “Dancing with flowerbuds”. Først får vi ein drømmetrio med Broo, Fiske og Hulbækmo. (eg ber herved om trio-plate). Broo, som han utallige gongar har gjort med Atomic, gir oss skrike-kick. Det er virtuost og rølpete på ein gong – det er vel det ein kallar ærleg. Men gliset har sjeldan vore breidare på Victoria enn når koret til Hanna i bossa-komp set i gong. Hanna tek tak i Getz-soundet og leverer uredd, slik som Grönberg, på eit språk ho har gjort til sitt eige. Aldri før har vel “smektande melodilinjer” vore så hipt. Fleirspråkleg, frispråkleg.

Mot slutten av konserten får vi balladen “Scent of soil”. Saman med nynnande Broo og Paulsberg kviskrar liksom heile bandet inn i atmosfæren. Og sjølv om dette er ein roleg, stillferdig song er det eit eller anna som ropar dans og ver glad inni der også.

Det er mogleg det har ein samanheng med klimarapporten eller overload av negative politiske tendensar den siste tida, men det var uendeleg deilig å lytte til optimismen til Hanna Paulsberg Concept denne kvelden. Frå heile bandet høyrer ein ei glede over å skape og lytte til musikk. Ekstranummeret “Serianna” set eit triumferande utropsteikn på kjensla vi har hatt heile kvelden: La oss berre spele – la oss feire! Det er underleg kor mykje god musikk som finnast. Det er tydelegvis ingen grenser.

Fra forsiden

Nyhet

Ti nye fra Moldejazz

I siste programslipp fra Moldejazz finner vi størstedelen av programmet til Alexandraparken, to konserter i Domkirka og en Storyville-konsert.

Nyhet

Sært i Smeltehytta

Kongsberg Jazzfestival har programmet for årets Særingfest klart. Den mer eksperimentelle delen av festivalen byr i år på blant annet trioen SPACE, Phil Minton & Veryan Weston, Nicole Mitchell solo og Christian Wallumrød & Ingebrigt Håker Flaten.

Meld deg på vårt nyhetsbrev