Arild Andersen Quartet feat. Makoto Ozone - Cosmopolite, 15. november 2017

Energisk meistermøte

Det meste kjentest riktig då Arild Andersens trio og den japanske pianisten Makoto Ozone gav eit fullstappa, jubilerande Cosmopolite ein festkveld.

Noregs fremste scene for fusion og musikk frå andre delar av verda enn Vesten, Cosmopolite, feirar 25 år med ei solid konsertrekkje i desse dagar. Det er mykje å feire, og høveleg nok fekk også grunnleggjar og primus motor, Miloud Guiderk, utdelt sin ærespris frå Kulturrådet i forkant av gårsdagens konsert på Torshov.

Eg veit ikkje om det var tilfeldig at det var nettopp denne kvelden, men det kunne neppe passa betre at det var nettopp Arild Andersen som fekk følge opp den vesle, fine seremonien. Andersen er ein av mange norske jazzmusikarar som har fulgt Guiderk mykje lengre enn Cosmopolite si levetid, og han uttrykte også tydeleg kor mykje han sette pris på arrangørens sin innsats.

Så blei det musikk! I god Cosmopolite- og Guiderk-ande blei det lagt opp til eit sjeldant meistermøte mellom Andersens trio og den japanske pianisten Makoto Ozone. Ozone var i si tid ei barnestjerne og har ei lang fartstid med det globale toppsjiktet av jazzmusikarar. Eit godt døme som blei nemnt var Gary Burton, der han også delte scena med saxofonisten i Andersens trio, skotske Tommy Smith.

Og dette meistermøte blei akkurat så friskt som du kunne venta. Kvartetten gjekk rett på sak, heldt høg energi og raste gjennom den eine jazz/funk/rock/fusion-låta etter den andre. Det var tydeleg at særskild Andersen og Ozone hadde stor glede av å stupe inn i musikalske basketak, sjølv om det rett nok tok litt tid før det nådde eit energinivå som gjorde at dei til og med blei litt sett ut av spel. Det burde vere eit naturleg mål når ein går inn i det med så stor iver, meinar eg.
Soleis gav nemnte Smith mange viktige bidrag, då han våga å tilføre noko meir dissonans og rølp tidlegare i settet enn dei to. Men den aller største stjerna denne kvelden var, av fleire årsakar, trommeslagar Paolo Vinaccia. Det var ei stor gledje å vitne Vinaccia slik vi kjenner og likar han aller best, med livlige, fryktlause initativ, enorm energi og ikkje minst eit smittsamt perlehumør.

Så må eg kanskje banne litt i fusion-kjerka: Til trass for ein framifrå konsert skulle eg ynskje at Andersen kunne late bassen skli meir inn i bakgrunnen av og til. Den sterkt forsterka, tidvis syntetiske basslyden kan ofte vere ein distraksjon og nettopp denne kvelden gjekk det mest utover det klangbiletet ein helst vil høyre frå eit flygel, som i stor grad drukna mellom både bass og (bass)trommer.
Men fest blei det uansett, og etter eit råflott ekstranummer (Keith Jarrets «In Your Quiet Place») kunne eg sjå på klokka at det hadde gått nesten to timar. Eg vonar det ikkje blir siste konsert med denne kvartetten.

Cosmopolite scene feirar 25 år med festival 8.-18. november.

Olav Opsvik


Miloud Guiderk fekk utdelt sin ærespris frå Kulturrådet i forkant av gårsdagens konsert på Torshov. Foto: Tore Sætre

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev