Mandaljazz 2017, torsdag 29. juni

Eksperimentell festivalopning

Norges yngste jazzfestival, Mandaljazz, opna årets festival med konsert i badebasseng og eit dagsferskt 14-mannsensemble.

Av: Olav Opsvik
Foto: Anders Jeppesen/Mandaljazz

«Jazzen viser oss at alt går an», innleiar Mandaljazz med når dei skal fortelje om seg sjølve på sine nettsider. Det var ikkje vanskeleg å spore den haldninga under opninga av den fjerde festivalen i rekka.

Med meditativ, fri improvisasjon i eit badebasseng, der publikum bada og lytta under vatn, fulgt opp av to heseblesande timar med det dagsferske Nye Lindesnes Afrobeatensemble, blei det ein kveld for eksperiment og opne sinn. Kombinert med den lystige og avslappa sørlandshaldninga – godt reflektert i årets småvittige slagord «Gjør Mandal greit igjen» – gjekk det heilt fint.

Opning i flytsona – bokstavleg talt
Det var ei lystig og spent stemning hjå publikum som hadde møtt opp i god tid for å skifte til badekle i forkant av årets opningskonsert i Mandal svømmehall. Konserten var kun for badande publikum, og der var rikeleg med oppmøte for å oppleve Torben Snekkestads saxofonimprovisasjonar formidla gjennom ein undervasshøgtalar. Samme kor røynd ein er som publikumar innanfor eksperimentell improvisasjonsmusikk er nok slikt ei oppleving av dei sjeldne for alle.

Opning i flytsona: Torben Snekkestad (foto: Anders Jeppesen/Mandaljazz)
Opning i flytsona: Torben Snekkestad (foto: Anders Jeppesen/Mandaljazz)

Etter at publikum hadde plaska litt rundt og varma opp blei det like godt kalla inn til eit kort informasjonsmøte med arrangøren og saxofonisten sjølv, med enkle tips til korleis ein best kunne flyte på rygg med øyrene under vatnet for å lytte til musikken. «Slapp av og lat som om du er tilbake i fostervatnet», sa Snekkestad, før han klatra opp til 3-metern i svømmehallen og ga sitt klarsignal til publikum.
Så var det berre å lene seg tilbake og finne flytsona – bokstavleg talt. Det seier seg sjølv at dette var ei spesiell oppleving, men det noko komiske og absurde med situasjonen blei raskt overdøyva av lyttande og smakfull improvisasjon i godt samspel med publikum.

Sjeldan har eg opplevd improvisasjonsmusikk så meditativ i ordets rette forstand. Medan ein ligg og flyt rundt i bassenget mistar ein raskt omgrep om tid og kronologi i musikken, og alle distraksjonar forsvinn heilt. Gjennom vatn kjennast musikken som om den alltid er heilt inne i øyra di og det var umogleg å ikkje bli oppslukt av Snekkestads milde rørsler i eit tidvis atonalt landskap. Det bør nemnast at saxofonisten har henta mykje inspirasjon av lydar ein kan høyre under vatn i sin musikk, og den metadimensjonen kunne neppe kome meir til sin rett enn i denne samanhengen.

Då det var nokre få minutt igjen av Snekkestads halvtime klatra eg forsiktig opp av bassenget for å observere det heile, og å sjå Snekkestad langt over eit publikum som gir seg hen og flyt rundt på den måten var eit sterkt og vakkert bilete av ei intim utveksling. Dette konseptet bør definitivt bli meir utbreidt.

Dagsferskt afrobeatensemble
Etter at Kim Myhr fulgte opp Snekkestads undervannskonsert med ein lekker, støyprega seanse i bassenget – men med publikum over vatn – bar det til festivalteltet for afrobeatlegenda Dele Sosimi og Nye Lindesnes Afrobeatensemble. Gruppa var set saman for høvet, og dei unge norske jazzmusikarane hadde ikkje møtt bandleiaren før nokre timar tidlegare.
Saken fortsetter under biletet.

Dele Sosimi med Nye Lindesnes Afrobeat Ensemble: Ole Mofjell (trommer/perk), Axel Skalstad (trommer/perk), Johannes Vaht (bass), Karl Bjorå (gitar), Lars Ove Fossheim (gitar), Vegard Lien Bjerkan (piano/synth), Torben Snekkestad (sopran/tenor/trompet m/saxmunnstykke), Erik Kimestad Pedersen  (trompet), Natalie Sandtorv (vokal), Hanna Paulsberg (sax) og Hans Hulbækmo (trommer/perk). (foto: Anders Jeppesen/Mandaljazz)
Dele Sosimi med Nye Lindesnes Afrobeat Ensemble: Ole Mofjell (trommer/perk), Axel Skalstad (trommer/perk), Johannes Vaht (bass), Karl Bjorå (gitar), Lars Ove Fossheim (gitar), Vegard Lien Bjerkan (piano/synth), Torben Snekkestad (sopran/tenor/trompet m/saxmunnstykke), Erik Kimestad Pedersen (trompet), Natalie Sandtorv (vokal), Hanna Paulsberg (sax) og Hans Hulbækmo (trommer/perk). (foto: Anders Jeppesen/Mandaljazz)

I løpet av ein workshop på to-tre timar hadde gruppa øvd inn ei rekkje Fela Kuti-klassikarar. Konserten var meint som ein hyllest til den nigerianske legenda og folkehelten, som Dele Sosimi starta si karriere hos som 16-åring. I år er det 20 år sidan Kuti gjekk bort, og Sosimi er i dag ein aktiv ambassadør for afrobeat-musikken med base i London.

Dei som kjenner til Kutis musikk vil kanskje tenkje at det er relativt enkle strukturar å øve inn, og ensemblet, med medlemmar som Hanna Paulsberg, Hans Hulbækmo, Heiða Mobeck, Erik Kimestad Pedersen og nemnte Torben Snekkestad, osa av kompetanse. Likevel er tre timar lite tid, sjølv for eit slikt ensemble, og på nokre låtar fekk ein merke at dei rytmiske lappeteppa til Fela Kuti kan vere krevjande å sy saman. Særskild klassikaren «Zombie» halta litt i byrjinga.
Men, som orkesterleiaren stolt proklamerte: «It’s still groovy!». Og den var nettopp den positive entusiasmen som gjorde kvelden. Sosimi dansa rundt til og frå pianokrakken framfor sin Fender Rhodes og dirigerte ensemblet gjennom låt etter låt med intense rytmer og stadig aukande intensitet.
Sjølv om dette var toppa lag av unge, norske jazzmusikarar fulgte dei audmjukt med på Sosimis instruksar. Men det var kanskje då dei slo seg meir laus og våga å tilføre sine eigne idéar at musikken verkeleg kom til sin rett.

Dele Sosimi (foto: Andreas Jeppesen/Mandaljazz)
Dele Sosimi (foto: Andreas Jeppesen/Mandaljazz)

Kraftfull protestmusikk
Den korte førebuingstida var ikkje det einaste risikoelementet ved denne konserten. Det må vere ei utfordring for norske, unge musikarar å absorbere og kjenne eigarskap til den politisk lada protestmusikken til Fela Kuti. Det funkar sjeldan å berre kopiere noko slikt, men til dømes når vokalist Natalie Sandtorv fekk senka skuldrane og diskret ignorerte dei spesifike instruksane frå Sosimi fekk ho tilført den krafta musikken krevjer.

Protestmusikk kjem i mange former, men når Kutis musikk kjem til sin rett er der lite som er meir kraftfullt. Å protestere mot undertrykking med entusiastisk dansemusikk er ein fantastisk symbolikk, og kombinasjonen av funk, jazz i dette rufsete formatet med undertonar av frustrasjon, sinne og punk, er både potent og forløysande.

Etter ei stund fann Sosimi og alle dei norske musikarane fram til Kutis ande og det småsjenerte sørlandspublikumet måtte til slutt gi etter og sprette opp på dansegolvet. Sjølv om nesten to timar var gått då det heile var over, var salen definitivt klare for meir. Vi får vone det blir høve til vidare samarbeid mellom Sosimi og norske musikarar.

Mandaljazz er ein ung festival, med ung stab og ein stor andel unge musikarar på plakaten. Kanskje er det derfor den er prega av risikovilje og eksperimentering, og med den innfallsvinkelen har den allereie funne si rolle å spele i festival-landskapet. Alt går an – og Mandaljazz har førebels klart å bevise det.

Olav Opsvik

Mandaljazz 2017 held fram til laurdag 1. juli.

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev