Vestafor 9. - 11. mai 2025

Eit musikalsk undereventyr

FESTIVAL: Festivalarrangør Christian Meaas Svendsen og Fri Kultur Kvinnherad sin lovnad om å tilby «ein levande møteplass for utøvande kunstnarar og publikum» er innfridd.

Tekst og foto: Jorun Larsen

Himmelen var blå og sola steikte, medan kjenslene dirra utpå huda etter det intense, men livsbejaande fløytespelet til Alessandra Rombolá. Konserten hennar vart halde i ei vakker og høgreist mellomaldarkyrkje frå 1250. Åleine med fløytene, pusten og konsentrasjonen leia ho publikum inn i ei auditiv forteljing om kampen for tilværet.

Krigane i Ukraina og Gaza var brått veldig nære, sjølv om me var Vestafor. Likeins Sudan, Etiopia, Haiti og Myanmar. Mali, Niger og Burkina Faso.

Italienske Alessandra Rombolá er ein klassisk skulert fløytist, som gjennom karriera har etablert seg som ein dynamisk utøvar innan samtidsmusikk og improvisasjon. På Vestafor framførte ho første del av verket «Studio per Un solo Organo», som ho skriv ilag med organist og komponist Nils Henrik Aasheim. Foto: Jorun Larsen

Lengt etter lyd
Om det faktisk var kampen for tilværet Rombolá sin konsert handla om, veit eg ikkje. Og om det var lyden frå fløytene, gispa etter pust (for ein lyd!) eller den flagrande, signalraude blusen hennar som gjorde det, veit eg heller ikkje; men bileta som dukka opp i tankane mine undervegs i konserten var av fuglar. Skikkelsane som kjempa hadde iallfall vengjer. Kanskje var dei englar, desse andelege vesena som bringer bodskap mellom dei levande og døde, mellom himmel og jord eller helvete.

Medan publikum venta på det neste livsteiknet frå denne kampen – me håpa så inderleg at det ville bli fleire tonar, fleire andedrag – sat me stille som døden. Like sterkt håpa me på at legema, kleda eller pusten vår ikkje skulle høyrast. Stilla og publikums kollektive merksemd mot lyden som fylte rommet (som måtte fylla rommet!) vart såleis ein vesentleg del av konsertopplevinga. Det heile var sanseleg vakkert, sårt og djupt rørande. For eit punktum på ein festival!


Fri Kultur Kvinnherad er ein liten frivillig organisasjon, og festivalen er prisgitt at musikarar og frivillige stiller opp. Christian Meaas Svendsen nytta høvet i kyrkja til å takke alle involverte for innsats og deltaking. Foto: Jorun Larsen

Denne omtalen er skriven etter minnet og i retrospekt. Frå 9.-11. mai gjekk nemleg den utforskande musikkfestivalen Vestafor av stabelen, for tredje år på rad. På Vestafor møtest samtidsmusikk, improvisjasjon og folkemusikk, under kunstnarisk og organisatorisk leiing ved Christian Meaas Svendsen. Åstaden for festivalen er Rosendal i Kvinnherad, kor den nemnde kyrkja husa ein av årets konsertar.

Samspel i/med Rosendalskulissane
Kyrkja blir kalla Kvinnheradkatedralen, men også fleire av Rosendalsbygda sine mindre etablerte katedralar vart tekne i bruk under festivalen. Den høgreiste Malmangernuten fungerte til dømes som bakteppe då studentar frå Griegakademiet opna festivalprogrammet med Lydlig Skulptursti. Utplasserte i Steinparken som improvisatoriske lydinstallasjonar – midt iblant lauvtre, sildrande vatn og kunstnaren Bård Breivik sine iaugefallande steinskultpturar – gav dei alle nyfikne gjester ei forunderleg og fin oppleving i det mykje nytta nærområdet.


Lydlig skulptursti: Sune Dommersnes og Aurora Barstad Andresen utgjorde ein av dei lydlege installasjonane i Steinparken. Her er ryggen på førstnemnde og nyfikne ungar frå Rosendal FUS barnehage i bakgrunnen. Foto: Jorun Larsen

Ein annan katedral som lokka gjester til konsert var turhytta på Sjethaug, bedageleg plassert på ein knaus 285 meter over havet. Etter å ha rista av seg dei nyleg lauslatne og våryre kyra som beitar oppover Skålafjellet med hurtig motbakkegange, vart publikum mellom anna servert tempelmusikk og tonar om heimlengt av Wooli Duo. Framføre eit luftig utsyn over Rosendalsalpane og -bygda fengsla Michael Lee Sørenmo (trommer) og taiwanske Fan-Qi Wu (pipa) det turglade festivalpublikummet med heftig strengpresisjon og eit rikt rytmisk lydbilete, innanfor sjangeren avantgarde-folk.


Mange tok turen til turhytta Sjethaug for å lytte til Wooli Duo. Pipa og trommer klang godt mellom dei vårlege Rosendalsalpane. Fan-Qi Wu tek smilande imot den velfortente applausen. Foto: Jorun Larsen

Nokre musikalske suttekaramellar
Vestafor talte totalt eleve ulike arrangement med 24 profesjonelle musikarar, eit raust knippe musikkstudentar, ein evig-smilande DJ, samt eit kor og eit korps av engasjerte amatørar. Forutan dei audiovisuelle naturopplevingane, baud den utforskande musikkfestivalen også på andre programpostar, særskilt verd å nemna:


ØY, ved Janne Eraker på stepping og Kristoffer Lislegaard på elektronikk, presenterte ein av festivalens mest konseptuelle kombinasjonar av lyd. I programmet vart publikum lova ein konsert av den drøymande, cinematiske, groovy og intense sorten, eit løfte som vart innfridd. Foto: Jorun Larsen

ØY presenterte til dømes eit prosjekt kor elektronika, stepping og improvisasjon møttes. Det som kanskje høyrest ut som eit underleg konsept, fungerte overraskande godt. Omgrep som «rått» og «gåsehud» vart identifisert i den følgjande summinga i samfunnshuset, noko som underbyggjer denne vurderinga.


Bangers var emneordet då DJ Midisofi, også kjend som Sofie Tollefsbøl og vokalist i Fieh, Røysum Ensemble og Sofi O, fann fram miksepulten i Nerhuslåven. Foto: Jorun Larsen

Ein annan høgdare vart toneført og tolka av Ensemble Obsidian i Baroniets storstove Riddersalen. To av verka som vart presentert under årets «Borealis ung komponist»-program i Bergen tidlegare i vår vart framført her, kor særleg lakseeventyret til Eira Sjaastad Huse, Laksesanger, greip både rommet og publikum. Sjaastad Huse, som ikkje berre viste seg som ein framifrå historieforteljar og komponist, men også ein formidabel mezzo-sopran, deltok dessutan som gjesteartist under Rosendal songlag si framføring i same lokale; 7. paragraf av Cornelius Cardew-stykket The Great Learning (1968-1970). Koret utfordra både seg sjølv og publikum gjennom framføringa. «Var det veldig rart?» undra fleire kormedlemmar då konserten var ferdig. Svaret var eit rungande og udelt positivt ja, takk!


Rosendal Songlag med vener baud på den sjuande paragrafen av The Great Learning av Cornelius Cardew (1936-1981). Stykket er komponert for å bli framført av ei stor gruppe menneske frå heile det musikalske spekteret; altså frå profesjonell til ikkje-musikarar og sokalla ikkje-musikalske. Festivalgeneralen var sjølv med på framføringa, som deltakande dirigent. Foto: Jorun Larsen

At eksperimentell og utfordrande musikk er verd å bruke tid på blir særleg klart etter ei slik festivalhelg. Borna som uredde, engasjerte og svært lydhøyre fekk med seg førestillinga Når Valen Danser ville truleg skrive under på dette. Annabel Guaita (piano) og Lars Kolstad (perkusjon) trollbant faktisk både små og store tilhøyrarar som hadde funne vegen til området bak sceneteppet. Der utforska dei eit stykke av Fartein Valen, med utgangspunkt i komponisten sine eigne intensjonar, aktiv lytting, like aktiv stillheit, klingande klokker, bjøllande bjeller og kvekkande froskar.

Det uttrykksfulle kroppsspråket til Lars Kolstad hadde ein særleg inviterande og tryggleiksskapande effekt på dei små. Foto: Jorun Larsen

 


Impro-støy-rockebandet MoE dukka opp fleie gonger under festivalen. Mellom anna freista dei seg på ein pop up-konsert på kaien i Rosendal sentrum, ein affære som viste at bygda – trass i kammermusikkfestivalar og ei rekkje andre kulturelle danningsinstitusjonar – framleis har ein veg å gå når det gjeld alminneleg folkeskikk: Stuntet vart brått avbrote då nokon drog stikkontakten til anlegget utav støpselet, og forklarte det surmaga kunststykket med kommentaren «Me prøver å jobbe her». Musikarane fekk heldigvis unnskuldingar på vegne av det lokale folket av nokre betre innstilte lokale representantar, og dei fekk også sin revansj i Nerhuslåven seinare på kvelden. Foto: Jorun Larsen

Om det forundarlege og opphøgde
Kjensla av å ha delteke på musikkleir, kor ein har lært og leikt, fått nye vener og minner for livet, var absolutt til stades ved festivalens slutt – på den positive måten. Altså: sjølv sauene inntok tog-formasjon då det lokale skulekorpset marsjerte forbi beitet mot kyrkja for siste konsert, medan folkehopen i baktroppen sang hvorhen du går i li og fjell, en vinterdag, en sommerkveld med fjord og fossevell, av full hals. Kor skjer eigentleg slike ting utanom 17. mai?! Vestafor.


Kva er vel ein søndag utan ein surprise? Oppglødde av bedehusseansen, og med nysteikte lappar og saft i neven, vart publikum helsa imot av Rosendal skulekorps. Korpset leia menigheita taktfast på vegen mot festivalens siste stopp: Kvinnherad kyrkje. Akmee-trompetist Erik Kimestad Pedersen blei med. Foto: Jorun Larsen

Øyslebø sangsøstre sitt salme-repertoar skulle etter sigande aldri forlate Mandal. Men då Vestafor lokka med eit bedehus som konsertlokale, gav orkesteret Akmee likevel tommel opp. Lukkelegvis for alle involverte, for konserten og det tilhøyrande livets brød – aka velduftande og nysteikte lappekaker etter oppskrift frå Øyslebø – trekte fullt hus. Foto: Jorun Larsen

Akmee, som serverte ei aldeles framifrå re-tolking av Øyslebø sangsøstre sine salmetolkingar i Rosendal Bedehus – til lukta av nysteikte lappar (kan du tenke deg?) – på festivalens siste dag, har tidlegare uttalt følgjande: «Vi er bare en vennegjeng som prøver å røre borti noe høyere enn oss selv med med musikk som virkemiddel.» Sjølv om kvartetten fint klarte det dei prøvde på, kunne dette utsagnet også vore Vestafor sitt slagord. Festivalen bidrog iallfall på fleire måtar til å utvide horisontane til dei av oss som var der.

Det var dette som slo meg då eg endeleg takksamt retta andletet mot den skyfrie himmelen, der eg førestilte meg at englane bar bod om fløytisten sine siste tonar.

Fra forsiden

Nyhet

Jazzeksport på agendaen

Bransjeaktører helt fra andre siden av kloden tar turen til Bergen når Vestnorsk jazzsenter inviterer til Nutshell og Nattjazz. På showcaseprogrammet står blant annet Telehiv, Dafnie og Lyder Røed Quintet.

Nyhet

TJO nominert til Nordisk råds musikkpris

Trondheim Jazzorkester er en av tolv nominerte til Nordisk råds musikkpris. Orkesteret har i 25 år markert seg som et unikt ensemble på høyt internasjonalt nivå, uttaler nominasjonskomiteen. Vinner av prisen offentliggjøres i oktober.

Meld deg på vårt nyhetsbrev