Elephant9 - Nasjonal jazzscene, Victoria, 17. mars 2018

Eit fullsett Victoria dansa med Elephant9

Vi får noko som nærmar seg ‘The greatest show on earth’ – namnet på plata som feirast med eit utsolgt Victoria denne laurdagskvelden.

Ti år har gått sidan Victoria Teater vart jazznoregs nye Nasjonal Jazzscene, og ti år sidan Elephant9 kræsja jazznoreg i ein eksplosjon av ei plate med ‘Dodovoodo’. Supertrioen, med bakgrunn frå mellom anna BigBang (Nicolai Hængsle Eilertsen), Shining (Torstein Lofthus) og Supersilent (Ståle Storløkken), møtast i sin elsk for prog-eraen og vi får noko som nærmar seg ‘The greatest show on earth’ – namnet på plata som feirast med eit utsolgt Victoria denne laurdagskvelden.

Med same sløye bassriff som opnar plata, ‘Way of return’, er showet i gong. Basstromme, hihat, Ståle sin karakteristiske Supersilent-synth. Så kickar ‘Farmer’s Secret’ inn gjennom Noregs definitivt råaste basslyd. Allereie no legg eg merke til kor vanvittig alle tre er. Intense i blikket – det skal treffe så rett i trynet når Lofthus sine trommebrekk landar. Og Ståle. Ståle Storløkken, eg let meg sjokkere kvar gong eg høyrer det orgelspelet. Han har ein timing som manglar sidestykke.

Det i starten noko stramme publikummet, som alle helst vil ha plass sånn rett bak miksen eller i det minste bakerst i lokalet, blir snart like varm som pilsen dei gøymer i skjegget. Elephant9 har nettopp fyrt av ei musikalsk rakett på scena, før Ståle ynskjer velkomen med si lugne, lune stemme: “Så hyggelig at dere ville komme, fantastisk å spille for dere”.

Etter eit prog-episk preludium slår eit av tiårets hittil tyngste groove inn med eit skarpslag som vert slått langt ut i rommet. ‘Psychedelic backfire’ er endå tyngre enn på plata ‘Atlantis’ frå 2012, ei av to med Dungen-gitarist Reine Fiske. Dei leikar seg meir med denne no, Torstein Lofthus sine trommefills får så vidt plass mellom slaga. Om denne friare leiken har med Fiske sitt fråver å gjere skal eg ikkje påstå, men det er ein gjennomgåande større fleksibilitet denne kvelden enn på dei førre platene.

‘Actionpack1’. Eit klassisk happy rockeriff går over til ein snodig melodi – Lofthus vrir og vrenger på grooven for å nærme seg det finurlege språket i melodien. ‘Dancing with mr. E’. Nokre har grubla på om det er Keith Emerson det er snakk om – ein god teori når du høyrer låta. Lofthus blir kasta utfor i ein trommesolo med ekte wow-faktor – det er sjeldan det er meir på sin plass enn i dette uttrykket. Når Storløkken og Eilertsen kjem inn att høyrer eg euforiske skrik frå galleriet. Dei tre jobbar konstant konsentrert for å halde seg heilt i kontakt med intensiteten og energien – tre smågutar som leikar med straumgjerdet.

Etter 2010-hitten ‘Fugl Fønix’, får vi det som skal vere siste nummer. ’Freaks’ opnar med nok ein underleg mellotronmelodi. Låta som avsluttar ‘Greatest show on earth’ gjer assosiasjonane tittelen gir til sirkuset sterkare. Når den går over i veksel mellom ein 9/8-groove og ein i 4/4, vil eg danse med “frikarane”.

Det er godt og inn i mellom all følinga få noko så direkte kroppsleg musikk. Eg opplever ei kjensle, ein energi, ein tilstand på konsert med Elephant9. Kanskje best uttrykt gjennom Ståle Storløkken-dansen – den karkateristiske vugginga fram og tilbake på ulike slag i kvar takt, med alle underdelingane i kroppen. Electric Boogie. (Internett; lag ein gif)

Elephant9 er for mange ein nostalgitrip til ungdommen med progrocken. Som ekstranummer får vi vakre ‘Aviation’, frå ‘Walk the Nile’. Den startar som ein godnattsong til ein 12-åringen som har fått si første plate ein gong på 70-talet. Mor og far har seier god natt, og 12-åringen drøymer seg vekk i superheltkostyme. Når Lofthus så sparkar i gang drivande ‘John Tinnick’, einaste låt komponert av Eilertsen, løftar Victoria seg endå eit hakk – no skal det feirast.

Torkjell Hovland

Fra forsiden

Nyhet

Bestillingsverk fra Krogstad

Saksofonist Mona Krogstad vil formidle håp og ettertanke i bestillingsverket Serenity Now på Kongsberg Jazzfestival lørdag 6. juli.

Nyhet

Ti nye fra Moldejazz

I siste programslipp fra Moldejazz finner vi størstedelen av programmet til Alexandraparken, to konserter i Domkirka og en Storyville-konsert.

Meld deg på vårt nyhetsbrev