Kristin Asbjørnsen, Ablaye Cissoko & Olav Torget - Oslo World Music Festival, 03.11.26 cover
Kristin Asbjørnsen, Ablaye Cissoko & Olav Torget - Oslo World Music Festival, 03.11.26

FESTIVAL: I trio med Ablaye Cissoko og Olav Torget skapar Kristin Asbjørnsen vakre bilete i eit balansert og gjennomført lydlandskap. Med andre ord hadde det vore bra med litt fleire forstyrrande element.

I samarbeid med Riksscenen, og som ein del av nevnte arrangørs serie «Folk på torsdag», inviterte Oslo World Music Festival til konsert med Kristin Asbjørnsen og hennar trio med gitarist Olav Torget og den senegalesiske grioten Ablaye Cissoko. Musikken som blei framført er frå Asbjørnsen verk, Traces of You, først bestilt til Oslo Global Music med premiere på Caféteatret i mars i år.

Riksscenen er eit velutstyrt lokale med ganske fine tilhøve, og med publikum plassert på golvet med kafébord kom ein verkeleg tett på dei tre utøvarane. Det var ein kledeleg, intim  setting for Asbjørnsens låtar, som er både harmoniske og melankolske forteljingar om relasjonar og reiser (kanskje mest i overført tyding).

Asbjørnsen har ei svært karakteristisk stemme, med eit uttrykk som er både sårt og røft samtidig. Hennar rå undertonar blei raskt komplettert av Ablaye Cissoko sin klåre sang i eit mildt tenorleie. På samme måte blei hans virtuose, raske spel på koraen komplettert av eit solid komp frå Torget. Det slo meg tidlig at Torget hadde arbeida fram eit svært behageleg, klangrikt lydbilete med sine gitarar, pedalar og forsterkarar, og skapte ein solid grunnmur. Asbjørnsen sto i spiss som ein inderleg og intens formidlar, medan Cissoko krydra det heile då lot fingrane danse over koraen.
Slik var altså formelen bak suksessen, og rollene blei sjeldan stokka om. Av og til tok Torget ei solistrolle, gjerne med ornamentering som minte sterkt om dei karakteristiske trillene ein har på ein kora. Men først og fremst roterte denne musikken rundt Asbjørnsens tekster. Asbjørnsen har som regel klar tale, om sakn, om gi slepp, om å vandre på livets landeveg, og om å kome heim. Saman med det gjennomarbeida lydlandskapet i trioen kunne ein som publikum lene seg tilbake, og late seg bli omfavna av dei vakre, melankolske bileta som blei skapt.

Problemet er berre at eg som publikum også vakna undervegs, og lurte på om det snart skulle skje noko meir. Når formelen har blitt gjenteke i over ein time hadde denne konserten verkeleg trengt nokre brot i dramaturgien. Det er lite som er meir vakkert enn ein dyktig griot, men han fekk sjeldan tid til å skape sine eigne kapittel i forteljinga før ein var tilbake i den samme balansen som gruppa hadde frå start.
Også i tekstene til Asbjørnsen blei klisjear og like strofer gjenteke så mange gangar at dei mot slutten gav mindre og mindre inntrykk. Traces of You stod igjen for meg som eit verk med ein god start, men med store manglar undervegs.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Kommer det flere musikkbølger nå, går vi fra vettet

Lyse Netter-aktuelle Isak Hedtjärn fra folkjazz til punk, Europa rundt med Maria Schneider og Oslo Jazzensemble, ny norsk rockebølge presenteres på Hærverk i Parken, nytt Trondheims-storband debuterer, Eir Vatn Strøms åtte beste Bislett-minner, Gard Nilssen har ny musikk og en blogghalvdel har endelig fått kick på Jaki Byard.

JAZZPROFILEN

– Rett og slett bare utrolig givende

JAZZPROFILEN: Bassist Roger Arntzen oppsummerer 25 år med bandkolleger i Chrome Hill som utrolig givende og med fintunet kommunikasjon mellom musikerne. I anledning jubileet slipper Chrome Hill nå ny plate: - Vårt siste album inneholder mye ettertanke og melankoli, men vi har ikke sluppet helt taket på jazzrocken.

Meld deg på vårt nyhetsbrev