Vossa Jazz - laurdag 24. mars 2018

Barnleg ballongleik, mørk middelalder og frie rop

Vossasalen vart omgjort til ein barnehage og vi vart med på fri-improvisert katarsis i Festsalen på Vossa Jazz, dag to.

“Kva er vel norsk kulturarv anna enn møte mellom kulturar?”. Den sterke bodskapen til saksofonist og komponist Mathilde Grooss Viddal innleia FriEnsemblet sitt tingingsverk Tri vendur blés ho i den i høgaste sky i Osasalen. Middelalderballadene vart inderleg formidla av Unni Boksasp, ei av dei mest fengslande stemmene i landet og arrangementa til Grooss Viddal var sterke og klokt løyst. Ikkje minst klarte FriEnsemblet å etablere ei klangverd der fransk-syriske Naïssam Jalal sitt fløytespel, Kristoffer Alberts sin energisaksofon og Boksasp si stemme høyrde like godt heime. Harpa sit framleis igjen i meg – eg er sikker på at harpa laga av “hennar gule hår” høyrdest akkurat slik ut. Middelalderen var mørk.
Saka held fram under bildet.

Mathilde Groos Viddal (foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)

Etter at årets Vossa Jazz-pris vart tildelt felespelar Benedicte Maurseth, vel fortent med si “Vossa Jazz-iske” ånd, skulle vi få sjølvaste tingingsverket levert av Eirik Hegdal. Vossasalen vart omgjort til ein barnehage då nokre av våre mest kreative jazzistar fekk leike med Musical balloons. Her står “barnehage” for kreativ, virtuos, humoristisk leik – ikkje slik visse andre røyster vil ha det til. Tonespråk og ein del av løysingane let kjent frå tidlegare Hegdal-prosjekt som Triads and more og Sidewalk Comedy, men på det Hegdalske legorommet er det uendeleg med moglegheiter. Eit fantastisk fint banjo-kor frå Nils Olav Johansen i ein av ballongane og eit kalimba-aktig basskor i ein anna, var blant dei høgdepunkta. Trommeramp Jon Fält leita nysgjerrig etter den gøyaste tromma i ein solo før han braut igjennom: “ÅH! Det låter drit!”. Haha, for ei deilig holdning!
Saka held fram under bildet.

Tingingsverket (foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz)

Hildo stod for kinoopplevinga dag to på Gamlekinoen. Viser frå Voss – kortreist. I løpet av helga har jazzfolkemusikkfestivalen vist på kor vidt forskjellige måtar ein kan nærme seg i eit slikt sjangermøte. Med Tore Brunborg i jazzleiinga, etablerte det seg fort ei atmosfære eg fort ser for meg vil stå seg sterkt på plate – Brunborg sin saksofontone og Berit Opheim si stemme høyrer naturleg ihop, medan Stein Urheim sine strengeleikar gir ein klangmotstand som styrker uttrykket.

Når Natalie Sandtorv skulle sette i gong på Café Stationen, var det framleis ein del helikopterkviskrarar i båsane. Då Sandtorv og bandet slo hardt i bordet frå første låt, vart lattergaulinga etterkvart bytta ut med interesserte lyttarar. Med all den jazz/impro/støy-erfaringa desse unge har klart å opparbeide seg blir eit slikt låtbasert uttrykk særs sterkt.
Saka held fram under bildet.

Natalie Sandtorv (foto: ÅdneDyrnesli/Vossa Jazz)

Då Rohey vart plassert på same spot-en som Dos Santos i går måtte kjempe, kom dei med eit litt meir oppesen nysoul-uttrykk og eit låtmateriale som lettare erobra det litt trøblete rommet Pentagon. Dei har etablert eit solid liveuttrykk på kort tid, og har ein tett turnéplan foran og bak seg. Likevel hadde både Charlotte Dos Santos, Natalie Sandtorv og Rohey fortent betre rom der dei lettare får fokus. Kanskje hadde Vossasalen fungert betre? HP Gundersen and The Last Hurrah skapte jo ei god atmosfære der laurdagskvelden.

Ved sidan av Skadedyr og Anders Røine var det absolutte høgdepunkt desse dagane fri-improvisert katarsis i Festsalen med Møster/Edwards/Knedal Andersen. Dei hadde ikkje laga noko og skulle gi det til oss – vi fekk bli med på ein prosess der og då. Det er handling – å gjere. Og det slo meg – dette er jo folkemusikk godt som noko. Ingen notar, ingen cues, ingen leiar. Ingen gimmicks eller staffasje. Musikaren og skribenten David Toop har sagt at i fri-improvisert musikk skaper lyttaren like mykje som musikarane. Vi er med på å gjere i lag – i lag med desse frijazztungvektarane som har dette uttrykket som sitt morsmål. “Due to the contract, we have 13 more minutes to play”, seier Møster kl. 00:47. Det er nettopp det – rammer er komisk.
Og eg må berre få sagt; hjelp, John “The Legend” Edwards er rørande bra.

Torkjell Hovland

Fra forsiden

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Meld deg på vårt nyhetsbrev