Lørdag 18. apr 2026 kl. 18:00

Hardanger Big Band og Briotrio

Hardanger Big Band / Arna kyrkje
Lakslia 19

Storbandentusiastane Arild B. Nielsen og Ingrid Ø. Steinkopf har begge blitt tildelt Norsk Jazzforum sin storbandpris, Ingrid i 2020 og Arild i 2021. Dei er begge nyfikne på ny musikk, og nye former for samarbeid – og eit felles prosjekt mellom Briotrio og Hardanger Big Band vart fødd, eit samarbeidsprosjekt mellom det frivillige kulturlivet i Hardanger og det profesjonelle jazzmiljøet i Bergen. Den tredje storbandprisvinnaren frå Vestland, Michael Barnes, står òg på scena – så dette kan vi trygt seie er eit musikalsk stjernemøte!!
Låter frå Briotrio sitt univers er løfta inn i storbandformat i nyskrivne arrangement og med ei besetning som inkluderer dobbel kompgruppe og solistar. Her får publikum oppleva ein konsert med eit nytt og spennande klangunivers med stort spenn, store kontrastar og mykje energi – servert med eit variert og dynamisk uttrykk. Alle er hjarteleg velkomne!

Briotrio:     Ingrid Ø. Steinkopf – piano/fløyte
Thomas A. Lossius – kontrabass
Arne S. Sjøen – trommer/vokal
Hardanger Big Band:
Musikalsk leiar  Arild B. Nielsen – trompet
Vokal     Anne Cathrine Eiken
Sax     Angunn Handegard Trå
Tore Gjelsvik
Anne Karin Stormyr
Michael Barnes
Ann-June C. Fykse

Trombone     Grete Iversen Lillefosse
             Trond Steinstø
             Olai Mostad

Trompet     Mette S. Fonneland
            Solveig-Marie Huus
            Åse-Karin Strønen
            Sarah Marie Røstbø

Piano       Gro Belsnes Eide
Gitar        Håvard Ukvitne
Trommer    Lars Håvard Birkenes
Lyd         Eivind B. Nielsen
Crew     Jan-Tore Huus
———
Pris: kr 300 vaksen, og kr 150 born/student – vipps/kontant/TicketCo

Arr: Hardanger Big Band og Briotrio

https://www.facebook.com/reel/1695964754698778/?s=fb_shorts_profile&stack_idx=0

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev