Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen.
Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål?
Baker Hansen har leita etter svaret på dette sidan 2010, på fire utgjevingar og fleire hundre konsertar landet rundt. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er gjendikta og omarbeidd til vårt eige mål i vår eiga tid, framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. Med “våre eigne ord” kjem musikken nærare på lyttaren – og livet og leiken i det velspelande jazzensemble lyfter fram kvifor denne musikken har ein særstilling i mange jazz-hjarte.
Det nyaste albumet Ein song som liknar oss kom ut i september 2024. Her har klassikarar som “Autumn Leaves” blitt til “Haustlauv” (med tekst av Sylfest Lomheim) og “The Night We Called It A Day” har blitt til ei norsk “Midnattsol”.
«Dukker de opp på en jazzklubb i nærheten, er det vel anvendt tid å sette av en kveld i godt lag med disse gode musikerne.» (Jan Granlie, Salt Peanuts)
«Når så bandet er så til de grader på plass og har skjønt tekst- og musikkuniverset til fulle og vet hvordan det skal respekteres og samtidig tas videre, så har dette blitt nok ei stor stund med Baker Hansen.»
(Tor Hammerø, Nettavisen).
Sigurd Rotvik Tunestveit står for song og gjendiktingar, og arbeider til dagleg som dagleg leiar i Os kyrkjelyd.
Ellers medverkar:
Erling Skorpen, trompet
Tore Flatjord, trommer
Kjetil Jerve, piano
Stian Andreas Egeland Andersen, kontrabass
Bandet sel plater (CD/LP) etter konserten.
Billettar ord. kr. 350,- kan tingast på førehand hjå Olaug Bjørndal, tlf. 482 61 757 / eller kjøpast i døra via Vipps.
Fredag 04. apr 2025 kl. 19:00
Baker Hansen – Chet på norsk i Hålandsdal kyrkje
Bygdautvalet i Hålandsdalen og Fusa sokn / Hålandsdalen kyrkje
Støavegen 23, Eikelandsosen
