Lørdag 08. feb 2025 kl. 18:00

Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers Project – Kryssover Jazzfest Moss

Kryssover Jazzfest Moss / Arena, Moss kirke- og kultursenter
Moss

Dei veletablerte felespelarane Benedicte Maurseth og Sarah-Jane Summers samarbeider for fyrste gong i eit nytt tingingsverk, Máni, for hardingfele og fiolin. Båe utøvarar er kjende for sin djupe forankring i skotske og norske folkemusikktradisjonar, samt deira skapande og utforskande trong. Og som folkemusikarar alltid har gjort; står dei opne i sin samtid, og hentar impulsar frå andre kunst- og musikkinntrykk, gjerne innan jazz, ulik verdsmusikk, barokk- og samtidsmusikk. I det nye verket, Máni, som er det norrøne ordet for måne, vil klangeleg utforsking og gjentakingas kraft vera kjernen. Hardingfelas rike palett blir det berande gjennom ulike felestemmingar i tillegg til fiolinens direkte tale. Rytmikk og gjentakande frasar vil vekka assosiasjonar til gangarar, springarar, skotske slow airs, amerikansk minimalisme, og fri improvisert musikk. Verket blir også arbeida fram i samarbeid med lyskunstnar Randiane Sandboe. Alt tileigna månens gjentakande gravitasjonskraft, den evige sirkel, som ein meditasjon og noko rituelt, i form av puls, rytme, frasar. Uroppføring 9. april 2022 på Vossajazz

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev