Østerlide kler folkemelodiane i nye drakter av florlette, såre, lyse, mørke, sterke og røffe fabrikat. Skimrande som sol på vatn snor vokal og klokkespel seg rundt dryppande perler av gitar. Lyse og eteriske lydbilete avløysast av drivande gitarriff og perkusjon på full guffe. Vi får servert bloddryppande historier frå mørkaste middelalder, miraklar og gjengangarar, kjærleik og inderleg himmel-lengsel. I sentrum står som før dei uslitelige og tidlause folkemelodiane som er forma og slipte gjennom hundreåra. Når melodiane og historiene blir forma på nytt i Østerlides lydverden, får dei nye sjatteringar av fargar, lys og skugge, men er framleis dei same: – Nye og gamle på same tid!
«Liv Ulviks svimlande vakre kveding møter det botnsolide kompet Andreas Haddelands strenger og Ulrik Ibsen Thorsruds perkusjon, og saman lagar dei fascinerande og fengslande musikk» (Folkemusikk)
«Detta är sannerligen en kreativ trio, och deras tolkningar är dramatiska, spännande och minst sagt mångskiftande» (Lira)
«Det er [dette]som gjør Østerlide radikale og nyskapende, og eminent hørverdige.» (Morgenbladet)
«It’s unsettling in the way that your favorite critically acclaimed film is – it’s unsettling, but you love it» (Corpsonore)
Liv Ulvik – vokal, Andreas Haddeland – gitarar, Ulrik Ibsen Thorsrud – slagverk
Konserten er støtta av Norsk Kulturrråd og FFUK.
Foto: Ingvil Skeie Ljones