Lørdag 14. des 2024 kl. 14:30

Julejazz med Håvard Ersland Trio og Malin Dahl Ødegård

Sildajazzens venner / Høvleriet
Haugesund

Håvard Ersland Trio er ein pianotrio beståande av tre lyttande og kreative musikarar. Bandleiar og pianist Håvard Ersland kjem frå Imsland i Vindafjord og starta sin utdanning på konservatoriet i Stavanger. Det er høg kvalitet på låtmaterialet trioen serverar, og komposisjonane krydras med lekre detaljar og eit stort musikalsk overskot, samt ein solid porsjon speleglede. Musikarane Håvard har med seg i bandet som i tillegg til å vera ettertrakta frilansmusikarar er kjende frå band som Miriam Kibakaya Concept mange fleire. Bandet er trass sin unge alder nærmast telepatisk samspelte, heile tida lyttande og søkande, og skapar med det nye og spanande konsertopplevingar på kvar konsert.

Til denne konserten har dei fått med seg sjølvaste Malin Dahl Ødegård til å spre glede og julestemning. Malin er ein av dei mest spanande vokalistane og musikarane om dagen og er kjend frå blant anna JUNO og «Jul på romsdalsk» noko som kjem til å passe ypperlig inn i denne konserten! Håvard Ersland Trio

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev