Lørdag 15. apr 2023 kl. 20:00

Christina Dahl Ouartet (DK)

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Supergruppe frå Danmark til Stord Jazzklubb.
Christina Dahl er ein av dei mest respekterte saksofonistane i Danmark. Ho har stått på mange scenar med ulike band i heile Europa, og ho har spelt ei lang rekkje stader i Noreg dei siste ti åra. Christina Dahl Quartet gjesta Stord Jazzklubb hausten 2016, straks etter at klubben starta opp.
Christina skriv all musikken sjølv, og i komposisjonane ligg symbolske forteljingar om livet og all fargerikdomen ein finn der. Alle musikarane har ei rolle som berande solistar i éin felles leikande og fri kommunikasjon med stor originalitet.
Christina Dahl får ros av kritikarane for sin unike soul-klang og poetiske tolkingar. Ho er ein heilt særeigen musikar, med ein stil som varierer frå det mest intime og lågmælte til det ville og eksplosive.
Niclas Knudsen er ein uhyre produktiv musikar og allsidig gitarist. Han har vore innom mange genrar og maktar å skapa medrivande musikk.
Nils Bosse Davidsen er kjend som ein av Danmark sine førande bassistar, og han trakterer både bass og cello på høgaste nivå.
Trommeslagaren Espen Laub von Lillienskjold har solisteksamen på sitt instrument, og han eig ein frapperande teknikk som slett ikkje øydelegg for musikalsk innleving og presentasjon.
Få med deg gode musikalske overraskingar på Stord Hotell laurdag 15. april kl. 20.00!

Christina Dahl Quartet:
Christina Dahl – saksofon
Niclas Knudsen – gitar
Nils Bosse Davidsen – bass
Espen Laub von Lillienskjold – trommer

Sjekk denne lenka (bilde, info og musikk):
http://christinadahl.dk/

Sjå også:
https://www.stordjazzklubb.no og Stord Jazzklubb på Facebook

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev