Intervju

OJKOS spelar Tuva Halse: Reconnection

Det er tid for fiolinist Tuva Halse i OJKOS! Og det med verket Reconnection. Her vil Halse reconnecte – kople seg på ei tid ho var i før, musikken ho kom frå.

Av Torkjell Hovland

– Eg har vakse opp med mykje barokkmusikk heime. Både på anlegget, og dessutan i orkester som eg spelte i. Og så har eg alltid elska koralane, og dei kromatiske basslinjene i barokkmusikken, for eksempel. Så eg trur du vil høyre det i denne musikken. Det har blitt eit veldig tonalt verk.

Og i masteren sin på NMH har ho fokus på nettopp i barokkmusikk.

Men OJKOS er ikkje akkurat ei barokkorkester i instrumenteringa – korleis overfører du musikken til det? 

– Eg har tatt utgangspunkt i dei ulike seksjonane, og brukt den homogene klangen. Eg har vore særleg interessert i å plassere, for eksempel, koralar i ulike instrument – korleis låte det i messingblås versus treblås for eksempel. Og så er jo musikken på ein måte ganske skreddarsydd til kvar enkelt musikar.

På dette prosjektet har ho også med sine faste medspelarar pianist Benjamin Gisli og Oscar Haug på trompet. Dette i tillegg til et OJKOS som for anledningen er gjestet av flere tidligere studievenner fra Jazzlinja Trondheim.

– Eg ville ha rom til ein del solistiske spots, som gjorde at kvar enkelt skal få skine. Dei skal kunne male musikken sjølv.

Dette er første gong ho skriv for eit så stort ensemble:

– Det blir jo veldig grand! Eg får flashback til dagane eg spelte i symfoniorkester.

Med ein kjærleik for det nordiske jazzuttrykket i tillegg, så blir det fort filmatisk, fortel Halse. 

Kva film kunne denne musikken vore til då?

Hehe…ja, det var faktisk ein som sa at han såg for seg Ringenes Herre når han høyrde den siste Bento Box-plata.

Det er jo eit kompliment! Kunne du tenke deg å skrive musikk til film?

Ja, absolutt!

Tuva har altså ute ei rimelig fersk plate med Bento Box Trio – Somehow I lost my way.

Tittelen kan jo vekke tankar, og for Tuva, så tek alltid musikken utgangspunkt i tankar eller kjensler: – Eg set meg aldri ned og tenker – no skal eg skrive ei låt – det startar med kjensler, og eg er ein veldig kjenslevar person. For meg er det viktig å ha det, for då har eg ein intensjon. Det er ikkje viktig at folk som høyrer akkurat det, men eg trur det har noko å seie AT det har ein tydeleg idé frå meg.

Og no er det altså å igjen kome i kontakt med musikk og idear – Reconnection:

– Det er mykje nostalgi, men det er også å kome tilbake til idear ein kanskje har mista eller gløymt på vegen.

Til slutt – kva høyrer du på om dagen, då?

– hm…ein blir alltid litt satt ut når ein får det spørsmålet, men eg trur eg høyrer mest på den musikken eg vil prøve å lage sjølv. Eg veit for eksempel at utgjevingane frå ECM og ACT ofte er innertiar for meg. Og inn mot dette prosjektet har eg høyrt på Trondheim Jazzorkester sine plater, særleg We Are med Erlend Skomsvoll og ferske Maetrix med Espen Berg og TJO – i tillegg til Kenny Wheeler si Music For Small and Large Ensembles, då sjølvsagt. Den har eg alltid hatt eit nært forhold til.


Konsert: OJKOS spiller: Tuva Halse

tirsdag 26. november kl 20, dørene åpner 19

Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 280 / 230 / 180

Ingeborg Gravem Sollid – vokal
Tuva Halse – fiolin
Sol Léna-Schroll – saksofon
Amalie Dahl – saksofon
Aksel Rønning – saksofon
Ville Lähteenmäki – bassklarinett
Oscar Andreas Haug – trompet
Øyvind Mathisen – trompet
Jørgen Bjelkerud – trombone
Martin Lee Thomson – euphonium
Andrine Dyblie Erdal – cello
Åsmund Perssønn Ødegaard – gitar
Benjamín Gísli Einarsson – piano
Håkon Huldt-Nystrøm – bass
Trym Saugstad Karlsen – trommer

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturfond og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

HEKS - Nasjonal jazzscene, Victoria - 10. desember 2024

Eleganse og verdighet

KONSERT: Pynteligheten utfordrer størrelsen på innholdet denne kvelden.

Nyhet

Marthe Lea med bestillingskonsert

Når Nasjonal jazzscene sesongåpner fredag 17. januar, er det Marthe Lea som har fått det ærefulle oppdraget med bestillingskonsert. I "Ode til lek" presenterer Lea et helt nytt band og har laget komposisjoner som skal dyrke fri improvisasjon mellom de fire musikerne. - Vi på Jazzscenen beundrer Marthe Leas åpne og søkende spill og ville dele denne med flere, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev