Intervju

OJKOS spelar: Maria Dybbroe og samanvevde liv

Den danske saksofonisten Maria Dybbroe vender tilbake til OJKOS med inspirasjon frå den underjordiske verda av sopp. I sitt nye verk skaper ho musikalske forgreiningar som speglar naturens komplekse samspel og vårt skjøre økosystem – utan at det må vere politisk.

Av Torkjell Hovland

– Det er eit heilt nytt OJKOS sidan sist, så eg har bevega meg inn i noko nytt og ønskte å skrive for det orkesteret som det er no, fortel Dybbroe.

Denne gongen ønskte ho å hente inspirasjon frå noko utanfor seg sjølv – både i musikken og teksten.

Temaet ho landa på var sopp!

– Det var særleg etter å ha lese boka «Sammenvevde liv» av Merlin Sheldrake. Det er så fascinerande med det underjordiske nettverket. At vi har desse organismane som kommuniserer, seier ho entusiastisk.

– Sopp kan vere både skummel og ekkel, men også livsviktig, som til dømes i penicillin. Det er jo soppar som har blomstra opp etter atomulykker, ikkje sant? Det er utruleg korleis dei kan overleve og tilpasse seg.

Musikken speglar denne fascinasjonen. På same måte som soppnettverket bind saman naturen, ønskjer Dybbroe å skape musikalske forgreiningar i musikken.

– Musikk er også ein stad der vår kontroll opphøyrer. Det er ein slags spiritualitet – ofte veit vi ikkje kvar impulsane kjem frå. Kanskje får vi informasjon frå alle moglege stader som vi ikkje er klare over.

– Denne verda vår rommar så mykje meir enn kva vi kan kontrollere.

Og det opplever ho også i musikken:

– Eg blir stadig overraska over korleis ideane mine høyrest ut når eg høyrer dei framført. Eg elskar når ting ikkje er planlagt – ein startar ein stad, og så følger ein det kvar enn det vil.

Og denne refleksjonen blir ekstra sterk når vi står i eit hav av økologiske kriser:

– Vi øydelegg mykje meir enn vi forstår. Berre ved å vere eit menneske i kontakt med omverda, blir ein konfrontert med dette. Tenk til dømes på havet rundt Danmark – det er snart heilt dødt.

Men likevel så er ikkje verket politisk i utgangspunktet. Det er berre at tematikken er uunngåeleg.

– Eg er bekymra som alle andre, sjølvsagt. Men først og fremst er det eit kunstverk eg set i gang med, og så hamnar ein inn i den tematikken. Er du eit menneske i kontakt med omverda, så blir du konfrontert med det.

– Eg har heller ikkje lyst til at det skal vere så stringent, så konseptuelt liksom.

I botn og grunn handlar det om å sanse. I naturen kjenner ho seg sansande på same måte som i musikken.

– Når den sansinga forsvinn, når ein opplever seg ikkje-sansande, er det berre trist.

Sist gong ho spelte med OJKOS, utvida ho orkesteret med kvintetten sin, Caktus, men også denne gongen har ho valt å invitere gjestar. Blant dei er Mariam Wallentin, kjent frå Fire! Orchestra og Wildbirds & Peacedrums.

– Ho har ei heilt eineståande stemme som eg lenge har hatt lyst til å ha med i min musikk. Som kunstnar og tolkar … eg kjenner jo musikken hennar godt, og det har vore ei fryd å skrive musikk spesielt for henne. Eg er rett og slett superglad for at ho hadde lyst til å vere med.

I tillegg har ho med seg Katt Hernandez på fele, Lars Andreas Haug på tuba, gitarist Torstein Slåen og bassist Petter Asbjørnsen.

– Reint klangmessig vil strykarane dominere på ein annan måte denne gongen. Petter Asbjørnsen er jo ein svært god strykebassist i tillegg til at han har bakgrunn fra jazzen, og med Katt Hernandez på fele i tillegg til Tuva Halse, får vi ein rikare strykarsound.

Og elles i haust?

– Jo, eg slepp snart ei plate med trioen ’Bloomers’ saman med Carolyn Goodwin og Anne Efternøler – vi skal til New York i samband med det platesleppet, og så har eg nettopp fullført ei duoplate med den danske trommeslager P.O. Jørgens. I tillegg jobbar eg med eit samarbeid med saksofontrioen Coriolis og forfatter Gry Stokkendahl Dalgas.

Her kan du høyre ein mixtape Maria har laga for SVS Radio med musikk som har inspirert ho.


Konsert: OJKOS spiller: Maria Dybbroe

tirsdag 29. oktober kl 20, dørene åpner 19

Victoria Nasjonal jazzscene, bill: 280 / 230 / 180

Mariam Wallentin – vokal
Andrea Giordano – vokal/fløyte
Maria Dybbroe – saksofon
Sigrid Aftret – saksofon/fløyte
Ville Lähteenmäki – bassklarinett
Øyvind Mathisen – trompet
Jørgen Bjelkerud – trombone
Tuva Halse – fiolin
Katt Hernandez – fiolin
Andrine Dyblie Erdal – cello
Lars Andreas Haug – tuba
Åsmund Perssønn Ødegaard – gitar
Torstein Slåen – gitar
Petter Asbjørnsen – bass
Trym Saugstad Karlsen – trommer

Komposisjonen og konserten er støtta av Norsk kulturfond og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Nyheter

Hans Mathisen hedret med Storbandprisen 2024

Musikalsk leder for Sandefjord Storband, Hans Mathisen, ble lørdag 19. oktober hedret med Norsk jazzforums Storbandpris 2024. Mathisen er og har vært inspirator og pådriver for sitt storband i en årrekke, og får mye av æren for bandets fremgang og utvikling, sier Norsk jazzforum i begrunnelsen for prisen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev