Intervju

(En metode for) å finne den absolutte fridomen

Måndag 14. august kl 20 feirar Oslo jazzfestival arven etter George Rusell med ein konsert med Orkesteret for Jazzkomponistar i Oslo – også kjend som OJKOS – og med Russell-disippel Helge Lien som gjest. I den forbindelse har me tatt ein liten prat med Lien – for å lære litt meir om hans forhold til Russell og om det noko esoteriske The Lydian Chromatic Concept of Tonal Organization.

Tekst: Karoline Ruderaas Jerve

23. juni 2023 ville pianist, trommeslagar, komponist og teoretikar George Allen Russell ha fylt hundre år. Medan han budde i Noreg og Sverige på 60-talet – altså, hald deg fast, for omtrent seksti år sidan – inspirerte Russell mange unge musikarar. Blant dei var etter kvart ganske betydelege Jan Garbarek, Arild Andersen, Jon Christensen og Terje Rypdal, og omsider pianist Helge Lien. Saman med OJKOS skal han gjere ære på Russells arv i Noreg førstkomande måndag, 14. august.

Fortel litt om dette prosjektet!

— Det er eit initiativ av Johan Hauknes i samband med at George Russell feirar hundreårsdag. Det er jo veldig kult at han har gjort det, for det er ikkje så mange som markerer det, som er spesielt. Markeringa seier noko om at Russell har vore veldig viktig i Noreg, blant annet for Garbarek og den gjengen, som møtte han da han var her. Russell tok dei inn og skreiv musikk for dei. Dei fekk ein inspirerande «flying start» der.

— Musikken på måndag blir det ikkje så lett for meg å seie så mykje om, men eg hadde eit introduksjonsseminar med OJKOS kor eg fortalde om The Lydian Cromatic Concept of Tonal Organization, som er George Russell sitt hovudverk, fordi dei skulle skrive ny musikk og la seg inspirere av dette. Elles kan eg seie at eg gleder meg veldig til å sjå kva disse unge menneskja skaper med denne inspirasjonen som utgangspunkt. Vi skal øve no i helga og så er det rett på konsert måndag.

Har du hatt innsikt i den prosessen deira?

— Nei, eg møtte dei berre denne eine gangen. Min inngang i dette er at eg er veldig opptatt av George Russell.

Kva er ditt forhold til George Russell?

— Eg har jo i mange år vore klar over konseptet The Lydian Chromatic Concept of Tonal Organization, og byrja å kikke på det for ein god del år sidan – fant det på nett og blei kjempeinspirert. Eg haldt på med det lenge, las, og fekk mykje å tenkje på. Det har berre opna seg opp, gjennom åra.

Lien fortel at det heile handlar om det Russell kallar tonal gravity og tonal gravity field. Den tonale gravitasjonen ter seg nærast som ein naturkraft som finns i kvar tone og korleis tonar forhald seg til kvarandre.

— Ut ifrå det kan du sei at det finnast eit tonalt gravitasjonsfelt kor alle skalaer, tonar, harmoniske fenomen, er rangert i et «close-to-distant relationship» til dette fenomenet. Ein kan tenkje at det er ein måte å lære korleis ein på kontrollert vis kan flytte seg frå ein kjerne og ut i periferien, harmonisk. Om ein tenkjer på det som eit solsystem, korleis orientere seg inn mot, og vekk frå sola.

Vidare seier Lien at den lydiske skalaen slik vi kjenner den (som mode/kyrkjetoneart) er grunnlaget. Den tonale gravitasjonen styrer måten skalaene utviklar seg, og er basert på intervallet kvinten, som har sterkast tonal autoritet.

— Når ein stablar kvintar nedover frå ein tone vil alle tonane overgje sin tonale autoritet til kvinten under. Speler ein seks slike kvintar nedover får ein alle tonane i den lydiske skalaen, og den nederste kvinten får den absolutte tonale autoritet – den lydiske grunntonen. Denne skalaen utgjer det gravitasjonsfeltet som ein så byggjer nye skalaer ut i frå.

— Som improvisatør kan eg da forhalda meg, ikkje berre til grunntonen, men til den lydiske grunntonen. Og dei skalaene er helt fantastiske fordi dei fargelegg akkorden på ein heilt ny måte, gir heilt andre moglegheiter. Det er eit utruleg verktøy for å utforske ein kvar harmonisk situasjon.

På måndag vil ditt bidrag være improvisasjon tufta på dette her?

— Ja, det vil eg seie at eg prøver på. Eg vil fargeleggje musikken med dette systemet.

Du har sjølv tatt timer med George Russell-elev, Andy Wasserman (f. 1960). Korleis var disse møta?

— Me har hatt timar kvar veke i seks månader, og det er heilt fantastisk. Me går gjennom kvar setning i den boka omtrent, og jobbar oss gjennom alt som er der. Han er ein veldig kunnskapsrik mann og kjempeflink formidlar. Det er heilt vanvittig kor mykje eg lærer av det kvar gong. Det er omtrent som å bli undervist av Russell sjølv, når ein går så djupt i materien med ein som er så tett på kjelda. Wasserman tok timar med Russell da han var ung og blei seinare ein venn og samarbeidspartner. I den 20-årige utviklingsprosessen av det fullstendige verket var han ein viktig sparrepartner for Russell

Lien fortel at timane har føregått over Skype, da Wasserman bur i New Jersey, og neppe reiser så mykje.

Har du planar om å få han hit?

— Han skal ha eit video-overført foredrag på nett som samstundes sendast live på Nasjonal Jazzscene Victoria i morgon, torsdag 10. august klokka 1400. Dette, og konserten, er i regi av Norsk Jazzforum, Østnorsk Jazzsenter, Oslo Jazzfestival og Oslo Jazz Circle – og meg, da.

Verdt å merke seg, er at Johan Hauknes også skal lede ein samtale i forkant av konserten kor han fortel litt om bakgrunnen for konserten og karriera til Russell.
Til trass for Wassermans fysiske utilgjengeligheit har Lien eit håp om at fleire enn han skal møte og bli undervist av Wasserman, til dømes ved ein masterklasse.

— Det har eg veldig lyst å få til neste år. Eg har eit fag på NMH som heter LYCHRO, som handlar om The Lydian Cromatic Concept of Tonal Organization, og eg vil gjerne få han inn der.

Korleis høyrer vi George Russell i norsk musikk i dag?

— Det som er så fantastisk med dette konseptet er at det heilt sjangerfritt. Det er ikkje ein type musikk, lyd eller sound.

I tillegg til Garbarek nemner han Torgrim Sollid, og korleis han til dømes skriv musikk for storband.

— Det er ikkje ein stilstudie, men ein djupare forståing av korleis musikk verkar.

Er det esoterisk?

— Det er absolutt esoterisk og spirituelt og emosjonelt. Det er eit mål for ein musikar å syne «intellectual brilliance», «intuitive perception», «emotional fire», og «spiritual depth».

— Eg kan kanskje tenkje meg at det som er litt spesielt med norske jazzmusikarar – som jo har sin arv frå Garbarek, Rypdal, et cetera – er at dei har ein djup fridom i korleis dei uttrykker seg gjennom improvisasjonsmusikk. Me er ikkje så kopierande som kanskje mange andre er. Arild [Andersen] sa det at sjølv om han ikkje har studert Russell på nokon måte, fekk han ei oppleving av at ein kan spele alt, på alt. Det er ingen grenser for kva ein kan tillate seg.

— For meg er dette systemet ein metode for å gå inn, og finne den absolutte fridomen.

Måndag 14. august kan du altså høyre lyden av ny norsk jazz inspirert av Russell på Oslo jazzfestival, Nasjonal Jazzscene Victoria klokka 2000 (dører klokka 1900).

Fra forsiden

Nyhet

Tre nyheter fra Oslo Jazzfestival

Maria Kannegaard Trio skal spille på MUNCH under Oslo Jazzfestival i august, amerikanske Irreversible Entanglements tar turen til Blå, og kubanske Alexander Abreu & Havana D´Prímera gjester Cosmopolite.

Nyhet

Sju nyheter fra Jazzfest

Karin Krog og Bjørn Alterhaug feirer sitt lange musikalske samarbeid, og Mette Rasmussen vender tilbake til Trondheim med sin Trio North. I tillegg er Knut Reiersrud, Francesca Tandoi Trio, Obradovic-Tixier Duo, Jovan Pavlovic og Anja Skybakmoen klare for Jazzfest i Trondheim i mai.

Meld deg på vårt nyhetsbrev