Nyheter

Generasjonsskifte i OJKOS – ti nye medlemmar

Det er eit generasjonsskifte på gang i Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo, og i løpet av 2023-24 skal heile besetninga byttast ut.

Over 60 høgt kvalifiserte utøvarar/komponistar har søkt om å få plass i den nye besetninga og av desse fekk sju tilbod om plass fra august 2023. Ytterlegare tre musikarar får plass i orkesteret fra januar 2024.

OJKOS – Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo er eit kollektiv med plass til 16 skapande og utøvande musikarar i etableringsfasen. Kvar utøvar får tilbod om å vere ein del av bandet i inntil fem år før ein må gje plassen vidare til neste generasjon.

Juyen i denne runda bestod av Sigrid Aftret, Knut Kvifte Nesheim og Magnus Murphy Joelson fra OJKOS, i tillegg til Mathilde Gross Viddal (ekstern) og Audun Ellingsen (Østnorsk jazzsenter). Det vart lagt vekt på søkarane sin kompetanse og potensiale innan både utøving og komposisjon. I tillegg vart dette vurdert opp mot instrumentering i ensemblet.

Besetning hausten 2023:
Andrea Silvia Giordano (ny) – vokal/elektronikk
Tuva Halse (ny) – fiolin
Andrine Dyblie Erdal (ny) – cello
Henriette Eilertsen – fløyte
Maria Dybbroe – saksofon
Sigrid Aftret – saksofon
Sol Léna-Schroll (ny) – saksofon
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Richard Köster – trompet
Lyder Øvreås Røed – trompet
Martin Lee Thompson (ny) – euphonium
Magnus Murphy Joelson – trombone
Liv Andrea Hauge (ny) – piano
Arne Martin Nybo – gitar
Alexander Hoholm – bass
Trym Saugstad Karlsen – trommer

Besetning våren 2024:
Andrea Silvia Giordano – vokal/elektronikk
Tuva Halse – fiolin
Andrine Dyblie Erdal – cello
Henriette Eilertsen – fløyte
Maria Dybbroe – saksofon
Sigrid Aftret – saksofon
Sol Léna-Schroll– saksofon
Øyvind Mathisen (ny) – trompet
Richard Köster – trompet
Martin Lee Thompson– euphonium
Andreas Rotevatn – trombone
Johannes Fosse Solvang – trombone
Liv Andrea Hauge – piano
Åsmund Perssønn Ødegaard (ny) – gitar
Georgia Wartel Collins (ny) – bass
Trym Saugstad Karlsen – trommer

Hausten 2024 blir fire nye plassar ledig. Desse vil bli lyst ut i starten av 2024.

Fra forsiden

Nyhet

Neset og Andsnes i Operaen

Jazz og klassisk forenes når saksofonist Marius Neset og pianist Leif Ove Andsnes spiller i Operaen under Oslo Jazzfestival i august neste år.

Nyhet

Sildajazz omorganiserer

Styret i Sildajazz omorganiserer etter flere år med underskudd. Terje Ekrene Vik går av etter ett år som festivalsjef, og festivalen vil nå få en ren dugnadsbasert drift.

Meld deg på vårt nyhetsbrev