Nyheter

Musikk når alt står stille

Trompetist Richard Köster har skrive musikk for OJKOS som er inspirert av stadar og hendingar han har reist tilbake til når verda plutselig vart stengt og tida stod stille i år.

– Det var ein interessant kontrast mellom det å vere overalt i fjor og å vere på same stad så lenge no i år.

Korleis har du brukt dette konkret i denne konserten?
– Det er alltid ei balanse mellom stader og hendingar. Stadane uttrykkast som noko meir statisk i musikken, medan hendingane føregår på toppen. Men det har ikkje naudsynleg noko å bety for stilen i musikken, det er like ofte at eg har brukt det til form og dynamikk.

– Minna blir ei salig blanding av menneske, kulturar og opplevingar når ein tenkjer tilbake på det.

Köster er oppvaksen i byen Burghausen i Sør-Tyskland, på grensa til Austerrike. Berre ein halvtime frå Salzburg. Sidan har han reist rundt til Wien for å ta ein bachelor som han avslutta i Nederland, før han starta master i Sveits og avslutta i Oslo.

Kanskje ikkje rart at Köster sin eigen kvintett Coastline Paradox er spreidd utover heile Europa.

Er det stor forskjell på å skrive for kvintetten og eit stort ensemble som OJKOS?
– Eg synst det er noko ganske annleis ja. Det er spennande å bruke besetning og instrumentering til å prøve noko nytt. Difor var det spennande å utnytte det store i OJKOS, men samtidig prøve å begrense.

– For eksempel har eg vore oppteken av at kvar musikar skal vere ein del av ein større lyd, at ikkje nødvendigvis kvar enkel stemme er så tydeleg.

Det er interessant! Det skil jo seg frå det ein som oftast høyrer i dag, at folk er opptekne av å løfte fram dei individuelle stemmene meir enn det kollektive uttrykket. Du tenkjer meir som i eit tradisjonelt orkester?
– Ja, eg synst det er interessant å vere medviten på samspelet med heile gruppa. Det er interessant om eg for eksempel som trompetist kan ha ein funksjon i lydbiletet saman med perkusjonsinstrument eller kontrabass som har heilt andre føresetnader lydmessig. Det er det veldig mykje av i musikken.

Köster har ein rik bakgrunn som storbandmusikar: – I Austerrike var det veldig mykje tradisjonell storbandmusikk. Og så var eg del av eit stort tysk ungdomsstorband der vi hadde spennande samarbeid med blant andre John Hollenbeck, det var ei heilt anna verd. Og så kom eg til Oslo der det var det eksperimentelle og inspirasjon frå moderne klassisk musikk som dominerte.

Kva var det frå den klassiske verda du vart interessert i?
– Mykje romantisk russisk musikk…det er jo litt interessant at vi som jazzmusikarar ofte går tilbake i tid i den klassiske verda når vi skal gå framover i vår musikk.

Er det gjennomkomponert musikk, dette prosjektet?
– Det er veldig lite solo over skjema og akkordar iallefall, men nokre opne parti. Elles er det rimelig gjennomkomponert altså. Eg har valgt å fokusere på det større bildet meir enn solistiske roller. Når eg først har moglegheita til det er det mykje meir spennande.

– Eg likar å tenke at der er eit stort overordna, samla uttrykk, og så kan lyttaren gå djupare ned i detaljar. Lenger inn i komposisjonen.

Er det noko du er oppteken av når du lyttar også?
– Ja, eg er mest glad i musikk der eg oppdagar nye ting kvar gong eg lyttar til det. Det fins jo nokre komposisjonsmetoder som leikar med nettopp det. For eksempel gjenbruk av motiv. At ein har eit motiv som går igjen i ulike lag av musikken.

Heile verket som Köster har skrive for OJKOS no er basert på to hovudmotiv.
– Det er interessant å ta tak i noko enkelt å så heller bygge noko komplekst ut frå det.
I tillegg til at ensemblet er utvida med Øystein Aarnes Vik, då Knut Kvifte Nesheim er oppteken med vibrafonen, har også denne gongen er også David Hveem med som dirigent.
– Det har virkelig vore befriande. Då får ein også heilt andre moglegheiter med uttrykket når ein skriv musikken. Eg hadde tenkt å ha dirigent heile tida, men eg trur fleire vil ha med det no.

Köster har vore med sidan starten av OJKOS for to år sidan.
– Det er deilig at vi kjenner kvarandre så godt no. Vi veit om styrkene til kvarandre og kan skrive musikk på ein heilt annan måte.

Planen var eigentleg å ta med denne musikken på turné til Tyskland i år, men no får ein berre sjå korleis situasjonen utviklar seg. Plate skal det iallefall bli!

www.richardkoester.com
www.ojkos.no

Tekst: Torkjell Hovland


Konsert:

OJKOS Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo
tirsdag 29. sept.., dørene åpner 19 / konsertstart 20
Victoria Nasjonal jazzscene

Henriette H. Eilertsen, fløyte
Camilla Hole, saksofon
Tina L. Olsen,  saksofon
Richard Köster,  trompet/komposisjoner
Lyder Øvreås Røed, trompet
Tancred H. Husø¸ trompet
Andreas Rotevatn, trombone
Magnus J. Murphy,  trombone
Johannes Fosse Solvang, trombone
Kristoffer Håvik,  piano
Arne Martin Nybo, gitar
Mike McCormick, gitar
Alexander Hoholm, bass
Knut K. Nesheim, trommer
Øystein Aarnes Vik, trommer
David Hveem, dirigent

Komposisjonen er støttet av Norsk kulturråd

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev