Ukas Jazzprofil

UKAS JAZZPROFIL: Ingrid Øygard Steinkopf

Pianist, komponist og bandleder Ingrid Øygard Steinkopf slapp ny plate med bandet BounceAlarm i sommer, og 9. oktober på Dokkhuset i Trondheim har hun premiere på helt ny musikk med sitt eget storband, Starlight Big Band.

Hver mandag presenterer Jazzinorge.no en aktuell musiker, arrangør, storband eller jazzaktør som Ukas Jazzprofil. Har du tips, send oss gjerne en epost.

Ingrid Steinkopf

Hei, Ingrid, hvordan står det til?
– Hei, Camilla! Hyggelig å høyre frå deg. Det går greit, du. I livets berg og dal-bane går det opp og ned. For å vere ærleg, er eg lei av korona…

Men du har snart premiere på ny musikk skrevet for Starlight Big Band, et storband som du selv etablerte for bare et par år siden. Fortell litt om bandet og bakgrunnen for at du startet det opp.
– Det stemmer. Veldig kjekt å få skrive musikk for det bandet der! Altså, det heile var på sett og vis relativt tilfeldig. Gjennom åra mine i Trondheim, har eg stifta eit godt bekjentskap med Dokkhuset Scene både som frivillig (anbeflast!) og ved å ha spelt konsertar der fleire gonger. Slik har eg blitt godt kjent med staben der, trivelige folk, og er til stadig innom kontoret. Produsent Arild Schei er ein av dei eg ofte slår av ein prat med. Så var det ein gong eg var innom at Arild hadde starta å tenkje på det årlege Vinterjazz som brukar å vere siste helga i januar. Han hadde lyst til å gjere noko nytt, noko anleis. Kanskje kun kvinner på scena i ulike konstellasjonar, kanskje ei blanding av ulike band osv. Han lurte på om eg kunne tenke meg å vere koordinator for prosjektet, og bad meg gå heim og tenkje på ulike mogelegheiter, noko eg gjorde. På dette tidspunktet var eg organisatorisk leiar i studentstorbandet, Kjellerbandet, og hadde storband på hjernen. Eg hadde og delteke på Norsk jazzforum sitt storbandmøte i samband med storbandfestivalen på Lillestrøm i nokre år, samt arrangert studentstorbandtreff i Trondheim saman med min kompis Fredrik Haga. Eg mildt sagt pusta storband. Så skjedde det som brukar å skje med meg, eg fekk ein idé. Noko seinare same kveld skriv eg ei melding til Arild og spør, kva med eit storband? Med kun kvinner? Han tente på idéen og sa: god idé! Du fiksar bandet, så fiksar eg konserten, og der var startskuddet satt. Eg kjente ein del som spelte i storband, eller andre større besetningar, som eg spurte i veg. Eg fekk og lov til å leite i arkivet til Trøndelag Big Band etter notar og repertoar. 5. desember 2018 hadde bandet si første øving, første konserten var 26. januar 2019. Det gjekk raskt, men plutseleg var bandet etablert, og eg fekk på beina eit styre som kunne vere med og jobbe med prosjektet vidare, for me måtte jo fortsette! Bandet er no eit prosjektbasert band med rullerande besetning frå prosjekt til prosjekt. Oppsettinga av det tradisjonelle storbandformatet, er det einaste som er fast. Trombonerekka på kommande prosjekt har aldri sett slik ut, og kompet ser og noko anleis ut frå første konserten for eksempel.
Det er eit veldig spennande og utfordrande prosjekt å jobbe med. Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at bandet har ein politisk agenda på sitt vis, men det skal ikkje komme i vegen for det musikalske. Eg kan jo óg røpe at bandet jobbar med å utgi eigen musikk! Dette vil sannsynligvis skje i 2021, så følg med!

”Expectations ” skriven av Steinkopf til konsert 7. april 2019 framført av Starlight Big Band:

«A fair game», musikk av Steinkopf, tekst av Malin Dahl Ødegård:

Hva kan vi vente oss under premieren på Dokkhuset i Trondheim 9. oktober?
– Lyd! Stort band veit du, men bra lyd. Det er alltid god lyd på Dokkhuset, men du tenkte kanskje meir på det musikalske.. Eg er jo inspirert av andre som skriv for storband, som Christine Jensen, Darcy James Argue, Mike Holober, samt kjente storband som Jakob Mann Big Band, DR Big Band, SWR Big Band osv. Samstundes er det ikkje alltid eg kan redegjere frå kvar eg har inspirasjonen til enkelte låter. Det blir groove. Det blir klangar i blåsen, det blir riff og det blir mykje saxkor! Elisabeth Lid Trøen er jo med som solist! I alle fall blir det kjekt, så skaff deg billett.

Du komponerer for og spiller med mange andre band også, blant annet BounceAlarm. Og der er det også noe nytt?
– Apropos Elisabeth Lid Trøen, ja, dette er vårt prosjekt. Me starta opp i 2015, spelte litt konsertar i både inn og utland før me fekk somla oss til å gå i studio og spele inn musikken. Dette skjedde våren 2019, og plata vart sluppen juli 2020. Det nye her er vel at musikken me har spelt ei stund endeleg lettare kan delast med verda, i CD-format, eller digitalt. (Om du vil ha ein CD, send meg ein mail eller ei melding, så ordnar me det). Me er fleire som komponerer musikk til denne gjengen, og det er ope for at alle kan skrive, men det har vel gjerne blitt mykje Lid Trøen og eg sjølv som har stått for komposisjonane enn så lenge.
Me spelar ein liten releasekonsert 21. november på Herr Nilsen. Særs få plassar, men dei som er tidleg ute, kan komme og høyre oss der. Ellers blir det vestlandsturné til våren med den gjengen.


BounceAlarm, bak fra venstre: Elisabeth Lid Trøen (tenorsax) og Sturla Hauge Nilsen (trompet). Foran fra venstre: Rino Sivathas (trommer), Ingrid Øygard Steinkopf (piano/fløyte), Christian Cuadra (altsax) og Morten Berger Stai (kontrabass). Foto: Vegard M. Bye

Har du andre spennende prosjekter på gang?
– Tja, eg kan vel nevne Jazzlinja på Molde VGS. Det er strengt tatt ikkje mitt prosjekt, men eg har fått jobba med gjengen der over ei viss tid no, og det har vore verkeleg kjekt. Så om nokon kjenner nokon som kunne tenke seg å gå på jazzlinje på musikklinja på vidaregåande, då vil eg anbefale å søke i Molde.
Ellers har eg trioen, Briotrio. Me slapp plate i 2019 som kan høyrast digitalt eller på CD om ynskjeleg, og jobbar med å gå i studio med nytt materiale. På sikt kjem det ny musikk frå den kanten og, følg med! Enn så lenge øver me.

Apropos trio, Steinkopf Trio, fortell! Du har jo to søsken som også er jazzmusikere. Hva er det med denne Steinkopf-familien i Vaksdal?
– Det stemmer ja. Oda går no andre året på jazzlinja i Trondheim på bass, og Sigurd går siste året på Griegakademiet i Bergen på trommer. Standarkommentaren er vel at me har vakse opp i ein musikalsk familie, men at alle tre skulle hamne på jazzfeltet av den grunn, er nok ikkje sjølvsagt. John Taylor og Voss Jazzskule må nok ta noko av skulda for det.. Me har alle vore innom ulike instrumenter i oppveksten, og i ein alder av 14 år starta eg å spele jazzpiano hjå Taylor, medan bror min spelte trommer i eit jazzband med same lærar. På eit tidspunkt kommenterte pappen, som eg kallar han, at me mangla kun bass, så ville me ha ein trio, og foreslo for Oda at ho kunne prøve det. På det tidspunktet spelte ho både fiolin, piano, song og orgel, men var ikkje negativ til å teste kontrabass, så slik vart det. Steinkopf Trio var starta. Trur me hadde 10-årsjubileum i vår. Ikkje så mange unge som kan skryte på seg det i ein alder av 25, 23 og 21! Bandet Steinkopf Trio ligg nok litt på vent, då me alle er rimelig travle på kvar våre kantar. Heilt dødt er ikkje bandet. Me spelte ein streama konsert i koronatid, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at det blir meir av trioen i framtida.

Og over til det som nå har blitt en gjenganger i denne spalten: Hvordan tror du verden vil bli om et år, vil koronapandemien og smittevernrestriksjoner fortsatt prege kulturlivet? Og hvilke begrensninger tror du eventuelt det kan legge på ditt kunstneriske virke?
– Ja, eg trur me må leve med ein del restriksjonar ei god stund til. Eg har ikkje lyst til det, men er ikkje frykteleg optimistisk akkurat der. Kor mykje det blir, gjennstår å sjå korleis utviklinga av både Noreg og verda fortset no og framover. Ein kan håpe på at talet for konsertgjengarar kanskje går opp noko, eventuelt at det kan bli lettare for arrangørar med tanke på avstand for eksempel. Nettopp dette gjer at sjølv om lokalet i seg sjølv kanskje tek 200, kan ein ikkje vere meir enn kanskje 75 grunna avstand. Akkurat no må det vel berre vere sånn, men eg håpar at slike ting kan ha endra seg noko om eit år.
Kva begrensningar det vil legge på mitt kunstnariske virke er óg veldig vanskeleg å seie. Eg håpar eg har meir motivasjon generelt enn eg hadde i vår. Den var på botn. Det kan i alle fall hjelpe til at eg sjølv kan vere kreativ på måtar eg kan jobbe tross tiltaka, og at verda er slik den er no. Og om det ikkje blir veldig mykje konsertar og slikt, kan eg sjå om eg kan få skrive litt musikk. Det er i det minste noko ein kan halde på med om ein er på heimekontor som musikar.

Til slutt, har du en konsertanbefaling?
– Tja, utanom konserten 9. oktober på Dokkhuset Scene i Trondheim med Starlight Big Band og 21. november med BounceAlarm i Oslo meinar du ? Vel, personleg planlegg eg ikkje så langt fram med tanke på konsertar i desse tider, men kan anbefale Petters Jazz jam i Trondheim! Det er alltid stemning! Det er jam i kveld 21. september, og ellers dukkar det nok opp fleire event utover hausten.

Og en plateanbefaling?
– Det relativt nye bandet Artemis slapp ganske nyleg plate med same namn. Vil anbefale å sjekke ut denne! Ei av mine favorittmusikarar, Ingrid Jensen er med der.

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev