Ukas Jazzprofil

UKAS JAZZPROFIL: Karl Seglem

Karl Seglem slipper ny singel 7. mai, og forbereder seg til jubileumsåret 2021 som blant annet vil innholde nytt album og ny poesibok.

Hver mandag presenterer Jazzinorge.no en aktuell musiker, arrangør, storband eller jazzaktør som Ukas Jazzprofil. Har du tips om noen som fortjener litt ekstra oppmerksomhet, send oss gjerne en epost.

Karl Seglem

Hei, Karl! Gjennom helgen har vi mimret tilbake til Jazzaehad 2019, da Norge var partnerland. Du var blant musikerne som hadde showcase-konsert under Norwegian Night. En helt vill festkveld for norsk musikk, kommenterte Audun Vinger nylig. Hvordan opplevde du det?
– Det var absolutt ein festkveld som sat godt i kroppen i lang tid etterpå. Det å vera først ut og treffa planken så til dei grader for eit tent og forventningsfullt publikum. Eg vil gå så langt som å kalla det eit (av fleire) høgdepunkt så langt i karrieren. Eg kjenner at saknet etter å spela, stå på ei scene er veldig stort når eg skriv om og tenkjer på den kvelden. Rett og slett makalaus høgspent moro.

Tyskland er et stort marked for deg. Hva tror du er grunnen til at din musikk slår så godt an der?
– Eigenart, først og fremst. Publikum der er opne og fordomsfrie og det finst lyttarar som er på jakt etter ny lyd, og villige til å opna seg for den, bli utfordra. Eg har ei kjensle av at dei høyrer detaljane, nyansane og kvalitetane i musikken min. Har ei djupare forståing for kva eg prøver å formidle. Eg har plukka dei beste, fantastiske musikarar til bandet mitt og saman med dei har eg utvikla ein musikk som du ikkje kan høyra nokon andre stader, eller spelt slik av andre. Det er meiningsfullt når musikk «virkar». At vi : » – skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um» for å nytta eit sitat frå eit vakkert dikt av Olav H. Hauge. Eg vart invitert til å lesa eit av mine dikt i prosjektet Aleine Saman – som eg tilrår her, saman med mange andre fine bidrag:

Og om et par uker slipper du en ny singel og etter hvert et nytt album?
– Eg har utsatt utgjeving av album til 2021. Det er eit jubileumsår som skal markerast. Album nummer 40 og Alder nummer 60. Satsar også på å få ferdig poesibok nummer 4. Eg arbeidar på og har hatt to særs gode rundar i studio med bandet og nokre «nye» musikarar. Har planar om å invitere fleire. Det blir både eit dobbel-album, og noko ekstra snadderstoff som blir lansert digitalt. Har eit mål om å utvida lyttarskaren så eg trur nok eg må trykka cds også, i tillegg til vinyl. Full pakke altså.

Heilbrunn Oxofon er førstesingelen. Den er komponert under eit opphald i Stiftung Nantesbuch sitt fantastiske Langes Haus – sør i Tyskland, like ved den vesle byen Bad Heilbrunn. Oksehornet er derifrå. Oxofonen er utvikla i samarbeid med Magnar Storbækken (www.naturinstrumenter.no) og er eit stort horn frå tysk urokse påsatt eit tenorsax-munnstykke. Fire fingerhol og «ganske» begrensa toneomfang.

Stiftung Nantesbuch inviterte nyleg inn til eit eineståande prosjekt som dei kallar #ArtsForSpring. Der ligg allereie videoen til låten ute. Offisiell sleppdag er torsdag 7. mai. Håpar mange vil lytta, lika, dela.

Og vi kan ikke unngå å spørre, hvordan har hele denne koronasituasjonen påvirket ditt kunstneriske virke?
– Det er eit stort spørsmål. Det svingar opp og ned. Frå depressiv apati til full gass. Vi er midt i eit «før – og etter». Og eg tenkjer mykje på at mange fleire enn meg ikkje nødvendigvis vil tilbake til det som var før, men at vi må inn i andre tankesett. Først og fremst i forhold til ikkje-vekst og forbruk, klima og miljø. Kva vil vi no? Det er ein unik muligheit til å gjera ting på nye og annsleis måtar. Eg er spent på om vi rikingane er klare for det, forstår alvoret i klimakrisa like mykje som i eit dødleg virus. Og eg håpar at verdien av ei konsertoppleving aukar gjennom krisen.
Eg har arbeida med å uttrykka meg gjennom min instrumentalmusikk og min poesi og på mange måtar vore oppteken av ein tematikk som kan knytast til det vi opplever no. Albumet Nunatak kom i 2018, og oppfølgaren (2021) vil vera ei vidareutvikling som heilt klart vil relatere seg til og ha grobotn før – gjennom og vonaleg etter krisa.

– Som kunstnar har eg arbeida så lenge aleine at eg sjeldan kjenner på ei felleskapskjensle, bortsett ifrå under musiseringa, samspelet, konsertane, krafta i å få til DEN konserten. Kunstnarar er under press, heile tid (konstant krise), og det kjem svært tydeleg fram i tider som dette, i eit land som snart ikkje har ein eigen kulturidentitet igjen (iallfall ikkje så synleg). Det står tydelegare for meg i kor stor grad landet og musikklivet eg er ein del av har endra seg. Styresmaktene viser liten forståing for kva det er å vera kunstnar, dei reddar aksjespekulantar frå konkurs, oppretthald selskap som «før korona» nærast forakta staten, ikkje ville ha noko med den å gjera, verken når det gjeld arbeidsvilkårslover eller fagforeningsmessig. Næring, næring næring. Kven snakkar om kulturens verdi?

Hva skjer resten av året? Hvordan må du tilpasse aktiviteter og planer?
– Eg har framsnakka langtidsplanlegging lenge, så det gjeld om å finna tid og energi til å arbeida med både skapande arbeid kombinert med administrative oppgåver. Det er jo ikkje mange yrkesgrupper i landet som skriv så mange søknader som kunstnarar. Eg ser mot 2021, 2022, 2023. Har ganske gode rutinar og klarar stort sett å halda energien oppe, men det svingar nok meir no. Eg brukar mange fleire timar i eigenterapi i hagen både i Oslo og på Årdalstangen, og på å trena. Eg får utøvd hobbyen min: matlaging. Og i periodar blir det meir øving på instrumenta. Det er ein fin ting, må haldast ved like. Det må spelast.

Du driver også plateselskapet NORCD. Hvordan påvirker koronasituasjonen utgivelsesplanene, og hvordan tror du det påvirker lyttevaner og platebransjen generelt?
– Sidan 25-årsjubileet i 2016 har aktiviteten vore liten, men det rører litt på seg no. Eg er igang med ei revitalisering som nok tek lengre tid pga krisa. Det er tøffare enn nokon gang å få støtte til innspelingar og utgjevingar (for alle sjangrar), og det er som kjent like mange måtar å driva plateselskap på som det er plateselskaps-«direktørar». CD´en har diverre vorte eit nisjeprodukt. Eg er glad i formatet også fordi det overgår lydkvaliteten til det meste andre. Men det spørs om denne krisa vil føra til at det blir endå færre utgjevingar også fordi musikarane sjølv faktisk talt har mista all sin inntekt – som dei også brukte til delfinansiering av produksjonar. Så støtteinstansane i norsk kulturliv vil oppleva ein enorm aukning av søknader, utan at eg trur at styresmaktene vil bry seg om det ved til dømes å auka potten til Norsk kulturfond. Vi snakkar om kultur og kor viktig den er – men det er liten tvil om at blåblåregjeringas føringar og nyliberalismens gjennomtrengande tankegods har nådd langt inn i hovuda på dei 30-40 åringane som no styrer store deler av musikkfeltet. Er verdien av vår kultur (det som er igjen av den) verdien av pengar? Er det ikkje ganske sterkt at arrangørledda, konsertstadene og festivalsjefane svært sjeldan, nesten aldri argumenterer for at dei presenterer musikk spelt av musikarar? Kven kom først liksom? Festivalane eller musikarane? Platebransjen klarar seg. Vær du sikker.
Som musikarar har vi den største fordelen: vi kan spela, formidla, uansett. Og det vil alltid vera etterspurt. Kjem aldri til å forsvinna.

Men når det viktige konsertmarkedet nå er satt helt på pause, hvor skal musikken formidles?
– I ei tid der det ville ha vore naturleg at statsmonopolet til fulle viser at dei bryr seg om norsk musikk, snur dei fleste kanalsjefane berre ryggen til og held fram med kosebombardementet av i overvekt engelskspråkleg eller utanlandsk opphaver-musikk. NRK. Skam på dei. Musikklivet finn seg i det, ingen har makt nok til å endra det. Det er forøvrig kanskje snakk om å endra eit kultursyn, og det er jo ikkje gjort over natta. Tenk på den breidden som finst i norsk musikkliv for tida. Alle dei ekstremt mange spennande musikkprogram som kunne vore produsert. Alt formateringspelelistematerialet som berre ligg der og ventar. Skam.

Denne burde dei A lista 🙂 RIT AGAIN

Har du en konsertanbefaling, noe vi bør få med oss digitalt eller glede oss til når verden er på stell igjen?
– Det finst ikkje konsertar å tilrå no, så nei. Eg har aldri hatt særleg fot på musikk gjennom skjerm. Sorry for meg antageleg (eit feitt stereoanlegg derimot). Det er berre ei heilt annan greie og for meg kan det ikkje erstatte så mykje som eit snev av det det handlar om. Sikkert derfor eg har vegra meg og vore veldig i tvil om eg skal bruka tid og krefter på å stilla meg opp framom eit kamera og la det stå til, utan at det blir eit slags tigge-stunt, gratiskonsert? Skjer det så blir det iallfall ein sær vri på det.
Eg har pr. idag stadfesta tre konsertar i Tyskland i November. Kryssar alt eg har for at dei blir – og deler gjerne gleden med fleire om nokon tek turen dit. Berlin eller Munchen. Kanskje spelar vi denne låten: Men Argue.Nature Acts

Og helt til slutt, en plateanbefaling?
– Vanskeleg med berre ein. Det er i snitt sjeldan eg høyrer på musikk med tekst, men canadiske Joni Mitchell står høgt i kurs: «Turbulent Indigo» til dømes. For meg er ho ein langt større poet, komponist, songar og gitarist enn Bob Dylan (endeleg fekk eg sagt det). Ellers går det mykje i Bach, Coltrane og hardingfele. Vil på det sterkaste tilrå ein lytt av Høgemo´s «Solo». Spellemannprisvinnaren i folkemusikk 2000. Ei fantastisk hardingfeleplate. At den ikkje har fått samme legendariske status som Bjørgums «Skjoldmøyslaget» (sjekk den også!) forstår eg rett og slett ikkje. Høyrde på den seinast igår.

Håkon Høgemo,
Solo:

Fra forsiden

Nyhet

Sært i Smeltehytta

Kongsberg Jazzfestival har programmet for årets Særingfest klart. Den mer eksperimentelle delen av festivalen byr i år på blant annet trioen SPACE, Phil Minton & Veryan Weston, Nicole Mitchell solo og Christian Wallumrød & Ingebrigt Håker Flaten.

Nyhet

Vossa Jazz utlyser to stillinger

Etter ett års permisjon fra stillingen som festivalsjef i Vossa Jazz, har Trude Storheim annonsert at hun går nye veier. Nå utlyser festivalen både sjefsjobben og en produsentstilling. Søknadsfrist er 12. mai.

Meld deg på vårt nyhetsbrev