Nyheter

Når Tancred gjer OJKOS

Trompetist Tancred Heyerdahl Husø er neste mann ut med OJKOS-musikk – han bevegar seg mellom repetitative beats og det heilt frie.

Tancred etablerte seg først i Bergen der han også studerte på jazzlinja. Han har vore fast i Bergen Big Band, og dei siste åra har du mellom anna høyrt han med Fagernes Yacht Club og Molecules.

– I Oslo må du ta meir tak sjølv for at det skal skje noko. Bergen er jo ein mykje mindre by, så det er kanskje lettare å få ei naturleg kontakt på tvers av sjangrane også. Her i Oslo blir det kanskje meir småjobbar her og der førebels.

Kontakt på tvers av sjangrane har gitt merke på musikken han no har skrive for OJKOS.
– Det er ei god blanding av groovebasert, litt hip hop-beats, og heilt opne, frie parti. Eg har vore oppteken av å finne stader i konserten til kvar av solistane.

Det er første gong Tancred skriv for ei større besetning.
– Det har vore ei finne-meg-sjølv-prosess også, det her. Det har eigentleg ikkje vore ei overordna form på prosjektet, eg har berre sett saman låtar. Det har gått litt fram og tilbake, men eg sit på ein måte igjen med eit sett som gir meining – det passar saman. Det meste er skrive frå sommaren av, men det er jo nesten eit år sidan eg fekk datoen, så det har ligge og godgjort seg.

Korleis jobbar du – er det liksom rett i Sibelius, eller?
– Hehe, ja kanskje litt for mykje. Eg likar best å sette meg ned med pianoet og leike meg fram. Kor ideane kjem frå veit eg ikkje heilt, det er nok ei god blanding. Eg brukar å jobbe ganske ustrukturert med ideane, men skulle gjerne vore meir strukturert eigentleg.

Er det mykje som dukkar opp under øvingane, som du må endre på? Likar du den prosessen?
– Det er mest form og slikt som ein oppdagar ein må endre på når ein kjem med notane på øving. Og det er for så vidt fleire ting eg kanskje ville gjort annleis no. Det er ein intens og til tider stressande prosess – men eg likar det, ja.

Kva lyttar du til av anna musikk?
– Fire Orchestra med Mats Gustafsson har vore ein inspirasjon i den frie retninga, utan at det vi skal gjere på tysdag eigentleg liknar på det. Av den groovebaserte biten har eg høyrt mykje på Petter Eldh og Christian Lillinger sine prosjekt i det siste, dei kom nettopp med albumet Koma Saxo. Og Amok Amor med Peter Evans, mellom andre. Lenger i hip hop-retninga, så er eg veldig glad i Madlib. Han hentar jo mykje frå jazz, gjer alltid mykje nytt og kreativt – det er så mykje som kan skje.

– Men eg har alltid vore glad i ein repetitativ kul beat – det kan eg vere i lenge.

Tancred vil halde fram i OJKOS så lenge han kan.
– Det er 14 ulike tilnærmingar til komposisjon. Dei individuelle musikarane er viktige for “soundet”. Det er jo litt som å gå på kontoret når vi er der på tysdagar og øver, det er deilig å ha OJKOS alltid gåande.

For å oppsummere kva vi kan forvente, seier Tancred det best sjølv:
– Det her er meg – så får folk like det eller ikkje.

Tekst: Torkjell Hovland


Konsert:
OJKOS Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo
tysdag 18. februar, dørene opnar 19 / konsertstart 20
Victoria Nasjonal jazzscene
Bill: 150 / 100

Henriette H. Eilertsen, fløyte
Camilla Hole, saksofon
Arnfinn Gursli Langesæter, saksofon
Tina L. Olsen, saksofon
Richard Köster, trompet
Lyder Øvreås Røed, trompet
Tancred Heyerdahl Husø¸ trompet
Andreas Rotevatn, trombone
Magnus J. Murphy, trombone
Johannes Fosse Solvang, trombone
Kristoffer Håvik, piano
Arne Martin Nybo, gitar
Aleksander Hoholm, bass
Knut K. Nesheim, trommer

OJKOS er eit samarbeid mellom Østnorsk jazzsenter, Nasjonal jazzscene og ei prosjektgruppe på fem jazzutøvarar/-komponistar.
OJKOS har fått tilskudd fra Kulturrådet, Oslo kommune og Norsk jazzforum.

Fra forsiden

Nyheter

Jazzknappleik

Paal Nilssen-Love og Jens Borge har trommet sammen hele 18 improvisasjonsmusikere fra Vestlandet til en todagers festival midt i august. Festivalen begynner i Stavanger og slutter i Bergen.

Nyheter

Festivalklare i Haugesund

Onsdag starter årets Sildajazz, og nærmere 40 arrangementer og konserter vil gå av stabelen i løpet av fem tettpakkede dager.

Meld deg på vårt nyhetsbrev