Nyhet

Edvard Hoem opnar Vossa Jazz 2020

Forfattaren og diktaren Edvard Hoem står får den offisielle opninga av Vossa Jazz 2020. Vidare programslepp kjem i festivalens tradisjonsrike Jolakalender kvar dag i desember.

Den 47. festivalen i rekka vert opna av Edvard Hoem fredag 3. april i Vossasalen på Park i Voss. «Vår tids Bjørnstjerne Bjørnson» har han vorte kalla, og ikkje utan grunn, skriv Vossa Jazz i ei pressemelding. Den samfunnsengasjerte diktaren og forfattaren har eit stort og mangslunge forfattarskap bak seg. Han har gått i djupna på både eksistensielle og politiske emne i ulike skjønnlitterære sjangrar og kunstnarlege uttrykk. Hoem er ein framifrå Shakespeare-gjendiktar, og han har mykje god sakprosa på samvitet, både som essayist, debattant og biograf. I tillegg er han ein markant og stilsikker nynorskrøyst – betre vert det ikkje, skriv festivalen.

Edvard Hoem fekk i går Brageprisens heiderspris.

Følg programsleppa frå Vossa Jazz kvar dag i desember i Jolakalendaren.

Fra forsiden

Hein Westgaard´s Spacegroove Earthkestra - Cosmopolite - 8. oktober 2026

Gitaristen med storbandet

KONSERT: Hein er stor i lite format, og i kveld skal han vise hva han kan by på i det store.

Jazzalarm 2026

Om å krysse bruer

FESTIVAL: Cymbalmagi, mestermøter, kontroversiell kunst og små Porsgrunn-øyeblikk da Tore Stavlund besøkte Jazzalarm forrige helg.

Meld deg på vårt nyhetsbrev