Nyheter

McCormick-ekspedisjonen

Canadiske Mike McCormick har latt seg inspirere av oppdagarane Sir John Franklin og Roald Amundsen i musikken du får høyre med OJKOS.

I 1845 la den britiske generalen Sir John Franklin med 129 mann frå kai i London med HMS Terror og HMS Erebus. Sir Franklin ville gjennom Nordvestpassasjen. Heile ekspedisjonen forsvann utan spor.  Nesten 50 år etter, i 1903, leia Roald Amundsen den første ekspedisjonen som kom seg gjennom Nordvestpassasjen. Med seilskipet Gjøa.

Denne forteljinga har vore ein del av oppveksten til Mike McCormick i Yellowknife, heilt nord i Canada. No har han skrive musikk til OJKOS inspirert av desse ekspedisjonane.

På vegen frå Canada til Oslo, har McCormick vore innom Helsinki i Finland, og mellom frå 2015-2017 fulgt Nordic Master-programmet på NMH, som er delt mellom København, Gøteborg og Oslo.

– For meg passar Oslo perfekt. Også musikalsk. Atomic, Jan Bang, Christian Wallumrød Ensemble var faktisk noko av grunnen til at eg ville til Noreg.

Snart er ei plate med Proxemics ute, som er eit prosjekt med både canadiske og norske musikarar. Men sidan Januar i år har han laga ei algoritme som improviserer med andre musikarar. Eidolon kallar han den.

– Algoritmen tek avgjersle basert på det den andre musikaren spelar. Eg prøvar å kode inn det eg sjølv kan gjere som improvisatør. Det kan anten fylgje deg, eller vere ein kontrast til deg, eller det kan berre ignorere deg og gjere noko anna – eller ingenting. Det prosesserar input frå den andre musikaren.

Under konsertane med Eldolon, gjer ikkje McCormick noko sjølv. Det er kunstig intelligens som spelar.

Algoritmer og AI lét liksom så ikkje-menneskeleg – men det er jo trass alt du som programmerer det?

– Ja, det er alltid eit menneske bak koden. Eg spør alltid når eg spelar med folk – “føler du at du spelar med ei kald maskin eller kjennest det som å spele med eit menneske?”. Dei fleste synest det kjennest realistisk. Men det er alltid utfordringar – ein har jo for eksempel ingen visuelle impulsar, eller visuelt samspel. Slike utfordringar er noko av det som er gøy å løyse i koden

McCormick lærer like mykje om kva han sjølv gjer når han improviserer.

– Det er ofte berre ei abstrakt kjensle som er vanskeleg å sette ord på. Eg kjem til å bruke år på å utvikle algoritmene vidare. Eg håpar å ein gong kunne legge ut programmet slik at andre kan nytte seg av det, men akkurat no er det litt vel rotete.

– Eg er ein nerd – ein hardcore nerd.

På OJKOS-konserten har han ikkje med laptopen.

– Sidan eg har jobba så mykje med dette i det siste, har det vore deilig å ta eit skritt tilbake til eit reint akustisk prosjekt.

McCormick vil oppdage musikk på ulike måtar i OJKOS-konserten: – Konserten er delt i to; Franklin-delen og Amundsen-delen. Dei hadde veldig ulike i tilnærminga si. Franklin var ganske ignorant, og baserte seg mykje på teoriar han hadde om korleis bevege seg i det arktiske farvatnet. Medan Amundsen var mykje meir audmjuk – dei budde med inuittar i to år og lærte om å leve i isen av dei.

Desse ulike tilnærmingane speglar seg i musikken han har skrive.

– Den første delen er vestleg, nesten syntetisk. Mykje av harmoniane i denne delen er basert på ein latterleg teori – eit system – eg fann i ei musikkvitskapsbok. Medan i Amundsen-delen er eg meir søkande i tradisjonane, folkemusikk og slikt.

På eit tidspunkt i konserten spelar to av musikarane på strengane oppi pianoet, saman med pianisten. Ein annan gong spelar Camilla Hole og Knut Kvifte Nesheim ein slags kombinasjon av ein norsk folketone og ein kanadisk. Mike er nysgjerrig. Nerdete oppdagar.

– Eg har nytta meg av mikrotonalitet. Å høyre ti blåsarar spele mikrotonalt lét ganske rått! Naturtonerekka er både ganske familiær og på ein måte framand på same tid – det syns eg er ei veldig interessant paradoks å spele på.

– På mange måtar er eg ein håplaus romantikar. Nordmannen Amundsen reiser til Canada for å oppdage nytt territorie – det høyrest kanskje cheesy ut, men det er på eit vis noko av det eg gjer her. Vi skal finne ny musikalsk territorie – ikkje berre nye lydar, men nye måtar å lage musikk på.

Mike nemner også at han elskar sokalla easter eggs – gøymde “vitsar” i filmar og spel. Eller musikalske sitat i musikken til OJKOS.

– Det er nok ingen som kjem til å høyre dei – det er mest berre ein “inside joke” for min eigen del, smiler han lurt.

www.mikemccormickmusic.com/

tekst: Torkjell Hovland


Konsert:

OJKOS Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo
tirsdag 29. okt., dørene åpner 19 / konsertstart 20
Victoria Nasjonal jazzscene

Henriette H. Eilertsen, fløyte
Camilla Hole, saksofon
Tina L. Olsen,  saksofon
Richard Köster,  trompet
Lyder Øvreås Røed, trompet
Tancred H. Husø¸ trompet
Andreas Rotevatn, trombone
Magnus J. Murphy,  trombone

Johannes Fosse Solvang, trombone
Kristoffer Håvik,  piano
Arne Martin Nybo, gitar
Mike McCormick, komposisjoner/dirigent/gitar/elektronikk
Petter Asbjørnsen, bass

Knut K. Nesheim, vibrafon

Øystein Aarnes Vik, trommer

Komposisjonen er støttet av Norsk kulturråd

Fra forsiden

OJKOS spiller: Andrine Dyblie Erdal - Victoria, Nasjonal jazzscene - 23. april 2024

Prima fra ungdommen

Andrine Dyblie Erdals komposisjoner gir OJKOS nye numre og adresser å levere på.

Nyhet

Bestillingsverk fra Krogstad

Saksofonist Mona Krogstad vil formidle håp og ettertanke i bestillingsverket Serenity Now på Kongsberg Jazzfestival lørdag 6. juli.

Meld deg på vårt nyhetsbrev