Nyhet

Karbonkutt og karriere

Studentutvalet på Norges Musikkhøgskole tok initiativ til debatt om eit av dei største dilemma som musikarar står ovanfor i 2019: Å på den eine sida skulle få musikken ut i verda gjennom konsertverksemd, og på den andre sida redusere karbonavtrykket.

I dag er det mange grunnar til at det kan vere utfordrande å seie tvert nei til å fly på turné. For det første er det ikkje lett å legge opp ein turné som går i “logisk” rekkefylgje. Ofte er artistane prisgitt dei datoane arrangørane er ledige. Då kan ein fort ende opp med å spele i Stavanger på torsdagen, Trondheim på fredagen og Bergen på laurdagen. Det er heller ikkje alle stader det er like lett å ta tog, eller buss for den del. Og når det gjeld store marknader som USA og Asia, er det ikkje lett for ein artist i starten av karrieren å takke nei til ei slik moglegheit, sjølv om det berre skulle vere snakk om berre ein enkelkonsert i Tokyo eller eit enkeltmøte i New York.

Det er ikkje berre musikarane som har ansvar for å løyse dette. Det avhenger av at arrangørar, bookingselskap, interesseorganisasjonar, fans og for den del reiseselskap går saman med musikarane for å sjå korleis ein kan løyse dette betre.

Fly er ikkje alltid det verste alternativet
For å kunne starte diskusjonen med fakta på bordet hadde studentutvalet invitert Borgar Aamaas frå Cicero (senter for klimaforsking). Han kunne kanskje overraske mange av dei frammøte med å bryte nokre myter om kva klimaeffekten er av flytrafikken. Flytrafikken står for ca. 2% av globale utslepp, 2,5% av norske, men for nordmenn ca 10% når vi tek med utanlandsreiser og inkluderer andre klimaeffekter som t.d. kondensstriper. Utsleppet frå flytrafikken er også i ein kraftig vekst. For ein enkeltperson som flyr mykje, for eksempel ein musikar som skal turnere verda rundt, er flyreisene mest sannsynleg det største karbonavtrykket du har.
– Fly kjem først og fremst høgt ut fordi vi flyr så langt.

Men flyreiser er ikkje alltid det dårlegaste valget. Fly kan vere betre enn aleine i bil og ein full bil er like bra som buss.  – Så tenk ikkje berre på fly, men også på dei andre tinga som vegtrafikk for eksempel.

Uansett kor ein vrir og vender på det, er bakteppet for debatten at vi må kutte – alle som ein. Aamaas kom med faktaopplysing litt ut i debatten:
– Vi må kutte 50% fram mot 2030 om vi skal nå 1,5/2-gradersmålet.


Borgar Aamaas. Foto: Milad Gholami/NMH

Ta eit standpunkt – no!
– Om vi skal tenke veldig stort på det, må vi kanskje starte med å seie at heile verksemda vår er ein luksus, opna Tone Østerdal frå Norske Konsertarrangørar. Ho påpeikar at deira organisasjon jobbar aktivt med arrangørar for å gjere miljøtiltak, eit arbeid som er godt på veg, sjølv om vegen enno er lang å gå.
– Det handlar ikkje om kva musikkfeltet kan gjere, men kva vi alle som menneske kan og må gjere, og då er den verksemda vi driv med ein del av pakka av alt vi må gjere for å hindre klimakrisen. Og vi ser jo at det er mykje som er i ferd med å skje – berre dei siste månadane at det er fleire positive initiativ, men så må vi sjølvsagt kome til det å faktisk gjere noko.

Veslemøy Narvesen var representant for studentane. Ho er allereie å sjå i fleire jazzlege samanhengar, mellom anna i bandet Mall Girl.
– Vi er jo avhengig av å reise mykje. Men det er viktig å ta eit standpunkt, og ein må gjere det no. Det er ikkje alltid like lett å organisere turnear flyfritt, men ein kan seie frå at ein vil reise mest mogleg miljøvenleg. Seie frå til arrangørar. Det viktigaste trur eg er å skape bevisstheit rundt at det går an. Å begynne å sette spørsmålsteikn og sette fokus på det. Då blir det noko som er større enn oss.

Maja Ratkje er ein av dei musikarane som har teke eit slikt standpunkt. Ho har det siste året takka nei til oppdrag i New York og reiser seinare i år på ein togbasert turné i Tyskland. Men det er klart at det er forskjell på musikarar i starten på sin karriere og ein veletablert som ho.

Professor Are Sandbakken har lang erfaring som reisande musikar, mellom anna med Oslo strykekvartett og Oslo-filharmonien. Han var opptatt av å fokusere på kva ein vann i opplevingar i det å bevege seg saktare. – Langsomheten er en verdi. Når folk seier, du bør jo fly, du taper jo masse tid skal du reise med tog…taper tid? Eg vinn opplevingar.

Kan du dessutan tape du noko når du flyttar på deg så raskt som vi kan med fly? Sandbakken siterte Arve Tellefsen: –Slik det er nå, så reiser man fra sjelen sin.

Sandbakken trakk også fram at vi kan reise meir i nærområdet.
– Det handlar om formidling av musikk. Eg vil ikkje sette Wigmore Hall over Skjelberg Ungdomsskole.

Klimakutt – det ligg kanskje noko umiddelbart negativt lada i eit ord som kutt. #flyskam har ført til oppfylgjaren #togkry siste vekene. Tog i Noreg, som vanlegvis går på elektrisitet, vil som oftast vere det beste alternativet. Men som fleire påpeika, går ikkje toget til alle krikar og krokar i landet vårt.

Få klimakutt inn i budsjettet
– Vi fikk inn enormt med søknadar, rundt 200 på 7 millionar kroner, fortalde paneldeltakar Rolf Engelsen, seniorrådgjevar og kontaktperson for Prosjektstøtte til Miljø- og Klimakriseprosjekt hjå Kulturrådet. Ut i frå dei søknadane han har sett no, er biletet at variasjonen er stor i korleis kunstnarar vil sette fokus på klimakrisen, og trekk fram at nokre for eksempel fokuserer på kva klimakrisen er eit uttrykk for kulturhistorisk.

Hjå kulturrådet har det også blitt idémyldra rundt konkrete ressursar som kan gjere det enklare for musikarar og arrangørar å tenke miljø og klima i planlegginga, fortel Engelsen. Dei har også gått ut med ei generell oppfordring til alle søkjarar: – Om de ser at miljøtiltak blir fordyrande, få det inn i budsjetta dykkar, så skal vi bidra med økonomi.

Tone Østerdal legg til at ein ikkje må lære opp arrangørar til at miljøtiltak treng å vere fordyrande eller kompliserande, men tvert i mot kan vere gunstig økonomisk.

Østerdal trekk også fram problematikk knytta til distrikta. Det kan vere stor forskjell på kor enkelt det er å gjere miljøtiltak. –Norske Konsertarrangører samarbeider no med ein del aktørar i Sogn og Fjordane om kva ein kan få til av miljøtiltak der det er vanskelegare å kome til med tog for eksempel.

Noko som fleire trakk fram som konkrete tiltak var moglegheita til lenger opphald på festivalar, fleire jobbar, “residences”, noko som kan vere spesielt aktuelt for jazzmusikarar. Legg opp til lenger opphald når musikarane først har reist, og ikkje reise til Japan for ein konsert eller to.

Under den opne spørsmålsrunda etterpå fortalde festivalsjef i Vinjerock, Julie Forchhammer, at dei ved å kutte alle flyreiser internt, har kutta sitt karbonutslepp med 25%. – Ein god leveregel er at om vi må kutte 50% i utslepp, må også eg gjere det personleg, og dei prosjekta eg er involvert i.

Verkelegheita for mange jazzmusikarar, spesielt, er at arbeidskvardagen består av eit lappeteppe av ulike prosjekt som skal koordinerast, noko som kan føre til at ein må fly opp og ned for ein gig med eit band, medan ein eigentleg er på turné med eit anna. Hans Hulbækmo, ein av norsk jazz sine mest aktive trommeslagarar, meiner at det kan hjelpe for mange å heller fokusere på eit prosjekt – Det er ikkje alltid at det treng å bety mindre pengar, det kan til og med vere positivt for det musikalske å fokusere meir på færre prosjekt. Du får frigjort meir tid til å søke og planlegge turnear med det prosjektet.

Etter debatten
Det viktige er, som Veslemøy Narvesen sa, å gjere klima til ein snakkis. Allereie på veg ut av debatten kunne ein høyre diskusjonar summe blant både etablerte musikarar og studentar. Her kom det opp konkrete ting som folk som hadde erfaring at det gjekk an å seie frå til arrangørar om korleis dei kunne tilpasse det slik at dei rakk å ta toget i staden for å fly. Ein annan etterlyste bonusordningar på toget. – Det er jo litt sprøtt at eg og mine kolleger alle har gull eller diamantkort på SAS.

Og som fleire sa – dei gongane arrangøren betaler reisa er ein ting, men når bandet sjølv må betale av det trange turnébudsjettet er prisforskjellen mellom tog og fly for stor.

Så får vi håpe at dette var ein start på at musikkfeltet oftare går saman å snakke om løysingar på denne problematikken. Inntrykket ein sat igjen med etter debatten var iallefall at det avheng av samarbeid. Arrangørar må respektere musikarar sine miljøbesparande krav og vice versa, på same måte som andre ting på rideren.

Heile debatten kan du sjå video av her, og her kan du lese ein utdjupande artikkel av Borgar Aamas om å forstå kva framkomstmiddel som faktisk har størst klima- og miljøpåvirkning.

 

Fra forsiden

Now's the time

NTT: Jazzjam House Rules

Tullkattesnutene tar med barn ut i verden, Audun Ellingsen knipser klingende jazzmynt, ferske videoer, bookingnyheter og konsertinntrykk pluss et Jazznytt-intervju med Amalie Dahl!

Nyhet

Tysk prestisjepris til Bendik Giske

Bendik Giske ble nylig kåret til årets artist under German Jazz Prize. En saksofonist og komponist som kontinuerlig flytter grensene, uttaler juryen i sin begrunnelse.

Meld deg på vårt nyhetsbrev