Nyheter

OJKOS søkjer medlemmer!

OJKOS (Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo) er eit nyoppstarta orkester for profesjonelle jazzkomponistar i etableringsfasen som held til i Oslo-området. Orkesteret blir starta opp som eit samarbeid mellom Østnorsk jazzsenter og ei prosjektgruppe på fem jazzutøvarar/-komponistar. Vi søkjer no etter medlemmer.

OJKOS skal vere ein arena for komponering av ny musikk, ved at alle medlemene rullerer på å ha kunstnarisk ansvar. Soleis får kvar einskild i praksis tilgang til å vere leiar for «sitt eige» orkester i éin samanhengjande prosjektperiode.

OJKOS er ope for søkjarar som

  • er mellom 25 og 33 år i søknadsåret (får du plass kan du vere medlem i opptil 5 år)
  • er i etableringsfasen
  • ikkje er under grunnutdanning (dvs. bachelor-grad)
  • kan vise til høg kompetanse både som komponist og utøvar
  • kan vise til eit personleg, progressivt og moderne uttrykk både som komponist og utøvar
  • ønskjer å vere med på å utvikle nye norsk jazz-komponistar

Som medlem i OJKOS får du:

  • ein arena for å utvikle musikken din
  • spele på ein fast konsertserie
  • vere ein del av eit forum av kunstnarar som du kan sparre med
  • TONO-inntekter frå konsertar når musikken din blir framført
  • eit springbrett i karrieren vidare som komponist
  • vere med på å starte opp noko som kan bli ein institusjon å rekne med i norsk musikkliv

På lengre sikt jobbar vi for at du som medlem i OJKOS kan få:

  • honorerte øvingar og konsertar og ei fast deltidsstilling i eit profesjonelt jazzorkester
  • stipend for komposisjonsarbeid
  • subsidierte TONO-satsar
  • turnere i innland og utland
  • vere ein del av eit velkjent og anerkjent jazzorkester

OJKOS har ingen kunstnariske avgrensingar, so lenge komponisten held eit høgt nivå. Det er medlemene av OJKOS som skapar sounden av OJKOS, og denne sounden vil derfor alltid vere i utvikling. Referansane dine for komposisjon for større ensemble kan vere alt frå Trondheim Jazzorkester og Ensemble Denada via Charles Mingus og Frank Zappa til Fire! Orchestra og PNL Large Unit. Eller noko heilt anna!

OJKOS har inga instrumentavgrensing og det er ope for alle som syner høg dugleik. Opptakskomitéen vil likevel til nokon grad ta utgangspunkt i ei tradisjonell storband-besetning.

OJKOS øver annakvar tysdag frå kl. 10–15 på Victoria Nasjonal jazzscene. Første øvingsdag er tysdag 21. august. Hausten 2018 held OJKOS konsertar 16. oktober og 27. november. Stor takk til Nasjonal jazzscene som bidreg med øvings- og konsertlokale.

I oppstartsfasen, og medan vi ventar på svar på søknader om tilskot, vil medlemer av OJKOS diverre førebels ikkje motta honorar eller anna betaling, utover eiga komponistgodtgjersle frå TONO.

Søknadsfristen er 1.mai 2018.

Send CV, eventuelle partitur og relevante lydopptak (storband/mindre jazzband/MIDI) som viser deg som komponist OG utøvar til kontakt@ojkos.no. Svar på søknaden får du innan 01. juni 2018.

www.facebook.com/orkesteretforjazzkomponistarioslo/

I opptakskomitéen sit:

  • Prosjektgruppa – Tina L. Olsen (saksofon), Magnus M. Joelson (trombone), Andreas Rotevatn (trombone), Kristoffer F. Håvik (piano) og Henriette Eilertsen (fløyte)
  • Audun Ellingsen – produsent i Østnorsk jazzsenter og jazzbassist, pedagog og festivalgründer
  • Helge Sunde – komponist, jazztrombonist og førsteamanuensis ved fagseksjon for musikkteori, komposisjon og musikkteknologi ved Noregs musikkhøgskule

 

Fra forsiden

Nyhet

Gjenforenes på åpningen av OsloJazz

Legendariske Masqualero gjenforenes med åpningskonserten på Oslo Jazzfestival i Operaen søndag 11. august. - Dette blir en kveld for den norske jazzhistorieboka, sier festivalsjef Line Juul.

Nyhet

Jaga Jazzist åpner Victoria-høsten

Jaga Jazzist sesongåpner Nasjonal jazzscene i Oslo med to konserter, fredag og lørdag 30. og 31. august. - Vi har den store gleden av å åpne høstsesongen med et band vi har ønsket på scenen siden vi flyttet inn på Victoria, sier direktør Øyvind Larsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev