Nyheter

Susanna lagar Tingingsverket til Vossa Jazz

– Me er svært glade for å presentera Susanna som neste års Tingingsverk-komponist, seier dagleg leiar Trude Storheim.

pressefoto: Anne Valeur 

Susanna er ein av landets mest spanande musikarar. Diskografien hennar er ei skattekiste av sjangeroverskridande musikalske uttrykk og interessante samarbeid. Anten ho tolkar Gunvor Hofmo i alternativ rock-drakt (Jeg vil hjem til menneskene 2011), utforskar mørk, kontemporær jazz saman med Jenny Hval (Meshes of Voice 2014) eller covrar Kiss, Joy Division, Dylan og Cohen saman med Morten Qvenild (Susanna and the Magical Orchestra – Melody Mountain 2006) – det ho lagar held alltid skyhøg kvalitet og viser ei eineståande kunstnarleg tyngd og evne til musikalsk fordjuping.

– Me er svært glade for å presentera Susanna som neste års Tingingsverk-komponist. Ho er ein ambisiøs og kreativ kunstnar som har levert mykje og godt i mange år. Det vert veldig spanande å sjå kva ho diskar opp med på Voss, seier dagleg leiar Trude Storheim.

Kampen mellom lyset og mørket, den indre konflikten og søken etter sanninga er tema som inspirerer og engasjerer Susanna. I Garden of Earthly Delights vil ho bruka den nederlandske målaren Hieronymos Bosch (1450-1516) sine bilete og titlar som utgangspunkt for vidare utforsking av desse emna. Bosch skildra mennesket sine val mellom lyst, synd og freistingar på veg mot evig fordømming i bilete fulle av mystiske detaljar og fantasifulle skrekkelement, og vart ei viktig inspirasjonskjelde for surrealistane på 1900-talet.

På bilete: Ida Løvli Hidle, Stina Moltu Marklund, Ina Sagstuen, Susanna, Natali A. Garner (pressefoto: Anne Valeur)
På bilete: Ida Løvli Hidle, Stina Moltu Marklund, Ina Sagstuen, Susanna, Natali A. Garner (pressefoto: Anne Valeur)

– Det er en stor ære å få lage neste års Tingingsverk til Vossa Jazz – oppdraget er en institusjon i norsk kulturliv, og en svært viktig synliggjøring av forskjellige kunstneres arbeid. Jeg vet ikke eksakt hva publikum vil få oppleve neste år, og det er noe av det som er så spennende med å få muligheten til å skape noe nytt. Jeg har satt sammen en helt ny besetning til Tingingsverket, dette gjelder både instrumentasjon og personer: Veldig dyktige musikere som jeg gleder meg til å spille med, seier Susanna til Vossa Jazz.

Besetning:
Susanna – flygel, vokal og elektronikk
Natali A. Garner – vokal og elektronikk
Stina Moltu Marklund – gitar, elektronikk og vokal
Ina Sagstuen – vokal, elektronikk og keyboard
Ida Løvli Hidle – akkordion
Kristina Ringvold – lyddesign
Silje Grimstad – lysdesign

Følg med på programslepp-jolekalenderen på vossajazz.no i adventstida.

Fra forsiden

Nyheter

Søk musiker- og bandstipend for 2025

Norsk jazzforum skal fordele 1 million kroner i musiker- og bandstipend for 2025. Musikermedlemmer av Norsk jazzforum inviteres til å søke om personlig fordypnings-/studiestipend eller øvings-/studiestipend for band. Søknadsfrist er 1. november 2024.

Meld deg på vårt nyhetsbrev