Nyhet

Karl Seglem + Eple trio = sant

Trommeslagar Jonas H. Sjøvaag dreg i gong ein Sein song med klubber på trommesettet, Andreas Ulvo smyg seg inn med eit fløyelsmjukt anslag på flygelet og Sigurd Hole syng med på kontrabassen sin. Når Karl Seglem byrjar på melodien, vert det rein magi!

TEKST OG FOTO: PER INGE HOVE

Ved sidan å vere ein fantastisk pianist er Andreas Ulvo også ein framifrå fotograf. Og på flygelet manar han fram det eine stillbiletet etter det andre, musikalsk kolorert på meisterleg vis av Sjøvaag og Hole. Etter kvart vert dette til eit lite album, der ein aldri kan føresjå kva som kjem på neste side. Det trengs ein særs sterk karakter for å løfta musikken ytterlegare, og det er Karl Seglem. Ikkje berre er han ein flott melodiformidlar, han har også ein utruleg fin teft når det gjeld effektar – på Desember illuderer han tre som fell blad og haust som vert til vinter, med ein utruleg godt samkøyrd trio til komp.

Høgdepunktet i konserten kom då Sigurd Hole spela ein fabelaktig (i ordets rette forstand) solo inn i folketoneverda og neste låt – Året hallar. Hole har eit handlag med bogen som kan gjere ein kvar kontrabassist sjalu, og gjev dette bandet enda ein dimensjon. I det eg byrjar å sakne eit dynamisk høgdepunkt – eit utbrot om du vil – kjem det endeleg, og godt! Etter eit vers med sax og bass, tek Eple trio over og byd opp til dans. Når Seglem kjem inn legg Ulvo av, og når Ulvo etter kvart kjem inn igjen er høgdepunktet komplett! Eg skulle så gjerne ynskje at denne energien heldt seg lenge, men ein skal vel alltid la publikum vere svoltne…

I det heile er alle låtane til denne kvartetten godt gjennomkomponerte. Kombinert med musikarar som leverer soli i toppklasse, vert det ganske enkelt ein suksess. Unntaket i konserten var kanskje Karl Seglem sin eldre komposisjon Song for to. Denne songen, som Seglem skreiv til tvillingane sine, har ein genial oppbygging der alt handlar om talet 2. Eit tema med fire meloditonar vert presentert (E – H – A – H). Andre gong vert alle meloditonane spelt to gonger (E – E – H – H – A – A – H – H), og alt dette vert igjen repetert – altså to gonger. Fiffig! Tross denne flotte komposisjonen, var dette det svakaste punktet i konserten. Her syns eg kompet vart litt for tynt, låta stoppa opp, og eg fekk fort ei kjensle av at noko mangla. Litt av skulda må også Ulvo og Sjøvaag ta, som stod for mellomspelet frå forrige låt over i denne. Dei inviterte publikum med inn i eit sakralt rom med ein heilt utruleg vakker «koral» – ein intro som vart umogleg å toppe.

Eg har alltid likt «stemma» til Karl Seglem. Når han blæs i bukkehornet er det lett å sjå føre seg fjella heime i Sogn. I kveld var det saksofonen som stod i sentrum, men i den siste låta, Lull, fekk me i pose og sekk. Melodien bar riktignok preg av å vere ein enkel lull, men elles var det lite som minna om godnatt-musikk. Ulvo og Hole sat i gong ein skikkeleg gospelgroove, og dette vart rett og slett den heftigaste låta i heile konserten. Difor var det også deilig at dei gav oss eit ekstranummer – Nattsong, som me kunne ta med oss ut i haustkvelden.

Det eg likar aller best med denne kvartetten er dei små detaljane: blikka dei sender kvarandre, gleda over dei andre sine enkeltmannsprestasjonar, eller ganske enkelt å halde seg i bakgrunnen. Det slo meg under konserten at Seglem er den beste eg veit om til å ikkje spele!

Oppmøtet var imponerande godt ein onsdagskveld på Sardinen, og alle dei frammøtte var vitne til eit skikkeleg ran – gratis konsert med dette fantastiske bandet! Tusen takk til Bergen Internasjonale Musikkfestival og Bergen Jazzforum for dét.

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev