Vossa Jazz - laurdag 20. mars 2016 cover
Vossa Jazz - laurdag 20. mars 2016

FESTIVAL: Dei to beste konsertane i Voss i løpet av laurdagen blei fronta av musikarar som har si største styrke i eit eigenrådig og kompromisslaust forhold til sjanger og tradisjon – på to heilt ulike måtar.

På bildet over: Nils Økland (foto Sverre Drønen/Vossa Jazz)

Festivalstemninga slo inn for fullt heilt frå start på laurdagen under årets Vossajazz, med eit livleg «stunt» frå jazzlinjestudentane og i Trondheim og frivillige frå festivalen som engasjerte entusiastiske born i støyande, herlege musikalske leikar på torget midt i bygda. Stuntet blei fulgt opp av jazzparade mellom torget og det lokale kulturhuset. Slike tiltak er heilt avgjerande for at ein skal merke at det er festival, at det skjer noko heilt spesielt, i bygda, sjølv om det kanskje ikkje skal så mykje til å merke det i ein liten stad som Voss. Prisverdig er det uansett!

Det var også perfekt oppladning til ein innhaldsrik og variert dag. Jazzintrovinnarar blei kåra og eit vell av konsertar blei gjennomført. To av dei beste konsertane blei fronta av musikarar som har si største styrke i eit eigenrådig og kompromisslaust forhold til sjanger og tradisjon – på heilt ulike måtar.

Trassig frijazzar
Norsk frijazz’ gudfar Frode Gjerstad har gått motstraums heile si karriere, og sjølv om frijazzen har hatt ein sterkare posisjon i Noreg dei siste par tiåra, er det nok meir regelen enn unnataket at han får tildelt dei litt mindre lokala, utanfor beste sendetid – med tilsvarande publikumsinteresse.
Slik var det også i Voss, med konsert klokka 15 laurdag ettermiddag i den vesle, men også ganske fine, Osasalen på Ole Bull akademiet. Men tidleg ettermiddag er også ei fin tid for litt rolig frijazz!
Gjerstad er ikkje trassig berre fordi han spelar frijazz. Han har heile vegen stått utanfor, eller i alle fall langt ut på sida av, den norske «skulen» vi som regel forventar at ein jazzmusikar skal gå, både med omsyn til heilt konkrete utdanningsinstitusjonar og i meir overført tyding.
Ofte er nemleg forventinga slik at ein skal meistre ein del obligatoriske element før ein kastar seg inn i den frie improvisasjonen. Gjerstad har aldri brydd seg om slike forventingar, og det er nok litt av grunnen til at uttrykket hans også har blitt så særprega og interessant.

Frode Gjerstad og Ferd Lonberg-Holm (foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Frode Gjerstad og Ferd Lonberg-Holm (foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Meisterleg dialog
Konserten me fekk oppleve denne ettermiddagen i Voss var i duett med cellisten Fred Lonberg-Holm frå Chicago. Dei har ein del år med samarbeid bak seg, og har heilt tydeleg eit godt innarbeida språk seg imellom.
Ein snakkar ofte om parallellar mellom improvisasjon og konversasjon, men eg har sjeldan opplevd den assosiasjonen sterkare enn laurdagens konsert med Gjerstad og Lonberg-Holm. Begge to spelte opp og responderte til den andre konstant, og musikken bygger seg opp i ei uendeleg rekkje presise, musikalske pasningar.
Begge to synte eit stort repertoar av lydar og eit rikt tonespråk. Gjerstad har blitt glad i klarinett etter kvart, men eg synest framleis det er mest artig å oppleve alle dei lydane han kan få ut av ein saxofon. Lonberg-Holm fekk litt hjelp av effektbokser, utan at lyden hadde noko syntetisk preg. Utover det er han på mange måtar meir tradisjonell reint teknisk i forhold til Gjerstad, men gjorde mykje kreativt ut av det og spelte tidvis ei meir fundamental rolle i strukturen.
Det er fascinerande korleis erfaringa og kjennskapen til den improvisatoriske «seremonien» gjer at desse to musikarane gjer fri improvisasjon så trygg og sikker opp i all lyttinga og søkinga. Å nå eit slikt nivå krever utan tvil både dedikasjon, øving og tid.

Nils Økland (foto: Vossa Jazz/Sverre Drønen)
Nils Økland (foto: Vossa Jazz/Sverre Drønen)

Kongen av gråsoner
Mannen som har fått æra av å levere årets tingingsverk til Voss, Nils Økland, har ein angrepsmåte ovanfor tradisjon og sjanger som passar mykje betre inn i hovudstraumane av norsk jazz, med sin miks av folkemusikk, jazz og minimalistisk samtidsmusikk.
Samtidig er der noko ved måten han meistrar balansen og nyansane mellom kontrastane i inspirasjonskjeldene som gjer han unik. Kanskje er det nettopp hans kompromisslause insistering på stilmessige kompromiss som gjer han så spesiell?
På tingingsverket, med tittelen «Glødetrådar», var der også ein heil del rock i miksen, og det passar fint inn i Øklands fokus, som ofte er på eit rytmisk, til dels overordna plan. Melodiane er ofte svært enkle, men skal ikkje undervurderast av den grunn, for dei er også ekstremt effektfulle og gripande.

Genial gruppe
Med dei hamrande rytmene og det strukturelle fokuset fekk musikken i «Glødetrådar» ofte eit veldig samansveisa uttrykk som gjorde at ein nesten kunne gløyme kor viktig kvar einskild utøvar er for totalbiletet.
Økland har rett nok valt blant kjente samarbeidspartnarar, gruppa er ein kombinasjon av bandet på Kjølvatn og rockegruppa Kaudervelsk, der Økland spelar saman med gitarist Per Steinar Lie og trommeslagar Ørjan Haaland, men med eit åttemannsband som dette er det likevel påfallande korleis eigenskapane til kvar enkelt har blitt tatt i bruk i verket.
Spesielt gitarist Lie framstod for meg som eit avgjerande element, med ein eksklusiv og minimalistisk stil som gjorde at rock-innslaget i sjangermixen fungerte akkurat slik den burde: Potent, men likevel passe kontrollert og smakfullt.
Som ein motpol stod Rolf-Erik Nystrøm: På ingen måte minimalist, men hans kameleonske eigenskapar passar perfekt inn i Øklands univers og gir Nystrøm høve til å ikle mange ulike roller undervegs, anten det er rytmisk bakteppe saman med perkusjonen, støyande effektar eller virtouse soloar.

Mektig oppleving
Sjølv om kvar einskild utøvar var viktig, var også signaturen til Nils Økland svært tydeleg heile vegen. Økland har fått til å skape eit mektig verk, ofte med tilsynelatande enkle og effektive grep, som skapte ei mektig og mettande musikalsk oppleving, truleg for dei aller, aller fleste i den fullsette Vossasalen.
Tingingsverket er kanskje den viktigaste institusjonen inne i institusjonen som er Vossajazz, og i år blei soleis det aller viktigaste elementet i festivalen også det aller mest vellukka. Gratulerer.

Olav Opsvik

Fra forsiden

Vossa Jazz 2024 - dag 3

Mowday! Mowday!

FESTIVAL: Ekstatisk, politisk og rørende verk fra underkjente Shannon Mowday toppet årets Vossa Jazz. Les Audun Vingers siste rapport fra festivalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev