22. oktober 2017

Jonas Sjøvvag, Karl Seglem, Sigurd Hole
WEST WIND DRIFT

Om utgivelsen

West Wind Drift er eit improvisert møte mellom musikarar som har kjent kvarandre i mange år. Hovudfokuset er samspel. Kvar stemme blir høyrt. Kvar stemme held alltid attende, ventar, lyttar og let lydsentrum vera opent fram til tida er inne for å ta leiinga. På denne måten flør og fjærar musikken. Fokuset skiftar fram og tilbake. Reisen er ei utforsking av gammal lyd, og nyskaping av improvisert samtidslyd.

West Wind Drift er også eit album der musikarar som er kjent for å ha klare nordiske inspirasjonskjelder, let visjonar vera visjonar og heilt tydeleg tøtsjar bort i hjarteslag som er forankra i den Nord Amerikanske jazzen. Noko dei meisterleg fusjonerer med sine nordiske klangideal. Albumet er fyllt av abstrakte melodiar, dekonstruerte rytmar og urmusikalsk maning. Ny global lyd.

Lenker

Fra forsiden

Lars Horntveth "Lambda" - Tingingsverket, Vossa Jazz 2026

Astrologisk runddans

FESTIVAL: Lars Horntveths groovy spiraler ga rom for hans kolleger til å skinne.

Nyhet

Vossa Jazz-prisen til Toivo Fjose

Bassist Toivo Fjose mottok Vossa Jazz-prisen lørdag kveld. - Ein musikar med sterk kunstnerisk vilje og stor fleksibilitet, uttalte fylkesordfører i Vestland, Jo Askeland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev