27. februar 2026

Camilla Hole Trio
LANGS

Om utgivelsen

Ei musikalsk vandring

I dag slepp Camilla Hole Trio sitt tredje album, Langs, og for første gong på vinyl. Frå eit tydeleg vestnorsk utgangspunkt har trioen no utvida horisonten og samla musikk som speglar ei lengre musikalsk ferd.

Trioen har tidlegare gjeve ut CD-ane Halvemål og Eventyrferd. Med Langs markerer dei eit nytt kapittel. Der dei to første utgivingane var tydeleg forankra i Sogn og Fjordane, opnar trioen no for eit større musikalsk landskap, med slåttar og melodiar bandmedlemmene har plukka med seg frå ulike stader og miljø gjennom livet.

Tittelen Langs peikar mot rørsle og vandring, elvelangs, gatelangs, langs kysten og speglar retninga på albumet. Her møter tradisjonsmusikk improvisasjon, og sjøfløyte og munnharpe har fått ein tydelegare plass i trioen sitt uttrykk.

Musikere

Camilla Hole - saksofon, sjøfløyte
Knut Kvifte Nesheim - trommer, vibrafon
Egil Kalman - bass, modulær synth, munnharpe

Lenker

Fra forsiden

Nyheter

Storbandprisen til Pål Vinland

Musiker, organisator og styreleder i Ski Storband, Pål Vinland, er hedret med Storbandprisen 2026. Vinland er brennende entusiastisk for miljøet og musikken som helhet, og har bidratt både til kunstnerisk utvikling, unike publikumsopplevelser og ikke minst til å rekruttere fremtidige musikanter, uttaler Norsk jazzforum i sin begrunnelse for tildelingen.

Now's the time

NTT: Slått til lyst

Ingfrid Breie Nyhus spiller slåtter på piano, Oscar Andreas Haug triodebuterer, Dokkhuset feirer 20 år og Sidiki Camara + Reolô er ute med ny musikk.

Meld deg på vårt nyhetsbrev