16. juni 2017

Torhild Ostad og Carsten Dahl
Jeg roper til deg

Om utgivelsen

Etter tjue års tagnad vart trykket for sterkt for vokalkunstnaren Torhild Ostad – ho måtte ta musikken sin vidare. Møtet med den danske superpianisten og komponisten Carsten Dahl vart eit vegskilje. For første gang møtte ho ein musikar som «eit medmenneske» – ein som skjøna kva og kvar ho ville musikalsk og uttrykksmessig. Ein musikar som var i stand til å møta hennar musikk og medskapa den om til eit felles uttrykk. Det er to tvillingsjeler som møtest, opnar seg for kvarandre og som med denne innspelinga har skapt eineståande musikk saman. Det er nærliggande å kalla det spirituell musikk med eit heilt eige nærvær.

I norsk musikkliv har Torhild Ostad vore nærast ein skjult skatt. I 1996 slapp ho soloalbumet «Blomar i moll» (KKV) med svært personlege framføringar av folketonar. Framføringar som står solid den dag i dag, 20 år etter, og som høyrleggjer at vi har med ei heilt særeigen stemme å gjera.

Det nye albumet inneheld nykomponert musikk og nyskrivne tekstar av Torhild Ostad, samt tradisjonsmateriale, norske religiøse folketonar og kveldssalmar. Carsten Dahl bidreg med nokre opne improvisasjonar i tillegg til sin smakfulle og fantasifulle bruk av dei mange klangpallettane som finst i eit flygel. Tekstane er personlege men ikkje private, på bokmål og nynorsk. Songene er
billedlege i uttrykket og står godt kvar for seg men er og tenkt i ein samanheng. Tekstane er ei reise i levd liv og menneskesinn. Frå vogge til grav. Relasjon og tradisjon. Tekst og musikk høyrleggjer klåre linjer frå tradisjonsmusikken over i eit poetisk notidig og meir urbant uttrykk. Musikk som overskrid sjangergrenser; det er ikkje jazz, det er ikkje folkemusikk, det er ikkje norsk singer-songwriter. Det er ingen av delene, det er alt dette, og meir –

Lenker

Fra forsiden

Intervju

Sigrid Aftrets illusjonar av puls

Komponist og saksofonist Sigrid Aftret blir trigga av det ho ikkje forstår. OJKOS-medlemmet er årets Jazzstipendiat, og skal urframføre eit verk med Trondheim Jazzorkester under Moldejazz.

Now's the time

NTT: Kommer det flere musikkbølger nå, går vi fra vettet

Lyse Netter-aktuelle Isak Hedtjärn fra folkjazz til punk, Europa rundt med Maria Schneider og Oslo Jazzensemble, ny norsk rockebølge presenteres på Hærverk i Parken, nytt Trondheims-storband debuterer, Eir Vatn Strøms åtte beste Bislett-minner, Gard Nilssen har ny musikk og en blogghalvdel har endelig fått kick på Jaki Byard.

Meld deg på vårt nyhetsbrev