1. september 2023

Camilla Hole Trio (feat. Sigrid Moldestad & Torstein Slåen)
EVENTYRFERD

Om utgivelsen

Camilla Hole Trio er endeleg klare med sitt andre album! I prosjektet “Eventyrferd” har trioen, bestående av Camilla Hole, Egil Kalman og Knut Kvifte Nesheim, blitt utvida med den ettertrakta folkemusikaren og soloartisten Sigrid Moldestad, samt den eksperimentelle jazzgitaristen Torstein Slåen.

Eventyrferd er gamle slåttar og folkemelodiar frå brygda Breim, funne i ulike arkiv og bøker. Kvar slått har fått eit musikalsk eventyr eller bilete som dei formidlar gjennom fantasifulle arrangement og åpenhet for leik og improvisasjon. Kvar enkelt musikar fargar desse bileta og melodiane med sin eigen kreativitet som resulterar i eit prosjekt som ikkje liknar på noko anna en seg sjølv. Musikken vekslar mellom å vere energisk og vill, til å vere drøymande og mystisk – slik som ei ekte eventyrferd skal vere.

«EVENTYRFERD blei til då eg fekk spørsmål om eg ville lage eit bestillingsverk for folkemusikkfestivalen Pederhusveka i Breim. Eg fant tidlig ut at eg ville leite etter lokale musikkskattar, som ikkje er blant dei mest kjente, og bruke dei som eit utgangspunkt for egen kompositorisk leik og kreativitet. Saman med Knut Nesheim og Egil Kalman gjekk vi laus på musikk gravd fram frå folkemusikkarkiv, bygdebøker og slåttesamlingar. Ideane tok eg med meg vidare i skrivinga for bandet som vi kompletterte med Sigrid Moldestad og Torstein Slåen. Tanken var at eg ville lage ei musikalsk gåve som dei med tilknytning til bygda kunne kjenne tilhørighet i, samtidig som at musikken i seg sjølv skulle vere både tidsaktuell, genuin og like aktuell uansett kor i verda den blir spelt» – Camilla Hole.

Musikere

Camilla Hole - saxofon og div blåseinstrument
Knut Kvifte Nesheim - trommer og vibrafon
Egil Kalman - kontrabass og modulær synth
Sigrid Moldestad - feler og vokal
Torstein Slåen - gitar og banjo

Lenker

Fra forsiden

Nyheter

Storbandprisen til Pål Vinland

Musiker, organisator og styreleder i Ski Storband, Pål Vinland, er hedret med Storbandprisen 2026. Vinland er brennende entusiastisk for miljøet og musikken som helhet, og har bidratt både til kunstnerisk utvikling, unike publikumsopplevelser og ikke minst til å rekruttere fremtidige musikanter, uttaler Norsk jazzforum i sin begrunnelse for tildelingen.

Now's the time

NTT: Slått til lyst

Ingfrid Breie Nyhus spiller slåtter på piano, Oscar Andreas Haug triodebuterer, Dokkhuset feirer 20 år og Sidiki Camara + Reolô er ute med ny musikk.

Meld deg på vårt nyhetsbrev