13. september 2024

Baker Hansen
Ein song som liknar oss

Om utgivelsen

(liner notes)

Låtskrivarar er like beundringsverdige som lyrikarar

Låtskriving er ordkunst, nett slik som poesi og skjønnlitteratur er det (bør vera det; det er ikkje alltid tilfellet). Så der er ingen skilnad – men dét vert ikkje ofte trekt fram, så eg gjer det. Det som skil, er sjangeren – lyrikk er for lesing og opplesing, låt-tekster høyrer musikkverda til.

Difor var det akkurat som det skulle, at Bob Dylan fekk Nobels litteraturpris i 2016. Og – difor er låt-omsetjing på høgde med poesi-omsetjing. Eller omsetjing av salmar, til kyrkje-bruk. Prestasjonen til låtomsetjaren er like imponerande som det lyrikkomsetjaren gjer. Men den sistnemnde får ofte smykka tekstene sine med ordet ‘gjendikting’. Trass i at låtomsetjarar òg er ‘gjendiktarar’, ingen diskusjon. Gjendiktarane får merksemd i finkulturen, låtomsetjarane knapt ingen.

Då eg, ein kveld i Odda, sette meg til å omsetja den franske songteksten C’est une chanson qui nous ressemble, skriven av lyrikaren Jacques Prévert (1900 –77), var det med ei blanding av driv og age. Edith Piaf og Yves Montand hadde gjort songen kjend internasjonalt. Eit ufråvikeleg krav er å treffa fullstendig med talet på stavingar. Dessutan må du ha øyra for ‘tonen’ og dei underliggjande kjenslene meir enn dei overflatiske orda i originalteksta.

Det er ein song som liknar oss …
og havet vaskar ut i sand,
fotefara etter to på ei strand.

Eg var både audmjuk og nøgd då Baker Hansen framførte songen på norsk, ein kveld i Ål.

Sylfest Lomheim
Språkvitar og gjendiktar

Musikere

Sigurd Rotvik Tunestveit - vokal og gjendikting
Erling Skorpen - trompet
Kjetil Jerve - piano og keyboard
Stian Andreas Egeland Andersen - kontrabass
Tore Flatjord - trommer, congas og perkusjon

Lenker

Fra forsiden

Moldejazz 2024 - dag 3 og 4

Folkefesten og jazzen møtes i kveldssola

FESTIVAL: Moldejazz på onsdag og torsdag går fra sur vind til godvær, Jaap Blonk fascinerer både ute og inne, Lightning Trio, Bliss Quintet, Schemes og Coincidences møtes i Jazzintro-finalen, Bill Frisell finner vrengpedalen og den store og den lille festivalen møtes på takterrassen i ellevetiden om kvelden.

Meld deg på vårt nyhetsbrev