21. mars 2025

Ingebjørg Loe Bjørnstad feat. Frode Haltli/Håkon Aase
Duv

Om utgivelsen

Vinteren 2024 inviterte vokalisten Ingebjørg Loe Bjørnstad med seg Frode Haltli (trekkspel) og Håkon Aase (fiolin) til Øra studio i Trondheim for å spela inn låtane hennar. Teknikar Kyrre Laastad samla alle i eitt rom og la til rette for ei live innspeling med eit intimt og kammermusikalsk lydbilete. I løpet av tre dagar spela dei inn 11 låtar, og musikarane sin eigenart og det organiske samspelet har fått god plass på innspelinga.

Utøvarane sin bakgrunn frå jazz, samtidsmusikk og folkemusikk kan høyrast i komposisjonane og arrangementa. Tekstane krinsar rundt kroppslege uttrykk for kjensler, og skildrar dualitetar knytta til vald og sensualitet, det vakre og stygge, einsemd og fellesskap. I tillegg til sine eigne låtar har Ingebjørg fått låna tre melodiar av Håkon Thelin, Sondre Meisfjord og Trygve Seim som ho har sett tekstar til. Noko av materialet er arrangert av Ingebjørg i forkant av innspelinga, og noko er utarbeidd i studio i felleskap av dei tre musikarane.

Musikere

Ingebjørg Loe Bjørnstad - Stemme
Frode Haltli - Trekkspel
Håkon Aase - Fiolin

Lenker

Fra forsiden

Moldejazz 2026 - del 3

Roseblader og en gjenglemt cowboyhatt

FESTIVAL: Tredje og siste rapport fra Moldejazz inneholder omtaler av esperanza spaldings residency på godt og vondt, Cécile McLorin Salvant, Brandee Younger, Shabaka, Sofi-O, Lauvdal/Fosheim og Sakte, fallende i tillegg til spredte inntrykk i listeform.

Moldejazz 2026 - del 2

I den svale skyggen av Miles og Trane

FESTIVAL: Rapport 2 fra Moldejazz: Hvordan skal vi feire hundreårsjubileene til Miles Davis og John Coltrane? To konserter på Moldejazz prøver og feiler. Men det finnes nok av andre musikalske øyeblikk som viser effekten de fremdeles har på musikken.

Meld deg på vårt nyhetsbrev